blue BOOM detergent paste

Jepp, vaskedag. Her er det ikkje vaskemaskin og tørketrommel, nei her er det baljar og tørkesnor. Faktisk ikkje så gale, og det tørkar fort!! Om eg blir lei iløpet av den tida eg skal vere her, stor sjanse for det, og eg er glad det berre er midlertidig, men er heilt greit! Fin måte å få litt brunfarge og.

Vaskemiddelet. Veldig upraktisk, for det løysar eg ikkje opp. Kjøpe pulver neste gang.
Vaskemiddelet. Veldig upraktisk, for det løysar seg ikkje heilt opp. Kjøpe pulver neste gang.
Vaskestasjonen. I den blå næraste har eg vaskemiddel oppi og vaskar. I Den grøn skyllar eg det eg har vaska før eg heng det opp.
Vaskestasjonen. I den blå næraste har eg vaskemiddel oppi og vaskar. I Den grøn skyllar eg det eg har vaska før eg heng det opp. Den blå bak brukar eg ikkje, heller ikkje alt anna som ligg rundt. Når du tømmar ut vatnet så renn det ut bak den gule flaska, og vatnar sitrontrea! To sitrontre i bakhagen.
Klesvasken frå ein dag før. I dag stod eigaran sin bil foran så det vart ikkje noko bilete.
Klesvasken frå ein dag før. I dag stod eigaran sin bil foran så det vart ikkje noko bilete.
Her er dagens klesvask.
Her er dagens klesvask. Kjøpt meg deilig varm teppe (ja det er kaldt med ac om natta), men det loa sånn, så tester ut om det blir betre viss eg vaskar det. Det trur eg ikkje, for når eg vrei det opp vart eg ganske loete på hendene. Er vertfall veldig fint! Det treng nok ei stund å tørke trur eg. Må nok henge ute til kvelden. Må huske å ta det inn før vi reiser på middag i dag. To lærara frå Sogndal er her nede for å besøke sine studentar, så då besøkar dei oss og sidan det ikkje kjem noko frå Førde denne gongen, dei har invitert alle studentane på middag i kveld. Er ingen krise viss eg ikkje tar det inn heller V og S (dei som byttar på å «bu med oss») hentar inn det som er tørt og, så ingen fare. Likevel grett å ta det sjølv synst eg.
Der vekst tre mais i hagen bak snorene. Du ser der er dei med hår, to brunetter og ei med raudt hår. I går var vi invitert til ei som av i Norge på utveksling, ho serverte blant anne mais til oss frå sin eigen hage. Veldig kult.
Der vekst tre mais i hagen bak snorene. Du ser det er dei med hår, to brunetter og ei med raudt hår. I går var vi invitert til ei som var i Norge på utveksling, ho serverte blant anne mais til oss frå sin eigen hage. Veldig kult. Eigarane ved sidan av oss har også masse mais i sin hage.
En fin en som satt på døra bakhuset i går.
En fin en som satt på døra til bakhuset i går. Der fire av jenten søv. I morgon er det rombytte, så kan vere det er her oppe eg skal sove framover.
Fin blomst i ei busk på veg til bakgahen.
Fin blomst i ei busk på veg til bakhagen.
Denne er framfor huset. Skulle vore klar, men var eigentlig fin slik og.
Denne er framfor huset. Skulle vore klar, men var eigentlig fin slik og.

Manglar bilete av når eg vaskar, men det var ingen som kom forbi i dag, så det får bli ein annan gong. Eller det vil sei V kom forbi, men eg ville ikkje spørre han. Han synst sikkert eg er rar nok som det er frå før. Bilete av når ein vaskar kle er vel i snålaste laget, så det får eg spørre ein av jentene om.

Ellers i bakhagen er der duer, det er det rundt heile huset. Dei sitt utfor vindua våra og syng døgnet rundt. Eg syns det er kos, det er det ikkje alle som er einige i. På framsida av huset er det to som driv å laga reir oppå varmtvannstanken. Spørst om det blir miniduer her før vi reiser. Vertfall egg.

Skal fortelje om dei ulike salamander/gekko familiane vi har har ein dag og. Har ikkje sett kjernefamilien på nokre dagar, så lurar litt på kor dei er… håpar alt står bra til med dei.

No er det snart frukost tid, før det er bachelorjobbing (som betyr mykje internettpauser, så lenge internettet er her. Det er ikkje sikkert, det kjem av og på og går sakte, men er fornøgd så lenge eg har internett. Stortsett fungerar det bra. Skal snart til Mwandi, og då blir det to veker uten nett. Det blir uvant.), så middag i kveld.

– Marthe

Advertisements

2 thoughts on “blue BOOM detergent paste

  1. Sonja

    Ble veldig fascinert av vaskeposten 🙂 Flotte bilder, og – ja – sommerfuglbildet var veldig tøft!

  2. Camilla

    Så utrulig fin og koselig bloggpost! Kjente stemninga heilt hit til Oslo 🙂 sommarfuglbildet var heilt rått – berre fortsette ta mange bilder, ein rar mzungu er du uansett 😉 klem frå oss!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s