«Livet er ikke for amatørar» & «Som dagen er skal styrken vere»

På med uniformen og klar for første dag i praksis på mandagen.
På med uniformen og klar for første dag i praksis på mandagen.
Heile gjengen samla første dag. Bortsett fra ho som tok bildet.
Heile gjengen samla første dag. Bortsett fra ho som tok bildet. Vi går i «vanlige» sko, alle andre her nede går i små svarte ballerinasko.

Første veke i praksis er over, og det har vore utmattande, mest mentalt sett. Veka byrja på medisinsk, mannlig avdeling. Så vart det endringar i Time Table, så eigentleg skulle eg har vore på føden heile denne veka. Så vi fekk berre to dagar der, men valde å gå i dag også og (sjølv om vi eigentleg har fri på fredagar) slik av vi fekk tre dagar der vertfall.

Heilt ærlig så hugsar eg minimalt frå dei to dagane på medisin, for dei tre dagane på føden har gjort sånn inntrykk, på god og vondt. Så eg kan ikkje tenkje meg at dei andre avdelingane eg skal på kan gjere like stort inntrykk.

Eg har opplevd å få ta imot ein liten baby. Helt utrulig givande og eg var smilande og glad heile dagen. Tenk det da, å få moglegheita til å vere jordmor for en dag. Trengte litt hjelp for å få ut skuldrane til babyen, for eg ville ikkje akkurat dra babyen i hovudet, men så tok eg over igjen og var den første til å ønske jenta velkomme til verda. Helt utrulig opplevelse. Helt sjukt faktisk!

Så har eg dessverre opplevd at to babyar vi (vi tre som er på gruppe ilag i praksis) har blitt kjent med ikkje har overlevd. Den første babyen pusta dårleg, mykje skittent forstervatn i lungen som helsepersonell ikkje hadde fjerna ordentlig etter han kom etter keisersnitt. Så han låg lenge med det. Vi talte alt frå 15 sekund til 3 minutt mellom kvar gong han pusta, og når han først pusta var det berre eit gisp. Utrulig vondt. Følar mange ikkje bryr seg om pasientane. Både mor og barn. Heldigvis er der noko som er veldig flinke og faktisk gjer noko, baggar, gir kompresjonar, heng opp væske og prøver å gjere noko. Dessverre overlevde ikkje babyen natta… stakkars mora, vi var inne hos ho i dag. Ansiktet hennar glømmar eg aldri. Sit der i eit rom med mange mødre som har sine babyar rundt seg, og så har ho ingen. Var på alder med meg. Ho kunne nesten ikkje skrive. Hadde barnet overlevd er sjansen stor for at babyen hadde hatt hjerneskadar.

Vi vart og kjent med ei anna mor som skulle til keisersnitt, då der var komplikasjonar i graviditeten som gjort at ungen måtte tas ut. Denne babyen fekk aldri puste. Det var så vondt. Dei hadde prøvd å få liv i babyen, det gått over ti minutt og så tok han av seg handskane, og gjekk. Ein som var der (veit ikkje kva yrke alle her) sjukepleiar eller jordfar, skrudde av oksygentilførselen, skrudde av lyset på «senga» som babyen låg i, og skrudde av resten av «senga». Så låg babyen der i mørket og stillhet. Liten og bleik. Han pakka teppet rundt ungen, men en liten bleik fot hang fortsatt ut. Klarar ikkje få det bilete ut av hovudet. Så liten. Så fekk mora sjå barnet sitt og fekk beskjeden medan ho framleis ligg å blir sydd igjen. I tillegg etter dette så seier operasjonssjukpleiaren «I wish every day could be like this», ikkje veit eg kva ho sikta til (sikkert sjølve operasjonen, eller kirurgen eller eg veit ikkje kva), men eg skulle ikkje ønskje at alle dagar var som denne… Seinare ligg mora og skjelv av at ho frys aleine i gangen mellom operasjonssalen og sjukehusgange. Fattar det ikkje. Eg bad om å få eit teppe til ho, men fekk beskjed om å gå til avdelinga å hente sjukepleiar som kunne kome og ta ho med tilbake til avdelinga. Fekk gitt beskjed og dei to eg er på avdeling med gav eg beskjed om at måtte passe på at han kom etter, så gjekk eg tilbake til mora å prøvde å varme ho medan vi venta. Likte ikkje at ho låg der helt aleine og fraus.

I mitt rett element på veg inn til operasjonssalen. Iført jordmor
I mitt rette element på veg inn til operasjonssalen. Iført jordmor»omslagskjole» og flotte gummistøvla. Veldig kledelig. I går når vi var der tok eg «kjolen» på feil veg, så fekk beskjed om å gå å ta den på andre vegen. Ikkje lett å vite altså! I dag vart det rett på første forsøk.

Pasientmedfølelse er det mange som manglar synst eg. Blir så irritert av og til! Går det virkelig ann. Står og ler og skøyar og pratar over hovdet på pasientar som nettopp har mista barnet sitt, let dei ligge aleine, gir ikkje informasjon, kjeftar på kvinner som ligg med rier og gir beskjed om at viss dei ikkje samarbeidar (som var å flytte på føtene under ein undersøkelse fordi ho har smerter) får dei greie seg sjølv! … der er heldigvis mange flinke og flotte der og, men det er alltid det negavite som gir størst inntrykk, for det er så annleis enn vi er vand med. Dei kan umulig har etikkundervisnig her. I såfall veit dei ikkje kva det dreiar seg om.

Uff og uff..

Frå gledens dag på onsdag, så går det berre nedover.. men det er vel realiteten her. Dessverre.

Er glad for at eg har mange i huset, for då er der alltid nokon å snakke med. Letter litt på det, så får det berre bli eit par tårar. Så er eg så glad for at vi er tre ilag på avdelingane, da er der alltid noko som har opplev det same som du.

I helga skal vi vertfall finne på kjekke ting, for det er så få helger igjen i Livingstone! Så følg med, så blir det et litt kjekkare innlegg om litt. Opp tidlig, tidlig i morga for å vere klar til avreise 06.15. Satsar på å få sove lenger enn 0600 på søndag, for det har vore tidleg morgon kvar dag no. Men det går fint. Praksis er spennande og kjekt. Skal resten av vekene gå like fort, så vips er eg i Norge igjen. Ikkje klar for det enda.

Er kaldt her for tida.. frys faktisk! Sånn skal det ikkje vere i Afrika… savnar sola! Blir ikkje mykje brun av det her! Jaja. Eg har det veldig bra, så skal ikkje klage på litt regn, vind og overskya vær (men det bør bli betre snart synst eg).

– Marthe

Advertisements

2 thoughts on “«Livet er ikke for amatørar» & «Som dagen er skal styrken vere»

  1. Camilla

    Wow.. For et blogginnlegg. Her rann tårene mine når ej las det – mens den friske babyen min sprella i magen.. Du e heilt rå, altså! Så glad du fekk ta imot en liten baby også, oppi alt 🙂 kult!! og at dåkke tek vare på kvarandre og fe bearbeida dei sterke inntrykka litt. Ser fram til fleire kjempebra innlegg! 🙂 Stå på!

  2. Sonja

    Nå triller tårene, for en kontrast! Du er så omtenksom og reflektert og jeg er så vanvittig stolt av deg! ❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s