Victoria Falls

Sidan sist har eg blitt 22 år. Feira med å ete middag ute med jentene. Var veldig koselig!

I helga var eg endelig å såg Victoria Falls på dagtid, tidlegare har eg berre vore der om kvelden å sett lunar rainbow. Var ikkje så masse eg såg av sjølve fossen, men eg kjente den vertfall veldig godt! Veldig kjekt å ha vore der endelig. Vi som reiste utover ilag tok og turen over til Zimbabwe for å ete lunch, så har eg vore der og (så det betyr at eg har vore innom fem land på denne turen når eg reiser heim, hurra! Var det eg håpa på.). Vi burde ha reist og sett fossen frå Zimbabwe sida når vi først var der, men det fant vi ut litt for seint. Så då må eg reise dit igjen ein anna gong, på ein annan tur.

Litt bilder frå fossen:

Veldig fint.
Veldig fin foss.
...
Gjengen som reiste til fossen denne dagen. I dei fine kappen vi leigde for å sleppe å bli så blaute, ettersom vi ikkje skulle heim med ein gong etterpå så var det greit å ha kappe på. Vart no litt blaut likevel, men ikkje så ille vertfall.
Gjengen som reiste til fossen denne dagen. I dei fine kappen vi leigde for å sleppe å bli så blaute, ettersom vi ikkje skulle heim med ein gong etterpå så var det greit å ha kappe på. Vart no litt blaut likevel, men ikkje så ille vertfall.
...
...
...
Sånn kjennast det ut å gå forbi fossen. Vått!
Sånn kjennast det ut å gå forbi fossen. Vått!
Det letta litt så fekk sett litt meir av fossen gjennom dråpane.
Det letta litt så fekk sett litt meir av fossen gjennom dråpane.
Nydelig regnboge.
Nydelig regnboge.
Frå denne brua var det ei av jentene som hoppa. Tøft gjort! Eg hadde aldri turt. Var ei av dei andre jentene som gjorde det helga før og. Det er her grensa mellom Zambia og Zimbabwe er. Brua deler det liksom i to sånn eg forsto det, men eit stykke frå brua og mot Zimbabwe er det ingenmannsland. Så då har eg vore ingen plass og.
Frå denne brua var det ei av jentene som hoppa. Tøft gjort! Eg hadde aldri turt. Var ei som gjorde det helga før og.
Det er her grensa mellom Zambia og Zimbabwe er. Brua deler det liksom i to sånn eg forsto det, men eit stykke frå brua og mot Zimbabwe er det ingenmannsland. Så då har eg vore ingen plass og.
Her ser ein to av
Her ser ein litt av tausystemet for to av «banene» ein kunne gjere. Slide og swing.
111m ned er det dei hoppar.
111m ned er det dei hoppar.
Bungee!
Bungee!
Utsikta av fossen frå brua.
Utsikta av fossen frå brua.
Der var mange bavianar ved fossen og på vegen til og frå brua. Dei var litt for store og litt for skumle, vertfall når dei gjekk mot deg. Vi var nok litt pysete... Dei små var veldig søte da!
Der var mange bavianar ved fossen og på vegen til og frå brua. Dei var litt for store og litt for skumle, vertfall når dei gjekk mot deg. Vi var nok litt pysete (noken av oss vertfall…). Dei små var veldig søte da!
Til Zimbabwe for å ete lunch.
Til Zimbabwe for å ete lunch.
...
Tilbake.

Tenkjer å lage eit nytt innlegg om praksis frå sjukehuset i morgon.

-Marthe

Advertisements

One thought on “Victoria Falls

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s