Oppdatering frå praksis

Sidan sist har eg vore på kirurgisk, pediatrisk og medisinsk kvinnelig avdeling. Etter veka på føden var hovudet mitt veldig overfylt og sjølv om eg møtte mange triste skjebnar på kirurgisk avdeling veka etter så var det eigentleg ingenting som gjekk veldig inn på meg. Det var rett og slett fult, og det er begrensa kor mykje ein kan ta inn over seg.

Sjølv om eg ikkje klara å ta alt inn over meg så var det likevel ting eg hugsar. Spesielt mangel på at pasientane får smertestilland før smertefulle sårstell blant anna. Ei jente hadde fått eit slangebitt i foten, og familien hadde knytt eit band nede på foten for å unngå at gifta skulle spreie seg. Etter først ei veke kom dei til sjukehuset, og jenta måtte amputere foten. Ikkje på grunn av slangebittet, men fordi bandet var så hardt knytt at foten ikkje fekk oksygenforsyning lenger og vevet døde. Jenta fekk ikkje smertestillande når legen tok av bandasjen og skulle reinse. Eg skulle helle over vatnet på såret, og det var ikkje noke kjekt. Stakkar jenta grein og hylte. Virkelig ikkje noke kjekt å vere med på… Slik var det med dei fleste såra, ingen smertestillande og store smerter for pasientane. På avdeling er der og ein pasienten som ha vore der medan vi alle har vore på sjukehuset, han hadde blitt dytta framfor eit tog og amputert begge beina frå hofta og ned. Her var det heler ikkje smertestillande før sårstell. Det som gjor mest inntrykk på med på denne avdelinga var då eg og Olianne stod attmed ein pasient, så skulle vi gå og vart vinka inn av pårørande til ein eldre mann som var innlagt. Då var han dø. Så han døde kanskje medan vi stod ved nabopasienten. Det var veldig rart og litt ekkelt. Har ikkje opplevd dødsfall på jobb så nært før. Har liksom alltid vore at eg har kome dagen etter og fått vite at pasienten er død, men eg har aldri vore der når det har skjedd. Det var så rart sånn dei gjor det med pasienten etterpå. Dei bandt tau rundt henda og føtene, bretta rundt teppet og bandt nye tau. Under halsen, skuldre, mage, hofte, kne og føter. Så hang dei på tre lappar der det var skrive opp diverse opplysningar. Eg var glad for at dei faktisk skjerma pasienten ved å ta ned forheng, men elles synst eg dette var ein rar måte å gjere ting på.

Veka etter var eg på pediatrisk avdeling, og her var det lite vi fekk gjere. Tok storsett berre målingar heile veka og stod rett opp og ned og såg på. Mange sjuke barn, og fleire dødsfall i løpet av veka. Fekk på ein måte ikkje noko forhold til pasientane her heller, slik var det på kirurgisk og. Foreldra var veldig hyggelige da, og det var ei ok veke. Hugsar eigentleg ikkje så mykje frå denne veka. Hugsar at der var ei lite jente (trur det var ei jente vertfall, var ikkje så lett å sjå), som var så underernært at ho ikkje såg ut som eit barn eller menneske lenger. Det var skjelett med hud. Ho var så redd når ho såg oss og, så ho skreik og det var nesten skummelt å sjå på når ho var så tynn. Vi lurte på kor gammal ho var, og skulle sjekke det dagen etter, men då hadde ho dødd i løpet av natta. Det er så rart når dei er i live dagen før og er vakne, og skrik og alt, så dagen etter så er dei ikkje meir. Ein anna ting som var ubehagelig denne veka av ein gut, som heller ikkje klarte seg, han fekk oksygen som gjekk på straum, men så gjekk straumen i avdelinga… Det var veldig ekkelt. Oksygenkolbanen var tomme slik eg forstod det, så da hadde han ikkje oksygen før straumen kom tilbake ei stund seinare.

Denne siste veka har eg vore på medisinsk, kvinneleg avdeling, og det har vore ei veldig fin avslutning på praksis på sjukehuset. Det har vore sjukepleiestudentar på avdeling denne veka, som går på Livingstone school of nursing. Så det er dei som styrar og gjer alt i avdelinga. Så systemet var då annleis enn dei andre avdelingene vi har vore på. Der vi har følgt etter sjukepleiarar og legar alle vekene og sett og hørt på kva dei gjer. Denne vake var det då slik av alle var satt opp på ein eller to pasientar saman med ein anna student. Så då hadde ein alt ansvar for den pasienten. Så denne veka har eg fått gjor noko for nokon, og det har vore veldig godt. Sett at dei har satt pris på hjelpa, og faktisk fått vore litt sjukepleiar. I går som då var siste dag stod det bra til med alle dei damene eg hadde vore med denne veka. To av dei vart utskrive, og ho siste såg så mykje betre ut etter eg fekk hjelpt ho å få vaska seg. Ho hadde vore sjuk i ein månads tid før ho kom til sjukehuset. Når ho låg i senga var det masse fluger rundt, og ho var klam i kleda og skitten. Ein såg sånn forskjell etter vi hjalp på opp og ut på badet der vi hjalp ho å få vakse seg, ho fekk pussa tenner og fått på seg ein rein genser. Ho takka for hjelpa og smilte. Hjalp ho så ho satt godt i senga, ho fekk i seg mat og fekk kvilt seg utan så mykje fluger overalt. Det var så godt å sjå kor lite som faktisk skal til for at pasienten har det betre. Så ein veldig fin avslutting på sjukehuspraksisen. Eigentleg berre denne siste veka eg har fått gjort noko ordentlig, følt meg nyttig. Sjukepleiestudentane her er og veldig flinke, og alle lærar dei det grunnleggande. På dei andre avdelingane har eg ikkje sett stell og ivaretaking av pasientane på same måten som på medisinsk, men eg trur det må vere fordi der er så mange pasientar i forhold til pleiarar at dei ikkje har tid til å gjere alt som trengs. For studentane gjer det, så det er sikkert slik som det er i Norge, at der er så mange andre ting sjukepleiar og må gjere at ein ikkje alltid har tid til alt. Ikkje i same grad som her nede, men får litt meir forståing for det når ein ser at studentane gjer det og har tid. Viss det vart forståelig formulert.

No er det vertfall siste innspurt før innlevering av bachelor i dag, så er det over og ein sleppe å tenke meir på den. Så blir det ny utflukt i helga, gler meg veldig til den! Før to nye veker i praksis etterpå, men veit ikkje kva vi skal gjere eller kor vi skal vere, for dette er Afrika, og da er ikkje alt klart sjølv om ein trudde det.

– Marthe

Advertisements

One thought on “Oppdatering frå praksis

  1. Sonja

    Forstår godt at hodet blir fullt, mange opplevelser og erfaringer. Takk for at du deler med oss, klem ❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s