Leaving Africa…?

Sidan sist har eg reist frå Livingstone, reist med buss til Lusaka, hovudstaden i Zambia. Det var visst når eg satt med på bussen og reiste frå Livingstone at eg reiste frå Afrika. Lusaka var veldig annleis, der var kjøpesenter, caféar, masse bilar og folk på litt for liten plass. Veldig annleis. Budde på Lusaka backbackers, og det var heilt greitt. Likte meg faktisk godt, så er visst ikkje så kresen på standard som eg trudde. Så det er eg glad for.

Dagen etter var 17.mai, og den feira vi hos den norske Ambassaden i Lusaka. Det var kjempekjekt. Der var til og med importerte knekkpølser frå Norge, dei beste pølsene eg har smakt trur eg. Eggerøre, røykelaks og fiskekaker var også importert. Så var det eplekake og anna til dessert. Det var eit par talar, barneleikar med potetløp, sekkeløp, bokskasting og diverse. Både for store og små. Ambassadøren var og med på leikane, det var litt artig. Før maten så var det tog, eg har alltid synst det er så teit med desse innslaga dei sender heime frå 17.mai andre plassar i verden der nordmenn går i tog i utlandet, og eg synst det er teit enda, men no har eg faktisk gjort det sjølv! Det var politikorpset som spelte, til og meg «Norge i rødt, hvitt og blått». Hurrarop i toget og alt som høyre med. På ettermiddag og kvelden var vi hos ei som jobba i ambassaden, og fekk med oss restematen dit. Vellykka 17.mai, sjølv om eg ikkje hadde bunad eller var heime.

Bunad bytta ut med kjole i år.
Bunad bytta ut med kjole i år.
Masse norske flagg som vi kunne låne når vi skulle gå i tog.
Masse norske flagg som vi kunne låne når vi skulle gå i tog.
Hipp Hurra!
Hipp Hurra!

Dagen etter var vi på kino på kvelden. Det var veldig gøy, og det var nesten ingen i salen, så ein kunne sitte der ein ville. Kjekt å vere på kino, koste meg veldig. Fekk kjøpt take away kaffe utanfor, så ikkje akkurat Afrika lenger. Eigentelg greitt, godt å vere litt turist og.

Før på dagen satt eg slik nokre timar. Bra start på ferien.
Før på dagen satt eg slik nokre timar. Bra start på ferien.

Dagen etter tok vi fly frå Lusaka til Dar es Salaam, Tanzania. Vart henta av taxien frå hotellet vi skulle sove på. Det var veldig greitt å sleppe å ordne med transport og alt der. Tryggast og enklast å gjere det slik. Så det gjekk veldig fint, han ordna og fergebilettar for oss til dagen etter. Dar er ein stor by, og den følast ikkje afrikansk. Veit ikkje heilt korleis dei følast. Hotellet var ok, hørte litt dårleg om det så hadde litt dårleg inntrykk då eg kom, men var ikkje så ille som eg hadde frykta. I gatene var det litt skummelt og, var advart om å ta opp telefon eller liknande for då kunne du bli tatt frå. Så gjekk med litt heva skuldrer og haldt godt om veska, men gjekk bra det og. Åt mat og tidleg tilbake til hotellet.

Fly over Dar, ein veldig stor by.
Fly over Dar, ein veldig stor by. Ser ikkje sånn ut på dette bilete, men i andre retningen så strakk det seg langt.
Utsikt frå taket utanfor rommet. Einaste bielta eg tok i Dar var frå her, ettersom vi var advart om å ta opp ting ute i gatene så turde eg ikkje ta bileter der. Får litt intrykk av korleis byen er frå bilete likevel. Trange gater, masse folk, lyd og rusk.
Utsikt frå taket utanfor rommet. Einaste bielta eg tok i Dar var frå her, ettersom vi var advart om å ta opp ting ute i gatene så turde eg ikkje ta bileter der. Får litt intrykk av korleis byen er frå bilete likevel. Trange gater, masse folk, lyd og rusk. Vertfall der vi var.

Så reiste vi med båt frå Dar til Zanzibar, Stone Town. Likte meg godt i Stone Town, fint. Masse bodar men alt for mange som masa. Lei av å bli prata til støtt, mozungos får ikkje fred!! så har blitt litt mindre hyggelig den siste tida. Like greitt. I Stone Town møtte vi igjen resten av jentene. Dagen etter så reiste eg og åtte andre nordover, og har no kome til Kendwa Rocks. Pruta oss ned i pris. Såg innom mange plassar å bu oppover og enda her. Det er ikkje turistsesong no, så det er veldig lite folk og stille. Så blir spennande å sjå kor det blir. Blir berre her nokre dagar før vi reiser nedover til aust. Denne dagen var det vertfall masse regn (er enno regnsesong på Zanzibar, ut mai), så håpar veldig på finevær framover. Har lyst å slappe av, sole meg og bade.

Bilete frå området vi bur i no. Har berre tatt bilete får når det har vore overskya eller regn her (som det har vore mykje av tida), men i morgon er det meldt bra. Så får prøve på eit solbilete då.
Bilete frå området vi bur i no. Har berre tatt bilete får når det har vore overskya eller regn her (som det har vore mykje av tida), men i morgon er det meldt bra. Så får prøve på eit solbilete då.

Pengane her er innvikla, så her kostar det fleire tusen for ting. Berre minibank i Stone Town, så det var litt rart å ta ut fleire hundre tusen i minibanken for å ha til ein del av turen vertfall. Ei lita flaske vatn kostar 1000 TZS. Så er veldig forvirrande, men blir vel vand med det. Har vore vekkskjemd med kwacha som er omtrent det same som ei norsk krone. Her er 1 NOK det samme som 279 TZS.

No i dag har det innimellom to – tre kraftige regnbyger og nokre dråpar utanom desse vore fantastisk. Dagen starta med herlig hotellfrukost og så soling på stranda, fått litt farge og fått bada. Endelig! Fekk den feriefølelsen eg har venta på, så det var deilig. Vi blir her til søndag er planen. I morgon er det meldt mykje betre vær, så det blir herlig viss det stemmer! Etterlengta ferie, og deilig å ha ein dag der eg ikkje flyttar på meg. Her er der den femte plassen eg søv på ei veke (Livingstone, Lusaka, Dar es Salaam, Stone Town og Kendwa Rocks). Så blir godt med nokon dagar på same plassen.

Lite nett den siste tida, og blir sikkert det framover og, men dette var vertfall eit lite livsteikn.

– Marthe

Advertisements

One thought on “Leaving Africa…?

  1. Sonja

    For et eventyr! Veldig kjekt å lese og sjå de fine bildene du legger ut. Gleder meg til å høre alt du opplever – så du må ikke glemme en eneste ting! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s