Karafuu

Zanzibar er litt annleis enn ein tenker, for det høyrast ut som en paradis plass. Det er kjempefint på hotellområda, men utanfor hotellets fire vegger så er det «vanlig» Afrika. Altså meir fattigdom, små hus. Slik Afrika som eg har vore vand med. Litt betre er det kanskje, men det er ikkje paradis på heile øya. Då vi kom til Zanzibar og nærma oss der vi først tenkte vi skulle bu, så var det ikkje som vi hadde forventa, nettopp fordi det er Afrika i byane. Så alle vart vi skuffa og lurte på kvar vi hadde reist. Vi trudde vi kom til kvite strender og palmar over alt vi såg, men det bor jo folk her og. Det var regn og overskya første dagen og, så det gjor det ikkje så mykje finare heller. I tillegg så er det utanfor sesong, så vi såg ingen turistar. Vi har funne fine plassar å bu, så vi har det fantastisk no. Kjipt å reise herifrå, utrulig deilig å sole seg og bade kvar dag. Har flytta oss litt lenger sør no, og har vore nokre dagar no på Karafuu hotell. Vi er seks stykk som blir her til mandag.

På Zanzibar er det muslimar, og alle som bur har går tildekka. Sjølv jenter ned i tre er kledd som jentene på bilde. Dei små babyane sminkar dei rundt augene.
På Zanzibar er det muslimar, og alle som bur har går tildekka. Sjølv jenter ned i tre er kledd som jentene på bilde. Dei små babyane sminkar dei rundt augene og teiknar på bryn på dei. Merkelig.
Eit vegkryss.
Eit vegkryss på vegen sør over. Prøve å ta bilete av mannen på sykkel, men bilen svinga feil veg.
Hus.
Hus.
Postkort frå Zanzibar!
Postkort frå Zanzibar!
Fine skjell og konkylier på stranda.
Fine skjell og konkylier på stranda.
Apen ser vi kvar dag. Her til frukost, han la seg ned på ein av stolpane, og der låg han. Rett bak bordet vårt. Koselig.
Apen ser vi omtrent kvar dag. Her til frukost, han la seg ned på ein av stolpane, og der låg han. Rett bak bordet vårt. Koselig.
Det tek lang tid før vatnet nær stranda på dagen. Der er laga veg utover, og i enden er det helt nydelig å bade. Berre sand.
Det tek lang tid før vatnet når stranda på dagen. Der er laga veg utover, og i enden er det helt nydelig å bade. Berre sand.
...
Kan ikkje klage.
Huset eg bur i. Veldig fint på hotellområdet her.
Huset eg bur i. Er veldig fint på hotellområdet her.
Her er alt for god mat. Buffè til frukost og middag har eg ikkje godt av, men skal ikkje klage. Kjempegod mat.
Her er alt for god mat. Buffè til frukost og middag har eg ikkje godt av, men deilig er det.

På tirsdag reiser vi frå Zanzibar og tilbake til Dar es Salaam, og tidleg på onsdag så sett vi oss på flyet til Cape Town, som er siste stopp før vi reiser heim til Norge. Det har gått veldig fort desse tre månadane eigentleg, sjølv om det følast som eg har vore vekke veldig lenge. Opplevd veldig mykje forskjellig, og det er veldig store kontrastar i det eg har sett og vore med på. Slik det skal vere.

– Marthe

Advertisements

One thought on “Karafuu

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s