Frivillig arbeid med dyr i Afrika og Asia

Om tre mnd  så reiser eg til Sør-Afrika for å jobbe som frivillig på eit dyrereservat, der er det hovudsakelig kattedyr. Ein mnd etter så reiser eg til Thailand, til eit Wildlife Rescue Centre, der er fuglar, bjørnar, mindre kattedyr – litt forskjellig. Som eg gler meg! Har bestilit reise gjennom kilroy, og vi er tilsammen 8 jenter som skal på denne fellesreisa. Blir utrulig kjekt. Var eigentlig litt spontat at eg bestilte tur. Er litt i villråde på kva eg skal bruke kvardagane mine på, kvar og kva eg vil jobbe med. Så eg skal slutte der eg jobbar no, og så reiser eg på tur for så å finne ut av kvar eg skal gjere av meg når eg kjem tilbake. Det er også no eg har sjansen til å finne på slikt, når eg har funne ein jobbe eg trivast i så er det ikkje så lett å berre slutte og reise sin veg for eit par mnd, så det blir litt no eller aldri. Så da blir det no! Derfor blir det jobbing i heile sommar, så susar eg til det store utland igjen i slutten av september.

fellesreise

Eg skal vere tre veker på kvar av reservata. I tillegg har vi ei veke i Cape Town (så kjekt å reise tilbake dit og få gjere det eg ikkje fekk gjort sist), og ei veke i Thailand på slutten der vi kan gjere det vi vil. Det er også innlagt safari i Kruger national park, tur til Soweto i Johannesburg og eit par dagar i Bangkok. Skal bli spennande å oppleve Thailand, nytt land og ny kultur. Så kjem eg heim til desember og julestemning. Så da blir ikkje 2015 så verst likevel!

Heldigvis hadde eg tatt dei fleste vaksinen da eg reise til Afrika i fjor, så det stod berre igjen rabies og japansk encefalitt. Trur eg har alle reise vaskinene som finst sprøyta inn i meg no, så da bør eg vere godt beskytta. Er enda ei stund igjen til avreise, men eg håpar det går fort! Alle her gler eg til sommarferien, eg gler meg berre til den er ferdig! haha.

– Marthe 

Advertisements

4 thoughts on “Frivillig arbeid med dyr i Afrika og Asia

  1. Åh, så spennende dette høres ut! Har alltid drømt om å jobbe med de store kattedyrene på et slikt reservat i Afrika selv. Foreløpig har det blitt med drømmen, men jeg får prøve å få den oppfylt i årene som kommer.. 🙂

  2. Oi, så gøy! Jeg drømmer om å reise til Afrika for å jobbe med løver. Problemet er vel egentlig å finne tid til det når man studerer – vil jo gjerne gjøre det over en litt lengre periode. Gleder meg uansett masse til å lese om dine opplevelser, og ikke minst se bilder av de fantastiske skapningene!

    1. Ja det er ein liten drøm. Nei, ikkje så lett å finne tid til det alltid, for en vil jo vere der litt lenger enn ei veke. Håpar du får det til en gang! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s