Elefant som transportmiddel?

Kom heim frå turen min for snart to veker sidan. Har ikkje oppdater bloggen undervegs, rett og slett for at eg ikkje hadde lyst. Det var så godt å berre koble ut og legge vekk internett og alt. Tok ein månad før eg hadde lyst å leite fram Instagram igjen. Har hatt ein kjempe flott tur, og skal forsøke å legge ut litt innlegg framover. Det er berre regn ute i desse desember-dager, så da er det kjekt å ha noko å gjere inne.

Så til overskrifta

På det andre prosjektet eg jobba på, som var i Thailand, Wildlife Friends Foundation Of Thailand (WFFT), fekk eg ein del nye innblikk på kva dyr er og skal vere. Eg jobba på wildlife delen av prosjektet, men der var også ein elefant del på senteret. På begge var der dyr som var blitt redda etter å ha vore ein turistattraksjon. Ein Gibbon i skogen dansa kvar gang vi var der, for han var lært opp til å danse for å få mat. Ein oter laga masse lyd og stod ved gjerde sitt av samme grunn. Bjørnar som hadde masse overflødig hud etter å ha vore overvektige pga. at dei var tempelbjørnar, og blitt mata med masse usunn mat av menneskser som besøkte tempelet. Der var mange elefantar som var redda fra å vere transportmiddel for turistar. I Asia er dette eit veldig stort problem, og elefantane får ikkje noko god behandling. Dei blir slått, slag som gir sår og varige skader, dei går mange timar om dagen i ei steikande sol med turistar på ryggen – som berre er ute etter dei perfekte bileta å ta med heim. Tynne elefantar, med triste auger.

Nokre dagar før eg reiste frå senteret vart ein 60 år gammal elefant redda til WFFT, Lucky som ho heite hadde brukt mange av sine år som show elefant, og til å bære turistar på ryggen. Ho måtta gå 8 minutt for å få tak i vatn, ho kunne ikkje gå dit aleine for det låg på ein annan del enn der elefantane stod – i band, utan skygge. Altså kunne ikkje ho eller dei andre elefantane drikke når dei ville. Ho var i tillegg skremmande tynn. Veka etter eg reiste vart ein ny elefant henta frå ein tilsvarande plass.

Denne lærdommen fekk meg til å tenke. Det var berre 1,5 år sidan eg sjølv deltok på ein slik turistattraksjon, i Zambia. Eg trudde på den tida at dyra vi hadde interaction med hadde det bra, for det var det vi fekk vite når vi stilte spørsmål, men korleis kan eg vite det? Eg har sett på bileta i etterkant og tenkt, ser dei tynne ut? Kan eg hugse å ha sett noko vatn i nærleiken der vi møtte dei? Kor mange turar hadde dei med turistar kvar dag? Eg hugsar vi underøkte plassen i forkant og de verka som plassen hadde gode verdiar og tok godt vare på dyra. Eg kan ikkje anna enn å velge å tru på dette, og håpe at det er sant. Likevel kjem eg nok ikkje til å delta på denne typen turistattraksjon igjen, og kan ikkje anna enn å gi beskjeden vidare til andre der ute.

La dyr vere dyr.

Det er ikkje naturlig for elefantar å stå oppkledd i glitter og glam i eit show, det er ikkje naturlig å ri på dei. Det er ikkje naturlig å ha ein tiger i kjetting i eit tempel. Det er ikkje naturlig at ein ape dansar for mat.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Litt andre tankar om dette no enn sist // Zambia 2014
_DSC5961_red
Elefant i Kruger National Park // Sør-Afrika 2015

Så var det sagt, spre ordet! I Thailand spesielt er dette eit stort problem, og dei fleste turistar er ikkje klare over tilstanden til dyra, forholda dyra lev under, eller at dette ikkje er greit. Så ein må informere om det, lære det vidare for å få ein slutt på det. Så det er det eg har prøvd her. Det skal seiast at ikkje alle plassar er like ille.

Følg gjere WFFT på facebook for å få informasjon, og sjå framgangen til dyra som blir redda.

– Marthe

 

Advertisements

4 thoughts on “Elefant som transportmiddel?

  1. Jeg tror egentlig det er sunt å logge av Internett for en periode. Sist jeg var uten nettilgang over lang tid, var de tre ukene jeg var i Mellom-Amerika i desember/januar for snart et år siden. Det var egentlig ganske fint – men jeg må jo innrømme at jeg var fornøyd da jeg kom hjem og kunne «koble meg på verden» igjen… Gleder meg til å lese mer om opplevelsene du har hatt på turen i høst. For øvrig et viktig tema du tar opp i dette innlegget!

  2. Alle plasser er heldigvis ikke like ille, og noen er ikke ille i det hele tatt. I teorien skal det ikke være verre å ri på en elefant enn en hest, og vi vet jo at hester kan ha det helt topp selv om de blir brukt til ridning. Men så var det dette med å se forskjellen mellom de gode og dårlige plassene, og det er ikke alltid enkelt.. Man har sannsynligvis ikke så mye å sammenligne med, og det er derfor ikke så lett å vurdere om elefantene har det godt nok eller ikke. Sånn sett er det like greit å råde turister til å holde seg unna alt som heter elefantridning, kanskje særlig i Thailand.

    Selv red jeg på elefanter i Thailand, og der og da reagerte jeg ikke på at de hadde de vondt. I ettertid har jeg tenkt på det og lurt på om de egentlig hadde det dårlig eller ikke. Jeg vet at stedet jeg var på ikke var blant de verste stedene, så det er jo en trøst. Vi var der halve dagen, fikk opplæring, red en tur, badet med elefantene, matet elefantene og spiste lunsj der selv, så elefantene kan umulig ha jobbet hele dagen.

    Det er mye rart i Thailand når det gjelder dyr. Du kjenner sikkert til Tiger Kingdom. Jeg var så dum at jeg dro dit og tok bilder med tigrene, og i ettertid har jeg skjønt at det er et oppdrettsanlegg for å tjene penger på turisme og salg av tigerdeler til asiatisk «medisin» og annet tull. Det er ingen annen forklaring på hvor alle tigrene blir av, når de avler frem så mange som de gjør. Det er 6 år siden nå, og jeg sliter fremdeles med dårlig samvittighet.

    1. Helt sant, mange plasser er ikkje ille i det heile tatt. På senteret eg jobba på var der turistar som kom, dei var med å mata, vaska og gjekk tur med elefantane. Så mange plassar er bra, det trur eg absolutt. Ja, Tiger Kingdom har eg hørt om, det er nok kanskje ein av verstingane. Da du var der føltes det sikkert rett, men så finn ein ut av ting i etterkant, så man kan ikkje ta det tilbake, men man kan fortelle kva ein fann ut, så får det kanskje ein person til å ikkje reise til når han er i Thailand. Så er det ein begynnelse på å stoppe industrien.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s