Dei store løvene

Eg hadde booka tur gjennom Kilroy, to mnd til Sør-Afrika og Thailand. Vi var sju jenter som reiste sammen, vi kjente ikkje kvarandre frå før, men vart godt kjent på tur. Vi har meir eller mindre budd i køyesenger sammen kvar natt i 2 mnd.

Turne starta med tre veker på Felidae Centre i Kimberly i Sør-Afrika. Vi vart henta på busstasjonen av to fra senteret. Felidae er eigd av eit søsken par, og foreldrene bor også på farmen. Der var og ei jente som jobbe der som hadde litt ansvar for oss frivillige. Det er eit lite senter, med eit stort hjerte. Høres klisje ut, men det er sant. Flottare folk skal ein leite lenge etter. Vi følte virkelig vi var velkomne, og som ein del av senteret og prosjektet. Det var heller aldri ein kjedelig dag, og det skjedde alltid noko spennande. Då vi kom var det eit vær eg aldri har opplevd, det var så mykje lyn som eg aldri har sett, heile himmele lyste opp og det gav seg ikkje. Vi kjørte i ein time, og eg trur det haldt på omtrent heile vegen. Lynet hadde slått ned på ein av nabofarmane, så dei hadde måtta hjelpt til der.

Eg har så mange bilder fra opphaldet. Så er vanskelig å plukke ut. Tenkte å starte med å fortelle litt om dei store løvene som var på senteret, og vise bilder fra matingane. Der var 20 løver tilsammen. Ellers var der 4 gepardar, 2 Sjakalar, 5 Bat Eared Foxes, 2 Servalar, 3 Karakalar, 2 Vervetapar, og ein African Wild cat.

Det var tre løveflokkar på senterte, ein stor på 10 løver. Det var 5 tennåringar, og så var der eit tvillingpar (på bildet over, stor sjanse for at det er bilde av den samme løve to gangar). Desse løvene hadde vi ingen kontakt med. Tennåringane og tvillingane møtte vi kun ein gong i veka, ved foringane, ellers var vi ikkje der for dei skulle haldast å ville som mogleg.  Senteret hadde tour i helgene, og turistar kom for å lære om dyra, det var då den store løveflokken på 10 fekk mat, slik at dei besøkande fekk sjå dette. Den store flokke på 10 hadde vi heller ingenting med anna enn ved mating, men dei budde slik av vi såg dei kvar dag. Løvene er redda frå Canned Hunting.

20150929_110557_red
Mika og Sarabi venter på mat. Dei på senteret måtte plutselig berre kjøre og skyte ei ku som var skada – så då vart den løvemat!
20150929_110800_red
Desse var som sagt redd frå Canned Hunting, dei har og ein bror, men han fekk dei ikkje redda.

Dei fekk som oftast servert kalvefoster som dei fekk fra kyr som var død av ein eller anna grunn. Så på kjørerommet hang der kalv på kval, og det lukte virkelig fortrefferlig. Løvene startar å ete nede på magen ved bakbeina. Der er det lettast å komme til, og dei får fort tilgang på innvollane – som dei vaksne et først.

På det første bildet her har eine hannløve og eine løveungen ein liten kamp om kalven. Ungen hadde den først, men så kom hannen og ville ta den. Han kunne sjølvsagt ikkje ta ein av dei som ingen hadde tatt enda. Kjekt å sjå at dei jobbar litt for maten, og ikkje berre et. Hannen vant tilslutt, etter at dei hadde stått slik ei stund (trykk på bilda for å få dei større). I løveflokken var der tre løveungar, dei var som Tau og Alex født her, men dei var født av alfahoa og kunne vere i flokken. Senteret har ikkje planar som å vere avlsenter for løver, dei vil heller bruke plassen dei har på å ta imot dyr som treng å bli redda. Dei har for berre nokre dagar sidan difor fått sterlisert løvene. Dei fekk då også ein helsesjekk for å sjå at alt står bra til. Kjempeflott av det kom i ordne.

Her får tennåringane servert kukjøtt. Artig å sjå då dei kom sprinngande, og støvskya når dei stoppar opp ved målet.

20151012_111024_red
Dei fekk også servert hest ein dag. Den drog dei med seg inn i skuggen. Ser kreftene deira her, ingen problem med å dra med seg dyret.

20151012_111955_red
Å sjå på foringa av dei store løvene var veldig kjekt, og den mest actionfylte matinga på senteret. Når du ser og høre kor lett dei brekk gjennom bein og dreg ut kjøtt, så forstår ein kor sterke dei er. Kor kvasse tennene er. Ein forstår kor kvasse klørne er når dei lett riv opp dyret dei har fått servert. Inn i framtida så har senteret veldig lyst å lage ei stor innheining der dei sett inn dyr, for at løvene skal kunne jakte på dei sjølv. Kjempeflott viss dei får til det.

På Felidae er det så lett å sjå at pengane eg gav for å vere der, (etter kostnad for mat og overnatting) virkelig går til dyra. Vi var med å bygge innhegningar, ordne ting på sentrer, dei kan betale ned lån på dyr, og dei kan redde og hjelpe fleire dyr.

– Marthe

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s