Felidae Centre – dyr eg ikkje hadde hørt om før

Har møtt litt nye dyr på turen, både i Sør-Afrika og Thailand, som eg ikkje kjente til fra før. På Felidae var det African Wild Cat, Karakal, Serval og Bat Eared Fox (på norsk oversatt til ørehund eller flaggermusrev) som var dei nye dyrenavna i vokabularet mitt.

Der var ein African Wild Cat på senteret, ved navn Ola. Den ser ut som ein heilt vanlig katt, og der er visst ingen forskjell mellom ein villkatten og ein vanlig huskatt. Vi gjekk inn til Ola med mat og vant, men han (eller ho?) var sjenert og kom ikkje så nærme oss. Likevel var Ola meir menneskevennlig enn Nikita – huskatten som budde på senteret. Spørst om dei hadde bytta plass ved ein feil.

20151009_074615_red

Der var tre karakalar. Det var Sara (bilde 1, 5, 6 ,7) og Lilo (bilde 2, 3, 4) som budde sammen, og så var det Roger. Roger var det ikkje mulig og gå inn til, så når har fekk mat kasta vi eit kjøttstykke over gjerdet til han. Med Sara og Lilo sprang Sara ut i eit anna bur og fekk mat der, og Lilo fekk mat der dei budde. Dette fordi at matsituasjonen kunne skape litt problem og ende med at den eine ikkje fekk så mykje mat. Karakalar liknar mykje på gaupe synst seg, med dei karakteristiske duskane på øra. Veldig vakre dyr, pelsen ser alltid så glatt og velstelt ut.

Der var to servalar, Mia (bilde 1, 3 ,4 ,5) og Anthony (bilde 2). Mia kunne vi hilse på, ho budde den første tida eg var på senteret sammen med sin gode løve venn Tau, men han flytta etterkvart saman med Alex, så då var Mia aleine. Anthony gjekk vi ikkje inn til, og vi måtte vere veldig kjappe å sette inn maten før han byksa framover. Har film av matinga til både Anthony og Roger som eg tenker å legge ut – må berre finne ut korleis eg kan få det til, ser ut som eg først må legge det på youtube – noko eg eigentlig ikkje vil. Har vertfall satt sammen en film fra oppholdet, så får eg sjå kva eg får til.

Så var det Bat Eared Forxes, kjempe søte. Dei kunne vi mate for hand viss vi ville, men dei er ganske sjenerte og forsiktig. Det var Bakkies, Roxy og dei tre ungane deira. Har nylig sett på facebook at det har komt fire nye tilskudd til familien. Kjekt når familien veks. Bat Eared Foxese ser veldig dårlig, men har til gjengjeld utrulig god hørsel – difor det store øra. Dei bur i holer under bakken.

– Marthe

Advertisements

4 thoughts on “Felidae Centre – dyr eg ikkje hadde hørt om før

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s