Tau og Alex

På tide å vise fram hjerteknuserane, Tau og Alex, dei to utrulig flotte og fantastisk kule løvebrødrene. Dei er begge født på Felidae, men ettersom dei ikkje var født av alfahoa kunne dei ikkje bli i flokken. I tillegg har Tau og Alex ein medfødt sjukdom som går på beina deira og gjer at dei har vanskar med å gå. Dette har blitt mykje bedre og ein ser det ikkje så godt lenger. Alex har i tillegg panikkanfall og får daglig medisin for dette. Han hadde anfall ein gang under dei tre veken eg var på senteret. Eg såg ikkje anfallet, men det hadde vore interessant å sett korleis det føregjekk. Det som brukar å skje med han er at han på ein måte stivnar til, og så låser kjeven hans seg og han får vanskar med å puste. Han har heldigvis hatt ferre og ferre annfall, så det er flott.

20151003_150400_red

Tau budde som nevnt i førre innlegget i starten av mitt opphold saman med servalen Mia. Alex budde inne i huset på nursery rommet når han ikkje var ute og lufta seg. Etterkvart flytta han ut på dagtid, men som inne om natta. På slutten tilbrakte han heile døgnet ute, og det gjekk veldig fint. Så da budde Tau og Alex i lag. (Trykk på bilder som står sammen for å få dei større).

Vi kunne gå inn til dei når vi ville. Eg var litt skeptisk til å vere hos dei, mest i starten og så kom det seg. Turte likevel aldri å gå inn til dei aleine. Alex spesielt var veldig glad i å leike, og vi fekk alle litt blåmerker (eigentlig berre morsomt å ha blåmerke etter ei løve) iløpet av tida. Han er jo ei løve, og har litt styrke så. Dei er vertfall kjempeflotte, og veldig gode å klappe på. Måtte ta meg sjølv i det eit par gangar og faktisk tenke over at «no står eg faktisk å klør ei løve bak øret». Ganske stilig.

20151015_095627_red
«no står eg faktisk å klør ei løve bak øret»
20151015_100545_red
Berre ein lite prat om gamledager.

Dei er også veldig fotogene. Ettersom løver brukar mesteparten av dagen sin på å sove (vaksne hannløver sov ca. 18 timar i døgnet), så fekk eg ein del flott fotomotiv når dei låg og kvila. Kunne fylt heile stoveveggenmin med desse bilda (kan hende det skjer etterkvart). Vakre vesen.

Det går heller ikkje ann å velge berre eit bilde, Tau er nydelig på alle! Legg forresten merke til Mia i bakgrunnen på dei første bileta her.

Lillebror Alex er ikkje akkurtat noko mindre vakker han heller;

Litt fun facts om løver:
– Dei er svarte på haletippen, dette er eit «follow me sign», slik at dei kan følgje etter kvarandre sjølv om det er høgt gras, dei kryp langs bakken, på jakt, eller løveungar som føljer mora el.l. Den eine løveungen i den store løveflokken på 10 mangal den ytterste svarte dele på halen sin, så han må difor gå bakerst.
– Dei er svarte bak øra, dette er også ei «follow me sign», men også for at eventuelle angriparar skal trur det er auger dei ser og slik halde seg unna.
– Dei er kvite under auge, dette fordi dei jaktar om natta og det kvite skal difor reflektere lyset så det er lettare å sjå.
– Dei ligg på ryggen når dei er varme slik at den kvite magen kan reflektere lyset og det kjølar dei ned.

20151015_125923_red

20151015_125936_red

Umulig å ha ein favoritt blant desse to. Har sett bilder av dei etter eg reiste, og det er utrulig kor fort dei veks! Viss eg får reise ned igjen ein gong så er dei nok vanskelig å kjenne igjen. Ser likevel at dei er forsjellige. Etter å ha sett ein del løver så er det veldig tydelig kor ulike dei er i ansikta. Ei løve er ikkje ei løve. Dei har ulike trekk, og ulik personligheiter. Det er veldig gøy å sjå og oppleve.

20151016_174816_red
Dette var den siste dagen på senteret. Hadde mest lyst å følge med på løvene og det dei dreiv med, men turte å sjå i kamera eit par sekund også. Ikkje kvar dag ein får klø to løver på magen samtidig.

Savnar virkelig øyeblikk som dette, og at dette var ein del av kvardagen min i tre veker er rart å tenkte på. Det føles så lenge sida, likevel så kjenner eg det fortsatt i fingrane. Den litt stive, men mjuke pelsen, med det ekstra mjuke punktet bak øret. Den gode herlige manken å ruske i som Tau hadde begynt å få. Den litt læraktige og kjølige følelsen under poten. Tau som gir klar beskjed til Alex når han er lei av at lillebror bit han i halen. Alex som spring rundt og leikar med hunden Sandy og ein ball i bakhagen. Sukk.

20151016_180049_red
Søskenkjærlighet.

– Marthe

Advertisements

2 thoughts on “Tau og Alex

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s