Arbeidet

Arbeidet vi gjorde på Felidae har gått i å forberede mat og dele den ut. Har og hatt diverse arbeid på garden; hakka opp semetgolv i ei innheining der ein skulle legge gras i staden, gravd hol og tetta igjen under gjerder, mala ein tilhenger, rydda vekk søppel og rot, rydda inne hos løvene, hjelpt til under tours kvar helg, og også når det var tours på kvaradagen, bygd innhegning ++. Det var godt å bruke kroppen, og veldig gøy å grave hol og hakke sement. Konstant vere full av sand og skit! Arbeidsdagane var likevel ikkje så lange. Vi starta å arbeide kl. 0700/0730 alt ettersom vi hadde mating den dagen eller ikkje (ettersom vi var så mange frivillige så rullerte dette), og haldt på til 13, då var det lunsj. Etter lunsj var det ofte for varmt til å jobbe. Så om det ikkje var noko småjobbar så vart det ofte med det. Så sant du ikkje hadde mating den dagen, då var det forbereding av den, og ha den klar til utdeling kl. 1630. Ein del av jobben vår var også å vere saman med dyra, så etter lunsj brukte vi ofte tid på dette.

Dei store dyra fekk kjøttstykker, resten fekk kjøtt som var oppdelt i bitar. Dei fekk også kyllingføtter og kyllinghaud, nokon gangar hadde vi og heile kyllingar vi delte ut. Kyllinghauda måtte vi fjerne nebbet på som vi kasta, og dele opp haudet som var igjen. Det samme med føttene, dei måtte vi og dele opp til nokon av dyra. Første gangen var akkurat denne oppdelinga litt ekkel, men det vart fort eigentlig berre kjekt. Vi fjerna fettet på kjøttet til dei dyra som ikkje skulle ha for masse fett. Fettet og anna vi skar vekk på kjøttet kasta vi i «fat bucket». Ei veldig ekkel bøtte med masse fett og stygg lukt. Der var ikkje dører på «meat room» (men det stod høgt opp på ordnelista, har sett på facebook at dei har begynt å oppgradere rommet), så det kom alltid veldig mange floger når vi haldt på med kjøttet. Så det var veldig viktig at vi haldt rommet reint og ryddig til ei kvar tid for å unngå flogene. Alltid rydde opp etter oss, og vaske matskålene etter vi hadde samla dei inn.

Å rydde hos løvene var nok den kulaste arbeidsoppgåva, ikkje alle har posert med ein dyreskalle henta ut fra ein løveflokk. «To be, or not to be».

– Marthe

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s