To store og to små

Der var ein fullvaksen gepard på senteret, Chaka. Han var 6 år. Ein gepard kan springe opp til 120km/t, og kan gå fra 0 til maks fart på 3 sekund. Dei held ikkje ut så lenge, for kroppen blir fort varm. Ein vaksen gepard har også meir enn 2000 flekkar på kroppen, og dei er flekkete på huda også, ikkje berre pelsen. Klørne kan dei ikkje trekke til seg. Før var der to vaksne gepardar, Chaka og Thato. Thato var det første dyret dei fekk på Felidae, og var med på å starte opp senteret. Thato døde for eit år sidan, dei fekk aldri vite heilt grunnen til kva som gjorde det, men det var ein sjukdom ho var blitt smitta med. Gepardar har ikkje verdens beste immunforsvar, så etter denne episoden er det blitt mykje strengare på hygiene i kontakt med dyra. Spesielt gjeld dette turistar som kjem til senteret på besøk, og kan ha med seg smitte. Der var desinfeksjon til hender og skoa. Chaka gjekk vi ikkje inn til, ein kunne det før då Thato var i live, men etter ho døde har ikkje det gått. Slik er det også med Lilo (Karakalen), han var bestevenn med Thato, men etter ho døde har ein ikkje kunne hatt så mykje kontakt med han heller. Det er rart korleis sorg og lengsel (må vel vere det?) verkar inn på både mennesker og dyr.

Ariel, den snart 2 år gamle kvite løva. Vi besøkte Ariel tre eller fire gangar. Ho var på heat den siste tida, og var då ikkje så interessert i oss mennesker. Ho gjekk berre rundt å leite etter ein mann. Vi fekk likevel helse litt på ho, og ho er virkelig flott og vakker. Ariel er nesten nedbetalt, og snart Felidae sin. Ariel vaks opp hos ei kvinne som oppdrog ho som ein hund, men ho kunne ikkje ta vare på ho lenger. Huskar ikkje kor gammal ho var då dei fekk ho til senteret. Alle løver har eit kvitt gen i seg, men det må vere det kvite genet som er aktiv hos begge for at løveungen skal bli kvit. Litt sånn som med brune og blå auger tenkjer eg. Det er ikkje kjempevanlig med kvite løver, så det er stas å ha møtt ein.

Gordon og Malvin, dei to apane på senteret. Dei er vervetapar og veldig kjappe, med mykje lengre armar enn du trur. Måtte passe litt på å ikkje gå for nære gjerdet dersom du hadde hestehale – fare for å miste litt av den. Gordon var redda etter at dei forrige eigarane åt foreldra, og trua med å ete han også dersom han ikkje vart kjøpt. Malvin hadde vore eit kjæledyr i band. Malvin var veldig glad i å bli klødd, så eg tok meg ei lita klørunde hos han nesten kvar dag. Dei fekk mat på morgonen, frukt og grønnsaker – der avokado var den absolutte favoritten. Dei fekk også yoghurt, noko dei synst var veldig godt. Gordon åt yoghurt med skei, medan Malvin brukte handa.

– Marthe

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s