Flytting av dyr, og «The Big Hole»

Dei var veldig flinke på Felidae å gjere det dei kunne for å få oss frivillige til å få så masse ut av Sør-Afrika opphaldet som mogleg. Vi gjekk ofte ute og spiste, og dei organiserte turar for oss. Vi fekk vere med å sjå flytting av eit nasehorn og sabel antiloper, var på safari i Pilanesberg Nationalpark, og vi var og såg «The Big Hole» i Kimberly.

Vi reise tidlig om morgonen, alle bakpå lasteplanet på bilen. Vi skulle fare å sjå flytting av eit nasehorn på ein annan farm. Det var ikkje så veldig kjekt å sjå på, først vart nasehornet bedøva ned og tatt bind for auga, deretter skulle dei få han over på ein hengar. For å få til dette var det brukt elektriske støt for å få han til å gå. Det såg ikkje fint ut, men vi fekk vite i etterkant at det er den beste måten å gjere det på. Alternativet er å dope dei heilt ned og henge dei etter beina ved hjelp av ei kran. Før han gjekk på hengaren var veterinær der for å sjå til han, og det vart også tatt mål av den biten av hornet som var der. Hornet blir skjært ned for hans eigen sikkerhet, poaching er eit veldig stort problem, så at dei som eig nasehorn skjærer ned hornet er veldig viktig for å beskytte dei. Horna blir oppbevart i ein banksafe. Etterpå fekk vi sjå når dei flytta nokre sabel antiloper. Vi fekk ikkje vere med på alt, for vi var for mange, men vi var der då dei kom med dyret, veterinæren gav dei medisinar og dei fekk middel så dei vakna opp igjen. Eg var heldig å fekk lov å gi den eine antilopa dette. Så det var gøy. Ein interessant og lærerik opplevelse.

Turistattraksjonen i Kimberly er «The Big Hole». Det er den største diamantgruva som er gravd ut ved hjelp av handkraft. Dei fekk etterkvart hjelpemiddel, men desse trengte også handkraft for å haldast i gang. Holet var veldig stort (naturlig nok), større enn eg trudde, og større enn det ser ut som på bildet – sjølv om husa ser ganske små ut i forhold. Vi fekk tour og var inne på museet, fekk sjå diamantar og lære om historia til Kimberly.

20151013_112046_red20151013_112051_red

– Marthe

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s