Zena og Jack

Det siste innlegget fra Felidae Centre blir om Zena og Jack. Zena er ein 3 mnd. gammal gepard som er kjøpt av Felidae etter at ho hadde budd hos ein dame som skulle reise vekk. Jack er ein Jackal – så klart, eg huskar ikkje korleis han kom til Felidae.

Zena er ein leiken krabat. Både med oss mennesker og med sin hundevenn Sandy. Ho kjem alltid til å vere menneskevennlig, då ho har hatt så mykje med mennesker å gjere, 1% sjanse for at ho ikkje er det når ho blir stor. Ho sov inne på natta, då ho ikkje var glad i mørket. Ho skal etterkvart flytte sammen med Chaka. Zena fekk ny ute innheining då eg var der. Vi festa eit mindre gjerde på innsida, då det heng saman med Chaka sitt. Dei skal bli kjent før dei flyttar saman, og ein har små hol i gjerdet så dei ikkje skal nå tak i kvarandre. Var spennande då dei møttes skikkelig første gangen, hørte mange nye lydar dei ikkje lagar til vanlig.

20151016_172029_red

Jack var eg ikkje så masse hos i starten, men på slutten var eg der ofte. Han var kjempevennlig, veldig glad i kos, og likte å slikke folk på munnen og i øret – sistnevnte kilte veldig. Lot han gjere det likevel, for det var mest kjekt. Jack var ganske einsam, og kvelden før vi reiser så kom det ein liten sjakalvenn til han. Han var 3 mnd trur eg, og kom til Felidae fordi mora hans døde. Det var veldig vanskelig å forlate senteret når det kom eit nytt medlem til Felidae familien. Har sett på Facebook i etterkant at dei har kome godt overens.

20151015_171802_red

Eg hadde det fantastisk på Felidae Centre, og savnar plassen masse. Vi synst alle det var trist å reise der i fra, og alle vil tilbake. Fra Felidae tok vi buss til Johannesburg, der vi tilbrakte eit par dagar i Soweto før fly til Cape Town.

– Marthe

Advertisements

2 thoughts on “Zena og Jack

  1. Herregud så søt Zena var! Så tragisk at folk skaffer seg dyr rett før de flytter og må kvitte seg med dem. Det er tydeligvis altfor lett å skaffe seg eksotiske kjæledyr i Sør-Afrika.. 😦

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s