4 Day Kruger Tour

Vi hadde fire dagar med Kruger Experience framfor oss, den var booka gjennom Saltycrax. Før vi kom til sjølve Kruger National Park var vi å såg på Blyde River Canyon, der vi såg Lisbon Falls, Bourkes Luck Potholes, og God’s Window. Dette hadde nok vore ein enda finare opplevelse hadde det ikkje vore for det overskya og tåkete været; for det har eg sett på google i etterkant.

_DSC5749_red
20151018_091117_red

_DSC5751_redBourkes Luck Potholes var flotte, men både på utkikksplassen over Blyde River Canyon og God’s Window, såg vi ikkje akkurat noke som helst. Vertfall ikkje over canyonen. Etter å ha stoppa på utkikksplassen å ikkje sett anna enn tjukk grå skodde og stirra inn i ingenting, kjørte vi vidare. Skydekket letta litt og vi stoppa langs vegen, der fekk vi sett litt av canyonen frå ein annan vinkel. Blyde River Canyon er den tredje største Canyonen i verden, og visstnok den einaste grøntvoksande. Veldig synd at ikkje været var på vår side, for det ser veldig fint ut på internett. Det var likevel vakkert å skue utover det store grønne området, med sirissar som konkurrerte i å lage den høgaste tonen i bakgrunnen. Fint å sjå litt grønnfargar i ulike nyansar, etter å ha sett mest sand og støv dei siste tre vekene. 20151018_102211_red

20151018_101623_redOver God’s Window var det også eigentlig ganske vakkert å skue utover skydekket. Fasinerande. Ein følte faktisk at ein skua ut av Guds vindu, og såg ned på skye som ligg over jorda. Sjølv om det sjølvsagt hadde vore kjekkare å sett kva som skjulte seg under skyene. Stemmer vertfall, at over skyene er himmelen alltid blå.20151018_112256_redSå var turen komen for det eg hadde gleda meg til lenge, safari i sjølvaste Kruger National Park!

– Marthe

Advertisements

2 thoughts on “4 Day Kruger Tour

    1. Ja, det var litt kjedelig. Var den einasta dagen omtrent på evigheter med dårlig vær, uflaks. Potholes va ganske kule. Skulle ha tatt med ein mynt og kasta nedi, der låg mange på botn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s