Kruger National Park

Eg får aldri nok av safari, så det å skulle til Kruger National Park var ganske spennande, ettersom det er kjent som ein av dei store og flotte parkane å reise til. Det var ein flott safari, og eg fekk sett alle dei fem store! Elefant, bøffel, løve, nasehorn og leopard. Var faktisk heldig og sjå to leopardar, om enn langt vekk og vanskelig å sjå – så har eg vertfall sett dei! og det var stort. Om eg har sett dei fem store kan likevel diskuterast, ettersom eg berre har sett kvite nasehorn, og det eigentlig er svart nasehorn som er ein av fem store. Eg ser likevel enkelt på det, og tek eit nasehorn for eit nasehorn. Så kan eg heller få sett dei på nytt igjen skikkelig dersom eg skulle vere heldig å sjå eit svart nasehorn ein gang.

_DSC5823_red
Eit veldig dårlig, men likevel, eit bilde av ein leopard. Betre med ei uklart bilde enn ingen bilde har alltid vore mitt motto.

Sjølve parken er veldig stor, gedigen faktisk, på nesten 19 500 kvadrat km. Vi ankom gjennom «Paul Kruger gate», Paul Kruger var grunnlegaren av Kruger National Park, og det var statue av han utanfor inngangen. Eg har vore på safari eit par gangar før, og Kruger er litt annleis på den måten at der er mykje asfalterte vegar. Det er ikkje like spennande å kjøre på asfalt som det er å kjøre på humpete, sandete, trange vegar innimellom busker og tre. Det er heller ikkje store grå bråkete bussar som skremmar vekk alle dyr i mils omkrets, i mindre parkar. Til tross for dette fekk vi sett masse flotte dyr. _DSC6267_red_DSC6215_redTo opplevelsar stod ut som spesielt spennande. Vi var heldige å sjå ein flokk med African Wild Dogs, på andre sida av elva. Det er berre 350 igjen av desse i heile Kruger National Park, så å sjå det er ganske sjeldan. Guiden vår hadde også ei stor interesse for desse dyra, det var hans favoritt, og han forska og tok ekstra utdanning om dyra, så han var nok mest gira av alle då vi fekk sjå dei. Det var en flokk på ca 15, med nye ungar som var berre nokre månader. Guiden vår hadde enda ikkje sett denne flokken etter at dei fekk ungar, så han var i ekstase – veldig gøy når guiden er så engasjert. Vi fekk også eit nært møte med ei hyene, hyener har eit ufortent rykte på seg til å vere veldig stygge (eg skuldar på Løvenes Konge filmane her), dei er eigentlig pene på sitt fenurlige og spesielle vis. Vi såg han langt unna, gåande over bakken, så kom han nærmare og nærmare. Vi var mange bilar på brua over området. Hyena hadde ein skalle i munnen, og satt seg ned og tygde i seg den rett ved bilen vår. Han var ca 1-1,5m unna oss, så vi hørte godt når han tygde beina fra skallen. Hyener er eit av få dyr (einaste?) som kan fordøye bein. Då han var ferdig, så gjekk han sin veg. Som om han berre kom for å vise seg fram, for så å gå igjen.

Vi var også på «Night Drive», der såg vi Civets, Smal Spotted Genet, hyene, Porcupine, Impala, Giraff, Kudu og mange kaniner – som helst sprang framfor bilen, for der var det jo lys.
_DSC5806_red_DSC5846_red_DSC5949_red_DSC5961_red_DSC5972_red_DSC5979_red_DSC5991_red_DSC6128_red_DSC6146_red_DSC6181_red_DSC6189_red_DSC6175_red_DSC6254_red

Nokon dyr trengte ein likevel ikkje bil for å sjå, som denne krabaten, som satt i treet der vi parkerte. Han var ikkje mindre eksotisk og spennande av den grunn. Eg har fått ein heilt ny fasinasjon for slike skapningar. Veit ikkje kva som gjer det.

– Marthe

Advertisements

8 thoughts on “Kruger National Park

  1. Krugerparken er så flott! Jeg synes også at hvitt neshorn teller som en av de fem store, selv om det aller helst bør være et svart et. Du var utrolig heldig som fikk sett afrikanske villhunder – jeg har aldri sett dem i det fri 😦

    Veldig heldig å se to leoparder også, og du har helt rett i at et uklart bilde er bedre enn ikke noe bilde. Jeg hadde også flaks med å få sett leoparder i Krugerparken, så det virker som et av de beste stedene å få sett dem på.

    1. Ja, spørs om det er bra å sjå leopard der. Guiden vår såg en tredje, men vi satt for høgt i bilen så vi såg den ikkje, og så forsvant han, så. Aldri tenkt på afrikansk villhund som noke spannande før, men det var veldig artig, spesielt ettersom guiden synst det var så gøy, og ettersom det er så få av dei i parken.

  2. Så utrolig fine bilder! Enig – safari får man aaaldri nok av 🙂 Bestilte dere safarituren på forhånd, over internett, eller gjorde dere det der nede? Jeg vurderte å reise til Sør-Afrika i januar (nå ble det midtøsten isteden, men Sør-Afrika-turen er fortsatt noe jeg har lyst til), og synes det var utrolig vanskelig å planlegge f.eks. safari på forhånd.

    1. Takk for det:) safarien vår var forhandsbestilt gjennom Kilroy, som hadde satt sammen den turen eg var på. Då eg var i Zambia i fjor bestilte vi safari da vi var der nede, da fann vi ein backpacker i byen som organiserte turar og bestiltet gjennom dei, så det er nok det enklaste kanskje, Vanskelig å planlegge sånt på forhand ja, vertfall dersom ein ikkje heit veit når ein skal gjere ting. Du kan evt. undersøke der du skal bo, om dei arrangerar, og så bestille gjennom dei på forhand evt. ein annan plass som arrangerar. Begge deler går fint trur eg.

  3. Elsker dyr! Det var kjempemye flott du fikk sett, og så nydelige bilder du fikk tatt av alt 😀 Det er det som er så spennende med dyreliv, man vet aldri hva man får sett på dagen, og av og til er det de minste skapningene som virkelig gjør opplevelsen unik!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s