Soweto

Soweto står for South Western Townships, og er ein bydel i Johannesburg. Ein Township er enkelt forklart den delen av byen der dei svarte budde under Apartheid. I dag er det eit klart fleirtal av svarte som bur der, men også nokon kvite har flytta dit for å ta del i bydelens fellesskap. Vi budde på backpackeren «Lebo’s Soweto» i Soweto. Ein veldig fin backpacker med veldig hyggelig vertskap. Den er eigd av Lebo og kona Maria. Vi hadde overnatting og måltid inkludert i opphaldet vårt, og maten var fantastisk god. Ho som laga mat var også veldig hyggelig og snill, og vi fekk alle klem då vi reiste, sjølv om vi kun hadde vore der eit par dagar. Soweto var veldig fargerikt, eg likte meg godt der. I Soweto finn ein «Orlando Towers», to fargerike tårn som du kan hoppe strikk fra. Nokon av jentene eg reise med hadde tenkt å gjere dette, men då vi kom ned var det dessverre stengt på grunn av dårlig vær.

20151021_135545_red
20151021_093422_red20151021_093240_red20151021_135535_redHovudgrunnen til opphaldet i Soweto var å delta på sykkeltour som backpackaren arrangerar. Ein kan velje mellom 2t og 4t tour. Vi tok 4t og det anbefalar eg. På 4t tour fekk sjå litt meir, og 2t hadde vore for lite, for tida gjekk veldig fort. Eg var ganske spent på å skulle sykle, for det er sikkert 10 år sidan eg har gjort. Det merkast, var ein del sjangling, og eg trengte nokre metar armslag for å komme igang.

20151021_135532_red20151021_132122_red

Vi sykla først opp til eit slags utsiktspunkt over byen, der vi fekk litt generell informasjon om Soweto. Så gjekk turen vidare inn i gatene, der nokon vinka, og fleire såg etter oss. Her gjekk vi litt rundt og såg, før vi fekk smake på lokalbrygga Soweto øl eller «Joburg beer» som det heite, maisgrøt (usikker på kva navn dei hadde på det, men har ete det før, i Zambia), og kokt oksekjake (kinn). Verken ølet eller oksekjaken (nokon bitar fortsatt med litt hår på) var spesielt godt. Likevel artig å ha smakt, smake på historien og kulturen Soweto. Vi satt på benkar med eit bord mellom oss i eit lite skur i ei av dei mange gatene i Soweto, ølet servert i ein stor trebolle sendt rundt så alle skulle smake, lukt av havre og graut sneik seg opp i luktekanalane. Dersom du likte det skulle du høgt sei aaaah og eit ord eg ikkje hugsar. Det var klapping, tramping og sang. Der stod nokre ungar i døropninga, og nokre hovud stakk opp fra utsida av eit lite vindu og kikka nysgjerrige inn på oss. Barn hadde ikkje tilgang i skuret, det var forbeholdt dei vaksne.20151021_101942_red

20151021_103851_red
Til venstre er skuret vi satt i og smakte på Soweto.

20151021_125803_red

20151021_125808_red
Fargerik vegg på eine stoppeplassen vi hadde.

Turen gjekk så vidare, med nokre stopp her og der. Eit av hovud stoppeplassane var på Hector Pieterson plass, her var det 16. juni 1976 protestar blant studentane, politiet kom og byrja å skyte,  fleire studentar inkludert 13år gamle Hector Pietersen døde, over tusen vart såra. Det vart tatt eit ikonisk bilde der Hector blir båre av ein student, og søstra til Hector som spring ved sidan av. Medstudenten og søstra måtte etterpå gå i dekning. Til dags dato veit ein ikkje kvar dei er. 16. juni 2002 kom museet «Hector Pieterson Memorial and Museum», på plassen er der laga til ei graslinje som førar fram til der han vart skutt. Der er veldig mykje symbolikk på plassen. Vatn som symboliserte tårar, og når det rant over kanten symboliserte det blod, steinane symboliserte at det var det einaste studentane hadde å forsvare seg med, ein stor stein hadde noko betydning om mødrene, murane sin størrelse hadde ein betydning, trur det hadde noko med alderen på dei drepne og såra. Eg huskar ikkje kva alt stod for, men eg hugsar eg synst det var veldig fint. I fleire år stod 16. juni som eit symbol på motstanden mot apartheid regjeringa. I dag er 16. juni «National Youth Day», ein dag som blir brukt til å hedre dei unge og sette fokus på deira behov.

20151021_120203_red
» To honour the youth who gave their lives in the struggle for freedom and democracy».

20151021_120400_red

Vi var og såg huset til Nelson Mandela som han budde i då han var i Soweto, før han vart skutt på og måtte flykte. Ein kan sjå kuleholet på huset. Vi sykla vidare like nede i gate, der var huset til Desmond Tutu. To Fredsprisvinnara, berre nokre hundre meter frå kvarandre. Spennande. Huset til Mandela var gjort om til Museum, huset til Desmon Tutu er planlagt å bli omgjort til museum.

20151021_122249_red
Våres syklar plassert utanfor Mandelas hus.
20151021_153305_red
Dei kulaste TukTuk’ane eg har sett vertfall. Parkert utanfor Lebo’s.
20151021_144610_red
Orlando Towers, 100m Bungee jump.

På vegen tilbake skya det over, og det begynte å tordne. Himmelen var ganske mørk då regndråpane kom. Vi sykla på, og rakk akkurat å komme fram og under tak, før himmelen virkelig opna seg.

Første kvelden brukte vi på å spele trommer rundt campfire og dansa til dei vakre rytmene vi laga, som resten av dei som var der sikkert synst var veldig vakre og høre på (vi fekk nokre hint, om å kanskje spele i takt med musikken som stod på). Andre og siste kvelden vår på Lebo’s var det «game night», så då gjekk det i scrabble og biljard sammen med andre gjestar, lokale som stakk innom, og dei ansatte.

– Marthe

Advertisements

2 thoughts on “Soweto

    1. Absolutt! Var veldig kjekt. Det fins fleire ulike typar organiserte omvisningar i Townships. Er mulighet for det i Cape Town også veit eg, men ikkje på sykkel da (trur eg).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s