Cape Point

Vi budde på Saltycrax backpacker, Tabel View, i Cape Town. Ein backpacker eit stykke unna sjølve sentrum av CT, men fint plassert likevel. Taxi eller buss inn til sentrum gjekk fint ann. Eigaren av Saltycrax var veldig hjelpsom med alt mulig. Vi budde på mixed dorms, noko som fungerete heilt fint. Vi var jo sju stykk, så vi tok opp mesteparten av rommet uansett. Backpackeren hadde mange ulike turar og opplevelsar ein kunne melde seg opp på, så ingen problem med å fylle tida dersom ein har lyst til å prøve mange nye ting.

20151029_084131_red
Grunnen til kvifor området vi budde i heite Table View. Dette bildet er fra stranda nokre minutt frå Saltycrax. Stranda var perfekt for surfing og kiting.

Eg og tre av jentene eg reise med hadde bestemt oss for å leige bil i Cape Town. Vi fekk oss ein fin liten raud Hyundai som vi tok med oss nedover til Cape Point, og vi tok den også med oss på Garden Route. Bilen var bestilt gjennom «Bidvest Car Rental» før vi reiste, og vi henta den inne i byen før vi kjørte nedover. Eg var heldigvis ikkje sjåfør. Har aldri kjørt i stor by, og heller ikkje på venstre side – så trur ikkje det hadde gått så bra.

Første stopp på turen vår var tidlig, ved Hout Bay, der fant eg ut at eg hadde vore i fjor også, utan at eg då visste kva det heite der. Vi møtte ein veldig tjukk sel, ved navn Ben – som visst det var den samme selen eg såg i fjor, hadde blitt enda tjukkare. På vegen såg eg også flygande flamingo, det har eg ikkje sett før.

20151023_112604_red

20151023_112634_red

Etter ein del venting på vegarbeid kom vi oss fram til Muizenberg, her vassa vi litt og trakk inn den friske lufta, godt å sjå havet igjen etter så lang tid uten. Stoppa langs vegen ved St. James og såg på dei fargerika badehusa, før vi igjen stod å venta på vegarbeid for å kunne passere vidare.

20151023_141113_red20151023_142044_red

Vi kjørte Chapman’s Peak Drive på veg nedover, ein nydelig omtrent 15km lang strekke langs havet. Flott syn over fjella og havet medan ein slyngar seg framover langs vegen. Vi stoppa ikkje her, då vi nettopp hadde starta å kjøre, og vi ikkje såg avkjørslar før vi hadde kjørt forbi dei. Skal du ta denne turen sjølv så prøve å finn ei avkjørsel i starten av Driven og nyt synet ei lita stund. Sjå då også etter Leopard Rock, ein statue av ein leopard som ligg på nedsida av vegen (du ser den viss du snur deg, dersom du kjem i retning frå CT). Den er der som minne etter den siste leoparden som var sett i området, dette i 1930. Statuen kom i 1963.

Første hovudstopp på turen var Boulders Beach, pingvinstranda. Den ligg like etter Simons Town. Vi tok oss ikkje tid til å stoppe i Simons Town, for vi hadde en lang dag framfor oss. Vi kunne ha reist tidlegare frå CT, men ettersom vi henta leiebilen først, så fekk vi litt mindre tid på vegen i dagslys. Planen var å stoppe på Olympia Bakery i Simons Town for lunsj, men fann den ikkje. Såg den derimot på veg tilbake, så neste gang veit eg kvar den ligg. Det var mykje vind ved Boulders Beach og ganske kjølig i motsetning til inni CT. Så det vart ein kort, men fin visit. Der var pingvinungar på stranda, men dei var store, berre med litt meir fluffy pels. Det var også ein pingvin som hadde forvilla seg vekk frå stranda, som låg på utsida av inngangen, inni hekken. Stakkar liten.

20151023_162608_red
Utrulig nydelige omgivelsar inne i Cape of Good Hope, Table Mountain National Park.

Ein må betale for å komme inn i nasjonalparken. For ein vaksen kostar det 110R, som er omtrent 60NOK. Ikkje noko dyr billett med andre ord. Vi kjørte først opp til Cape Point, vi gjekk opp til fyret, der det var veldig mykje vind. Ein kan enten gå dei ti minutta det tek å gå opp til fyret, ellers så finst det ein Cabel Car ein kan ta nesten heile vegen opp, berre nokre trappetrinn igjen opp til toppen. Eg mista balansen flerie gangar, noko som var skummelt i trappene. Då eg kom på toppen og hadde kjent på vinden kom eg på eg eigentlig er redd for vind, så det var litt ekkelt. Så da måtte eg berre begynne nedstiginga, noko som ikkje var så lett ettersom eg følte eg hold på å blåse vekk.

20151023_171236_red

20151023_173731_red

Ein nydelig solnedgang hadde så vidt starta, så eg måtte trosse frykta og ta noken bilder. Kom meg vertfall heilskinna ned, og vi kjørte ned mot havet til Cape of Good Hope.

Ved Cape of Good Hope var det også masse vind, og veldig mange vonde småstein blåste mot leggane. Sist eg var her var det uendelig med fluer, no var det uendelig med småstein. Eg liktar så godt fargane her nede ved havet. Måtte sjølvsagt ta det obligatoriske stå-ved-skiltet-bildet, men det var ikkje enkelt å klare å stå oppreist, så eg har fleire bilder av at eg heng over skiltet enn at eg står bak det. Hadde tenkt å gå opp på ein lite bakketopp her som har fin utsikt over området, men det var så sterk vind av vi var redd for gå opp dit.

20151023_180517_red20151023_180337_red

Forblåste kom vi oss inn i bilen og skulle kjøre heim. Nokre hundre meter etter oppstart møtte vi ei struts vi måte hilse på, og like etter det ein nydelig solnedgang som også måtte stoppast å nytast eit lite øyeblikk.

20151023_181644_red

20151023_182011_red

Eit av mine favoritt bilder på heile turen. Synd det er med mobilkamera. Er så mykje enklare å bruke mobilen enn å dra med seg speilrefleksen. Burde kanskje bli flinkare til å ta det med litt oftare, sjølv om det er stort og litt meir tidkrevande. Vertfall når ein har bil og ikkje skal gå mykje i trange gater. Eller vertfall bruke mitt lille Snapshot kamera, som også fungerar ypperlig. Sjerpings til neste tur!

– Marthe

Advertisements

4 thoughts on “Cape Point

  1. Fine omgivelser, fine farger… Enig! Det er virkelig et vindfullt, vakkert og vilt sted! Det var ikke like mange pingviner på Boulder’s Beach da jeg var der, men vi fikk i hvert fall kommet tett innpå de som var der. Det nederste bildet er flott selv om det er tatt med mobilkamera. Bildet under stå-bak-skiltet-bildet likte jeg også veldig godt.

    1. Kjekt at du likte bilda:) Ja, det er helt fantastisk vakkert, har vore der før, men skal eg til CT igejn må eg nok dit en tredje gang. Kanskje du var på Boulders beach når dei låg på egg, så det ikkje var så mange ute. Bra du fekk sett dei uansett:)

  2. Så vakkert! Man får jo utrolig med frihet når man leier seg bil 🙂 Det siste bildet var kjempeflott ja, og de andre også! Utsikten mot table mountain var nydelig! Hadde vært gøy å sett så mange pingviner i det fri.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s