Garden Route

Vi tok med oss Hyundaien vår og kjørte langs Garden Route. Dette er ein ei veldig fin roadtrip med mange flotte naturopplevelsar og stoppestadar undervegs. Det var ein fin tur, absolutt, men vi var alle enige på slutte av turen at den kanskje ikkje var så fantasisk flott som vi trudde. Enten så skriv bøkene den vakrare enn den er, eller så reiste vi inn til feile plassar, eller så er vi så bortskjemte med vakker natur og vakre plassar at vi ikkje opplevde det så vakkert som det eigentleg er. Ikkje veit eg. Vi hadde uansett ein kjempeflott tur, og det var veldig gøy å reise vekk fra CT, ha ei overnatting ein anna plass, noko som gjorde at turen føltes lenger, og sjå meir av landet. Sør-Afrika er nok det lande, utanom Norge, eg har sett mest av. Vi tok veldig mykje buss og bil iløpet av dei 5 vekene eg tilbrakt der. Ofte minte naturen meg litt om norsk natur, mykje grønt. Langs Garden Route kjørte vi og over litt fjell, og når det dukkar opp blant anna fjellvatn så kjenner ein litt på den norske følelsen, helt til det plutselig står eit par elefantar på nedsida av vegen – reality check, du er i Afrika! Yes.

20151024_082300_red
20151024_083022_red

Vi tok vår første stopp i Hermanus, kaffe og muffins på berga ved havet. Såg ein kvalfinne i det fjerne. Det er gode muligheter å sjå kval her, dersom man er der på rette dag og rett tid. Dei kan komme heilt inn til land. Her er og annledning til å delta på kvalsafari. Det kunne vore spennande. Likte meg godt i Hermanus, kanskje den plassen eg likte best. Det kan ha noko med at det var her vi brukte mest tid, og så var været så herlig.

20151024_092349_red

20151024_101528_red20151024_101536_red20151024_122043_redVi hadde ein time stopp i Hermanus før vi kjørte vidare over fjella, med åkerlappar på alle kantar. Den norske følelsen slepp inn, før du ser bavianar langs vegen, og elefantar og faktisk dromedarar. Svingte av inn til Mossel Bay, stoppa ved ei slags fiskehavn der det vart eit lite pitstop.

20151024_135926_red20151024_141028_redIspause inne i Victoria Bay. Ein del bølger, flott plass for surfing og kiting. Det var mange folk på stranda, som i seg sjølv var ganske liten. Neste stopp var på Wilderness Beach, der to av jentene bada. Eg haldt meg til vassing. Herlig kvit sandstrand, så deilig å gå barbeint.

20151024_152322_red
Victoria Bay.

20151024_152807_red

20151024_161449_red
Wilderness Beach.

20151024_161705(0)_red20151024_161725_red20151024_161729_redSpiste i Knysna, før vi kjørte tilbake eit stykke og overnatte på Afrovibe backpacker i Sedgefield. Fin kveld. Sand i baren på backpackeren, stort bål, og mange folk. Fin stemning. Vi brukte også kvelden på å prøve å planlegge dagen etter. La meg med veldig sandete føtter, etter ein fin og lang dag.

Før vi reiste vidare den andre dagen, tok vi turen nedenom stranda som ligg rett ved backpackeren. Gikk eit lite stykke og prata før vi kjørte i retning Plettenburg Bay, der dei tre eg reiste med gjorde Bungee fra 216m, det høste strikkhoppet fra ei bru i verden. Tøffingar. Eg hadde nok med å bli med ut på brua. Eg har ikkje høgdeskrekk, men då eg gjekk ut på brua, med berre gitter under beina der du kunne sjå 216m rett ned, ja då vart til og med eg litt uvel. Tida gjekk her ute, og vi måtte revurdere resten av dagsplanen. Vi tok ein veldig spontan tur innom ein slangezoo, av alle ting. Det var det vi rakk. Vi var så vidt innom Mossel Bay igjen på litt sightseeing, men her var det ganske dødt, var søndag så spørst om det var stengt. Lang kjøretur tilbake, og vi kom tilbake til Saltycrax på kvelden.

Veldig kjekt å reise med leigebil. Kunne bestemme sjølv kva ein vil gjere og kor ein vil kjøre. Ein treng nok likevel meir enn to dagar på Garden Route, dersom ein vil få litt meir ut av det enn berre kjøring. Det er langt, og det blir fort mørkt. Viktig å ha hyggelig reisefølge, og det hadde eg heldigvis. Mykje morro og prat.

– Marthe

Advertisements

4 thoughts on “Garden Route

  1. Det er ikke alltid stedene man besøker er så flotte som det man har dannet seg bilde av etter å ha lest rosende beskrivelser av dem. Samtidig tror jeg du har rett i at man kan bli bortskjemt med vakker natur og vakre plasser. Jeg har opplevd at andre har vært over seg av begeistring over noe jeg selv har sett på som fint, men ikke noe å skryte opp i skyene. Men så er det jo også mange steder jeg lar meg begeistre av, mens de som er vant til slike omgivelser bare trekker på skuldrene og synes jeg er rar. Uansett, det ser ut som dere var innom noen fine plasser 🙂

    1. Sant det du skriv. Ja, det var alt i alt en kjempefin tur. Ville ikkje vore den foruten. Kjekt å sjå litt meir enn berre storbyen. Oppleve litt meir av området.

    1. Ja, er nok sikkert derfor ja. Så flott det såg ut der, får sette det opp på lista mi 🙂 Kjekt du likte bilda, det var ein veldig fin tur!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s