Cape Town – del 1

Cape Town er full av aktiviteter og opplevelser. Det er ikkje lett å plukke ut kva ein skal gjere, så ein må berre reise til CT fleire gangar. Eg har vore i CT to gangar, og har fortsatt ting igjen på lista. Ettersom eg brukte tre dagar på roadtrip, så var det ferre dagar inne i CT. Var der i ei veke. Eg hadde likevel godt tid. Dei eg reiste med hadde meldt seg opp på fleire ekstremsport aktivitetar, men ettersom eg ikkje er så glad i det hadde eg eit par dagar aleine, og gjorde litt andre ting.

20151027_140559_red

«7 Day Extreme Sports Package»
Aktivitetane som fleire eller resten av reisefølget mitt deltok på, som då er annledning å gjere i CT, var; Hiking og Kloofing, Haidykking, To dagers Kitesurfing kurs, Sandboarding og surfing. Alle aktivitetane var booka gjennom Saltycrax sin «7 Day Extreme Sports Package».

Sandboarding
Sjølv var eg med på Sandboarding, for det var det som hørtes minst skummelt ut, og ettersom eg likar snowboard (ikkje god) så føltes det litt tryggare. Eg var derimot ikkje speiselt flink, og litt pysete til å prøve masse. Vi kjørte ut til sandynene, litt forsinka fordi sjåføren stod fast midt i demonstrasjonane som var i CT denne tida. Der det berre var sand å sjå, og i det fjerne over sanddynene dukka Table Mountain opp. Det var veldig fint. Det var ekstremt varmt denne dagen, som nok slo oss litt ut så vi ikkje var så aktive vi kanskje hadde vore hadde det vore litt kjørligare. Artig å ha prøvd dette.

Hop-On Hop-Of Tour
I pakken eg hadde på backpackeren så var det inkludert ein billett til «City Sightseeing Cape Town Hop-On Hop-Of tour», så den benytta vi oss av då vi hadde som plan å reise opp til Table Mountain og sjå solnedgangen. Det var kanskje litt lite gjennomtenkt å reise opp dit midt i rushen, for det tok iallefall ekstremt lang tid opp, i tillegg til rush var der også ein bilbrann fant vi ut då vi kjørte forbi – så då var det ikkje så rart at vi stod stille. Cable Cars var vertfall stengt då vi nådde toppen, så det vart ikkje noko av dessverre. Vi kjørte heile bussruta, men hoppa av ein gang for å sjå Bo-Kaap, før vi hoppa på igjen. Ein veldig turist ting, men kjekt å få ein omvisning av byen, og høre historia gjennom dei raude øreproppane vi fekk utdelt – dei må stå i stil med bussen veit du. Der er ulike ruter å velge mellom, alt utifra kva du vil sjå.

20151027_171107_red

På eigenhand utan Saltycrax har eg utforska litt andre ting.

Robben Island
Eg tok buss fra Saltycrax og inn til Waterfront. Fekk hjelp av en CT mann som hjalp meg så eg kom meg på rett buss, og han passa på så eg fekk sete – veldig hyggelig. Eg booka biletten min på internett i forkant. Dette var tredje forsøket mitt på å komme til Robben Island, to gangar i fjor der det enten var utsolgt eller stengt pga. været. Så no kom eg meg dit. Båten reiste fra Robben Island Museum ved klokketårnet på Waterfront (klokketårnet som eg synst å huske var gult i fjor, men rødt i år – og det stemte visst). Usikker på kor lang tid båturen over tok, for eg sovna – ingen overraskelse.

20151026_154414_red

I land vart vi først kjørt rundt i buss på øya med nokre stopp, og fekk fortalt om plassen og historia til Robben Island. Etterpå var det guida tur inne på fengselet av ein tidlegare fange, noko eg synst var mest spennande. Guiden eg hadde, hadde sitte inne i 5,5 år, men slapp ut etter sultestreiken. Vi var inne i fleire celler, der var det hengt opp bilde og ei historie fra den fangen som satt der. Blant anna cella med «The Key», der ein fange lage ein universalnøkkel – forsøk på å rømme, og cella til Nelson Mandela. Lærte om dei ulike grupperingane i fengselet, A, B, C, D … og om du gjorde bra eller dårlig så vart du flytta mellom dei, kva opprinnelse du hadde var og med på å bestemme kor bra behandling du fekk i fengselet. Fangane jobba heile dagen, utanom søndag trur eg, då spelte dei fotball. Dei underviste kvarandre i hemmelighet i det dei kalla universitetet, som var ei hole i fjellet der dei jobba. Visste dokke forresten av Nelson Mandela hadde sin eigen hage i luftegarden? Det veks der enda.

Var kjekt å komme hit, third time’s the charm. Eit lite minus på touren var at det var veldig store grupper som vart guida rundt. En lang buss med 3+2 seter i bredden. Så viss du ikkje stod veldig nærme guiden, eller var kjapp når ein flytte plass under omvisninga, så var det vanskelig å få med seg alt som vart fortalt.

20151026_141742_red20151026_141934_red

Strand
Ein anna aleine dag eg hadde reiste eg ikkje inn til byen, men tok meg ein tur på stranda like ved backpackeren. Eg var der ikkje så lenge, for det var litt vind så vart litt kald, og så hadde eg ikkje med meg verdisaker (mobil med klokke) i tilfelle eg ville bade, så eg ikkje skulle bli frastjelt noko medan eg var i vatnet – så da trudde eg at eg hadde vore der mykje lenger enn eg hadde. Fekk vertfall litt sol på kroppen og lest litt bok. Berre deilig, og med nydelig utsikt mot CT og Table Moutain.

20151029_084605_red
«Vår» strand, i Table View.
20151027_184013_red
Ei anna flott strand i CT, i Camps Bay, med utsikt mot «The Twelve Apostels» (fjella).

– Marthe

Advertisements

6 thoughts on “Cape Town – del 1

  1. Jeg hadde utrolig flaks da jeg var i Cape Town. Vi hadde bare to dager i byen før vi skulle videre nordover mot Namibia. Den første dagen ble brukt i Waterfront og på tur sørover til Cape Point og Kapp det gode håp. Den andre dagen var vi de aller siste som kom opp med kabelbanen til Table Mountain før den stengte på grunn av vind, og det var første dag på ukevis at banen i det hele tatt var åpen. Etterpå dro vi til Robben Island, uten å ha bestilt billetter på forhånd, og det var første dag på flere uker at øya var åpen for besøk, siden vinden hadde vært for sterk. Godt du kom deg ut dit på tredje forsøk 🙂

    Jeg har også vært omtrent der hvor det siste bildet er tatt, men hadde gitt opp å huske hva det heter, så takk for opplysningen! Der falt noen brikker på plass 😀 For øvrig er det bildet innmari fint – mye finere enn de bildene jeg fikk tatt der!

    1. Så bra at brikkane falt på plass:) er ikkje lett å huske navn på alt. Kjekt at du likte bildet:) Bra du hadde flaks, en treng det av og til! Kom meg heldigvis til Table Mountain seinare, med første cabel car opp. Du fekk gjort masse kjekt på dei to dagane, bra valg av aktivitetar!

  2. Camilla

    Tusen takk, Marthe, for kjempefin bloggpost og så flotte bilde! Etter nesten 4 år i Cape Town er det fortsatt mykje eg ikkje har gjort óg! 😅 Synes du har fått mykje ut av tida, og så flott at du endeleg kom deg til Robben Island. Det er eit minne for livet, og ein viktig del av historia. Håper vi kan reise til Cape Town ilag neste gong, det fins så mange fine skattar der ❤️ PS: eg har spist min andel Salticrax, så gøy at backpackeren heite det!

  3. Så fantastisk! Flott innlegg. Jeg var i Cape Town i noen dager for et par år siden, men det var dessverre for jobb, så rakk å gjøre svært lite før jeg måtte reise hjem igjen 😦 Må garantert tilbake!

    1. Berre å reise tilbake. Eg kan gjerne reise dit igjen, er så flott! Uansett kjekt å ha vore der, sølv om du ikkje fekk gjort så masse.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s