Cape Town – del 2

V&A Waterfront
Victoria & Alfred Waterfront, et veldig hyggelig havneområde i CT. Der er stort kjøpesenter også (V&A). Favoritten min på Waterfront er matmarkedet som ligg på Nobel Square. Der står det også statue av Albert Luthuli, Desmond Tutu, FW de Klerk og Nelson Mandela, med Table Mountain som bakgrunn og det Sør-Afrikanske flagget. Matmarkedt er ein god erstatning då eg ikkje kom meg til Old Biscuit Mill denne gangen – eit laurdags matmarked som eg anbefalar veldig dersom du skal til CT. Så der fekk eg kjøpt med meg favoritten – tørka annanas. Det er så masse godt der, at ein kan gå rundt heile dagen og berre smake, ete og kose seg. I havneområdet er der masse folk, gatemusikanter, boder som selger turar, hotell, et lite pariserhjul der du får fin oversikt over området, restauranter mm. Veldig hyggelig tidsfordriv. Det er herfra båten til Robben Island går, og her ligg også eit akvarium – der har eg ikkje vore.

20151026_120207_red
20151026_120133_red20151026_113542_red20151026_113930_red

Bo-Kaap
Ein stor favoritt for meg i CT er eit områder som heier Bo-Kaap, eller Malay Quarter. Eit muslimsk område der husa er i alle slags sterke fargar. Fra limegrønt, til rosa, orange og lyseblå. Fasinerande, og utrulig vakkert. På min Hop-On Hop-Off bustour vart eg forklart kvifor denne gata er så fargerik. No huskar eg ikkje akkurat kva dei forklarte (selvfølgelig), men det var etter slavetida? når dei var fri, og dei male husa i slike fargar var å understreke at her budde dei og at dei var fri til å gjere som dei ville. Rett meg gjerne dersom dette vart feil – sleit med google informasjonshenting på dette området. Uansett var det veldig oppklarande der og da, og det gir plassen eit meir historisk samfunnsblikk som eg ikkje tenkte på første gang eg såg husa. Eg har vore her ein gang før, men eg får liksom ikkje nok. Må liksom utforske litt meir, alltid.

20151027_164342_red20151027_163850_red20151027_164314_red

Den oransje bilen er berre ein stor favoritt! Eit av dei bilde fra turen eg likar best. Orange bil, orange hus. Trengs ikkje meir forklaring. Neste gang eg skal til CT skal eg sette av minst ein time til å utforske området. Eller kanskje ein dag. Eg veit ikkje. Bo-Kaap ligg nedanfor Signal Hill, berre gå oppover fra Long Street og spør litt om retning dersom du ikkje finn fram, plutselig så ligg den der og lysar mot deg. Her ligg og eit museum om området, det kunne vore interessant å besøke. Det blir og arrangert walking-tours i CT, der ein blant anna er innom Bo-Kaap. Kjekt dersom ein ønsker å bli vist dei store hisoriske plassane i CT uten å leite seg fram sjølv og all informsjonen.

20151027_163649_red20151027_164041_red

Table Mountain
Eit meir eller mindre krav å besøke når ein er i CT er Table Mountain. Ettersom vi ikkje fekk sett solnedgangen då vi hadde tenkt så måtte vi reise tilbake seinare. Denne gangen reise vi ut for å ta den første Cable Caren opp til fjellet. Hadde håpa å møte ein Dassie på toppen, men dei gav ikkje lyd fra- eller viste seg. Møtte derimot ei fotogen øgle/gekko/salamander med blått haud som poserte for meg.

20151028_090328_red20151028_083636_red20151028_084258_red20151028_085513_redDet var ganske disig denne dagen, noko som eg øverhørte fra ein tourguide ikkje var så veldig vanlig. Kunne tenke meg å gå opp Table Mountain ein gang, tenker eg må klare å få til det. Hadde ikkje så lang tid her oppe, for vi måtte tidlig tilbake til backpackeren fordi dei eg reiste opp med skulle ut på havet og hilse på haien.

20151028_083716_red20151028_084038_red20151028_085144_red

Rett og slett nydelig!
Cape Town skuffar aldri, og no vil eg tilbake!

– Marthe

Advertisements

11 thoughts on “Cape Town – del 2

  1. Enig i at Victoria & Alfred Waterfront er et hyggelig område, og utsikten fra Table mountain er fantastisk! Bildene fra Bo-Kaap er man jo nødt til å bli glad av – dit må jeg dra hvis jeg skal tilbake til Cape Town! Mange flotte bilder 🙂

  2. stinefriis

    En vakker dag vil jeg og reise mer på det afrikanske kontinentet. Til nå har jeg kun besøkt Egypt, og ser fram til dagen jeg kan dra lenger sør. Cape Town er høyt på lista!

    1. Anbefalar virkelig å reise masse til Afrika! Det er mitt favoritt kontinent, og alltid dit eg vil tilbake. Veit ikkje kva som gjer det, men eg er alltid glad i Afrika, uansett kor eg er. Cape Town er ein stor favoritt.

  3. Camilla

    Takk for fine skildringa og stemningsfulle flotte bilde! Statuane av Madiba & co er så fine, og set liksom den historiske stemninga på Waterfront. Dei har forresten supergod falafel ved utgangen frå sjølve kjøpesenteret 😂 Og det e nåken år sida eg var på Akvarium/et, då va det vertfall flotter store og små. Neste gong får vi drikke kaffe ved Muille Point. Og ete curry og roti i Bo Kaap! Trur det e Olai sin bil som sto framfor det oransje huset? 😀 Og kafé i Kloof St. Ellers er Iziko Slave Lodge et flott museum. Og Table Mountain; DÅN. Cape Town sett seg i sjela for alltid!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s