Bangkok

One day in Bangkok. Visited Sky bar, trip by canal boat, and was on a tour in Chinatown. Many beautiful colors in this great city I never thought I was going to visit.

Ankom Thailand etter fem fantastiske veker i Sør-Afrika. Hadde det så flott i Sør-Afrika, at det å reise til Thailand eigentlig var litt trist. Det tok over ei veke før eg greide å like meg. I Bangkok budde vi på «New Road Guesthouse» i to netter. Ettersom vi ikkje hadde planlagt noke som helst for den eine  dagen vi hadde i Bangkok, endte vi opp med å blant anna melde oss opp på eit par turar som hostellet arrangerte.

Sky Bar
Vi ankom kom på kvelden, og gjekk ut for å ete etter vi hadde stasjonert oss på rommet. Etter å ha smakt på litt thaimat fant vi vegen fram til Sky Bar, ein bar på toppen av Bangkok føltes det som, i 64. etasje. Flott utsikt som virkelig gir innblikk i kor stor denne byen er, men likevel forstår ein ikkje kor stor den er. Med ein stor gullkuppel i ryggen kunne eg skue utover denne byen, ein by som eg eigentlig aldri hadde nokon plan om å besøke, men plutselig var eg her likevel. Fortsatt litt uvirkelig akkurat det der.

20151030_230650_red20151030_224552_red

Kanalbåt / Canal boat
Å ta kanalbåt er vel nesten ein obligatorisk turistattraksjon i Bangkok? Og ettersom vi berre hadde ein dag her – så var turistar. Det var eigentlig ein veldig fin tur, og vi var innom mange stopp og fekk sett mange fine plassar og fargar. Det er virkelig ordet for Bangkok i mine auger – fargar. Overalt. Båter, blomster, tempel, boder og maten. Stor kontrast fra det brune og orange fra mesteparten av det eg opplevde i Sør-Afrika.

20151031_092226_red20151031_092637_red20151031_094127_red20151031_094705_red20151031_094810_red20151031_095448_red

Vi var innom ein orkidéfarm, det har eg hatt lyst til å besøke sidan eg las «Orkideens Hemmelighet» for nokre år sidan.  Det var dessverre ikkje så mange blomster i blomst akkurat no. Veldig fint likevel. Har alltid vore glad i orkidéar, så dette var gøy.

20151031_113035_red20151031_113250_red

Hadde eit stopp ved eit lite tempel, der var det litt restaurering – så det gav nok ikkje det beste innblikket. Ein ting eg tenkte mykje på da vi kjørte langs kanalen og såg tempel og stautar på alle kantar, og i etterkant i Thailand, er at eg eigenlig synst det ser litt juks ut, at det ser ut som det er laga for å sjå falskt ut. Det er jo litt trist at det er det innblikket eg sitt med på det som thai folket ser på som det viktigaste for dei. Det er vakkert, men det er ikkje så alfor pent. Dessverre. Det blir rett og slett for mykje av det gode, men kanskje det er det som er litt av det. At det skal vere litt overdådig. Fasinerande er det vertfall.

20151031_100710_red20151031_100328_red20151031_100647_red20151031_100817_red20151031_100005_red

Etter vi hadde sett på tempelet ei lita stund så hadde på forrige stoppet guiden kjøpet ein heil hau, og da meinar eg faktisk ein heil hau, men plastposar fulle av fiskemat – som lika meir på ostepop, både i gult, rosa, grønt og orange. Dette skulle vi da kaste på elva, der det krydde av fisk. Det var heit ekstremt mange. Dersom eg hadde villa kunne eg har plukka fisk med hendene, og mange av dei, utan problem.

20151031_110729_red20151031_121308_red20151031_121205(0)_red20151031_121504_red

Eg synst flagga over kanalen var så fine. Igjen- her er så mange flotte fargar!

20151031_102446_red20151031_102154_red20151031_115519_red

Bangkok
Etter båtturen gjekk vi i land ved ein av havnene. Her gjekk vi rundt og såg oss om. Der var mange boder som solge frukt og diverse ting. Så kjøpte meg ein pose med vannmelon på pinner. Hadde planar om å gå tilbake til hostellet – både for å bruke tida, og for å sjå meir av området – men etter å ha traksa lenge og gått litt feil så såg vi at vi ikkje kom til å rekke fram før vi skulle på kveldstour i Chinatown. Så då måtte vi skaffe Taxi. Noko som var lettare sagt enn gjort. Så mange vi spurte, og viste kart og adresse, men ingen visste kvar vi skulle. Vi delte oss i to, min taxi fant fram, den andre kjørte heilt til andre sida av byen.

Chinatown
Av alle ting så var vi på ein tour i Chinatown, i Thailand. Vi stusse då vi var tilbake på hostellet kvifor vi reiste til Chinatown når vi hadde så kort tid i Bangkok. Vi fekk vertfall kjørt Tuk-Tuk, så det var stas. Fort kjørte dei vertfall, uten sikring eller veggar. Han som kjørte den eg satt på viste ikkje ein gong kor vi skulle, så vi sa han måtte følge etter dei andre – som allerede var lang vekk og nesten ute av syne. Touren trudde vi at vi skulle gå fra bod til bod å smake på mange ulike matrettar. Vi kom dit etterkvart, men først gjekk vi rundt i ein time og hørte om buddhisme, og forskjellen mellom Kina og Thailand på dette området. Det var interessant, men vi hadde ikkje fått med oss denne biten, så vi var kanskje ikkje det mest våkne og interresserte publikummet. Vi var heller ein haug trøtte og sulte nordmenn på tur, pluss to danskar – som også eigenlig var på samme stille som oss. Vi fekk tilslutt smake på masse god mat, og smakt nye ting. Å sitte på ein vanlig restaurant gir ikkje heilt den samme følelsen som det er å få den ute langs vegkanten. Det smakar mykje bedre på denne måten.

20151031_201741_red

Dagen etter vart vi henta og kjørt til Wildlife Friends Foundation Thailand, for tre nye veker med frivillig arbeid.

– Marthe

Advertisements

4 thoughts on “Bangkok

  1. Jeg har aldri vært i Thailand, men har jo sett mange bilder av templer og statuer, og er enig i at det kan bli for mye av det gode og ikke særlig pent. Det er jo i grunnen fascinerende hvordan det som blir sett på som vakkert for veldig mange i et land anses å være grelt for veldig mange i et annet land. Tipper en god del folk fra Thailand (og andre steder) ville synes at Norge er et grått og trist land med vanvittig kjedelig og anonym arkitektur, sammenlignet med det de er vant med.

    Men de fargerike flaggene over vannet var flotte – likte veldig godt det øverste flaggbildet!

    1. Egentlig godt å høre at du er enig meg meg. Følte meg litt slem når eg ikkje synst det var så vakkert, haha. men veldig fascinerende. Kjekt du likte bilda!

      Ja, Norge er sikkert grått og trist for mange, og kan forstå det når en ser den store kontrasten på plassane rundt om, som bla. i Thailand. Synst det er litt grått og trist her ofte sjøl og.

  2. Jeg synes det er artig med alle fargene og de overdådige templene man finner i Asia – men kanskje ikke så veldig pent, nei 🙂
    Bangkok er en interessant by, noe som overrasket meg første gang jeg besøkte byen, hadde ikke store forventninger!

    1. Ja, det er veldig artig å sjå det! Eg hadde heller ingen forventninger, anna enn at eg tenkte byen var veldig stor, men eg var der ikkje lenge nok til å få eit tydelige inntrykk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s