Wildlife Friends Foundatin of Thailand

Three weeks volunteering with animals at Wildlife Friends Foundatin of Thailand. We prepared and handed out food, scrubbed pools, changed and refilled drinking water, cleaned the enclosures, and once a week there was a food truck, so we placed the new food supplies. There was a lot of work and long hours six days a week. I did not like it so much the first week, but on departure day I could happily have been there longer. Met lots of animals, and many I’ve never heard of. There were very many monkeys, and such a high ambulance sound that came out of those gibbons!

Tre nye veker med frivillig arbeid for dyr. WFFT er eit stort senter, og har vore på TV fleire gangar med «Bondi Vet», National Geographic, Animal Planet. Det er inndelt i to deler, Elephants og Wildlife. Det var heilt klart fleirtal av frivillige på Elephants. Vi var likevel ein god gjeng på Wildlife. Det var lange arbeidsdagar seks dagar i veka, med mykje arbeid. I starten var det veldig annerledes, og på ein måte ensformig eller kjedelig, for det var ikkje heilt som forventa. Etter første veka var gått så kom eg meir inn i det og det vart veldig kjekt. På avreisedagen hadde eg ikkje hatt noko imot om vi fekk beskjed om at vi måtte bli lenger.

Der var ulike grupper, Primates 1 & 2, Bears 1 & 2, og Other Wildlife. Eg var to dagar på Primates 2 og tredje dagen var eg ledar og styrte gruppa. Deretter vart eg flytta til Bears 2, og vart leder der den tredje gangen. Slik rullerte det og eg fekk vere innom alle gruppene, men ikkje leder på alle. På noken av gruppene var det meir å huske på enn andre, så noken var slik enklare grupper. Arbeidet vi gjorde var å forberede mat og dele den ut, koste og rydde innhegninger, skrubbe basseng, og skifte og fylle på drikkevatn. Kvar tredje dag kom også nye matforsyningar som vi måtte flytte fra lasteplanet og legge på plass.

På WFFT var der veldig mange ulike dyr, og mange dyr eg aldri har hørt om før. Det var likevel eit stort fleirtal av apar, Macaque, Langur, Gibbons – og noken fleire typar eg ikkje kan huske navnet på. Aldri har eg hørt slike lydar som ein Gibbon lagar – som ein ulanda ambulanse! Her var bjørner – Sunbears og asiatisk svart bjørn. Nokre fugler – papegøye, kakadue, kite, påfugl, Parakeet og andre . Her var Slow Loris, oter, grisar, skilpadder, tortoise, hjortedyr i skogen, sjakalar, iguanar, Fishing Cat, Leopard Cat, krokodille, Porcupine, Civet, Binturong og sikkert veldig, veldig mange fleire. Bilder av mange av desse kjente og ukjente dyra kjem.

Alle dyra på WFFT er redda dyr. Nokre redda fordi dei har forvilla seg inn i lokalbefolkninga, nokon har skada seg, nokon levert på døra, og fleire redda fra tempel, gatene, eller diverse turistattraksjoner. Senteret har sitt eige Wildlife sjukehus som alltid hadde pasientar, og medan eg var der bygde dei eige elefant sjukehus. Dette er eit stort senter i utvikling, men likevel godt etablert og godt kjent. Fleire dyr er midlertidig på senteret, for så å bli satt ut i det fri igjen. Ikkje alle er i tette bur, fleire apar litt utanfor sentrum på senteret budde i innhegninger med gjerde rundt, men mange tre inni og utanfor, slik at dei hadde mulighet til å komme ut dersom dei ville det. Mange dyr kan likvel ikkje ut igjen idet fri, av ulike årsakar. WFFT har ein «no hands policy», så her er ingen direkte kontakt med dyra, utanom grisane, kattane og hundane.

– Marthe

Advertisements

2 thoughts on “Wildlife Friends Foundatin of Thailand

  1. Så spennende å få jobbe tett med så mange forskjellige dyr! Det må ha vært litt av en opplevelse! Godt å høre at dyrene blir godt tatt vare på også, og at en del av dem blir satt ut i det fri =)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s