Dyr på WFFT – del 1

Photos of some of the lovely animals at Wildlife Friends Foundation of Thailand. Although one does not have direct contact with them, you came to love them.

Bilder av nokre av dei flotte og fine dyra på WFFT. Sjølv om ein ikkje har direkte kontakt med dei, blir ein likevel glad i dei. Dei fleste vertfall. Viser nokre av dei no, og resten seinare.


PRIMATES
Ein av mine store favorittar var å gi Gibbons «Bamboo Feeders», vi kutta opp frukt og la ned i bambus. Så må apane klare å få det ut sjøl. Dei hadde slike «utfordringar» av og til. Eller vi laga is til dei, frø i vatnet, divsere enrichments – usikker på god oversetting her. Poenget var at dei skulle få noko anna, og måtte tenke litt eller utforske sansar og smakar.

20151116_135810_red
Etter et av hans mange bad i løpet av dagen.

20151116_135737_red

Nokre av apane var veldig kjappe, og du måtte vere forsiktig i nærheten av buret ved mating/vatning. Plutselig kjem han i ei voldsom fart og grip deg rundt håndleddet – som gir blåmerke av fingrane hans i ei veke. Eller du er mister masse hår fra hovudet ditt. Den første fekk eg sjølv oppleve, og den andre observere.

SKIPLADDE /TURTLE & TORTOISE
Absolutt det verste bassenget å skrubbe var det til skilpaddene. Sluket her var ødelagt, noko som betydde at vi måtte tømme det for hand. Det tok tid. Visste du at skilpadder har salmonella på seg? Det fekk vi vite etterkvart. Så passa på å vaske meg godt etter å ha stått barbeint å skuffe ut vatnet dei var i – og samtidig passe på at dei ikkje kom å beit deg i tåa. Gjekk heldigvis bra det da. Skilpadde på engelsk har eg alltid lært er Turtle, men dette gjeld kun for dei som bur i havet, medan landskilpadder faktisk heiter Tortoise.

20151112_093711_red
Tortoise

20151119_095354_red20151119_095409_red

Ei lita historie:
Hadde kome heim, og vore heime nokre dagar. Fortsatt ikkje heilt tilbakestilt på norsk natur. Det var mørkt, og eg hadde rygga bak bilen og klar til å kjøre. Der ser eg noko lite og svart på vegen, og det første hjerna mi slår inn på er «No må eg passe på å ikkje kjøre på den skilpadda» – Det var dessverre ingen skilpadde, berre ein stein. Kvar gang eg ser den steine no – så ser eg fortsatt skilpadda eg såg første gangen. Setninga «Don’t step om the small turtles!» er fremdeles friskt i minnet.

FUGLER /BIRDS
Desse var ikkje dei kjekkaste å koste inne hos. Hos nr. 1 her, Kite, flaug over hovudet og traff deg med vingane medan du står og skrubbar vekk fugleskit fra bassengkanten.

Blue her under såg seg ut folk han ikkje likte, og gav dei beskjed om det. Dessverre var eg ein av desse. Så han flaug på meg med vilje, og skrapa meg med klørne i nakken då eg bøyde meg framover i et fluktforsøk. Så eg turde ikkje gå inn dit igjen seinare. Det var synd, for eg likar så godt papegøyer. Tek det litt personlig å bli angrepe av han altså, vertfall når han gjorde det både to og tre gangar – men ikkje brydde seg om dei to andre som også var med inn.

20151120_082846_red
Oppe til venstre var der ein lite krabat som også ville vere med på bildet.

BJØRNAR /BEARS
Etter å lenge ha hørt om den lille Sun Bear bjørneungen fekk eg endelig sett han. Såg han kun to gangar på dei tre vekene, men så fin. Inne hos bjørnemor og bjørnungen var det også eit par svarte kattar som stakk innom. Tok av og til feil av katt og bjørn i et øyeblikk.
20151111_143642_red20151111_143601_red

20151113_141416_red
Er det bjørn eller katt bak der?

Der var fleire bjørnar på senteret, Sun Bears og Asiatisk svart bjørn. Nokre med litt originale navn som Pepsi & Cola.

20151108_155502_red
Pepsi, eller var det Cola?

Dei hadde så flotte innhegninga alle bjørnane. Spesielt dei som budde i «Newlands», litt utanfor sentrum av senteret. Store flotte grønne områder, men bassenge, tårn å klatre i, og flott område å bevege seg i. Då vi delte ut mat kasta vi noko opp i tårnet, la det det i dekk, kasta på vatnet, gjømde i holer eller i bakken – slik at dei måtte leite etter maten og ikkje berre ete fra ein hau med frukt og grønnsaker.

ANDRE /OTHERS
Ei lite favorittoppgåve var å rydde inne hos Female Pigs, for der var det grisunger – som var nysgjerrige og ville hilse på. Så etter et besøk der var alltid handa mi full av små grisetryne avtrykk. Var eit par krokoddiler på senteret, denne store her hadde navnet Dundee – selvfølgelig.

I denne innhegninga budde det tre otrer. Før budde det ein aleine her, og der han kom fra var han lært opp til å skrike for mat – ein veldig skjærande høg lyd. Så det gjor han forstatt kvar gang vi gjekk forbi. Så flytta det to til inn ho han, som aldri laga lyd – etter ei lita stund der, så stod alle tre ved gjerde og skreik.

Slow Lories, det nydeligaste eg har sett. Dei er nattdyr, men denne karen her, med navnet Russel, var ikkje alltid helt klar over det. Slow Lories blir ofte haldt som kjæledyr, og dei er faktisk giftige. Dei har eit stoff på seg som er farlig. Så å ta på desse er ikkje lurt. Dei er som navnet tilseier ganske langsomme i bevegelsane – likevel dersom du prøvar å fange ein så er dei ikkje så treige likevel.

20151113_164244_red20151119_103553_red

Leopard katt, visste ikkje at den eksisterte. Egentlig eit nattdyr den her og, men han rangla en del trur eg. Han fekk rå kylling til mat, og nokre dagar også eit kokt egg. Omtrent på størrelse som ein huskatt, om ikkje litt større.

20151104_070656_red

– Marthe

Advertisements

6 thoughts on “Dyr på WFFT – del 1

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s