Hua Hin

Had one day off a week when I was at the Wildlife Friends Foundation of Thailand. So this was a total of three days. I spent the days in Hua Hin, a city not too far away from WFFT, an hour I think. A nice break from the everyday life at the center, where you’re just enjoy the day, the beach, the restaurants, the markets, and just look around and having a good time.

Hadde en fridag i veka då eg var på Wildlife Friends Foundation of Thaland. Så dette vart tilsammen tre dagar. Dei dagane brukte eg i Hua Hin, ein by som ikkje låg så langt unna WFFT, ein time omtrent trur eg. Eit fint avbrekk fra kvardagen på senteret, vere litt turist og berre kose seg heile dagen – ligge litt på stranda, ete på restaurant, gå på marked, og berre sjå seg rundt.

Heile fridagar brukte eg i Hua Hin, likevel på nokre av kveldane fant vi også på litt. Var på eit spa 20 min unna, eg tok ingen behandling for det lik eg ikkje, men eg var med for der var så innmari god is på restauranten! Var også å åt middag ein kveld i Cha-am, som ein slags avskjedsmiddag for ei i gruppa vår som skulle reise vidare før resten av oss. Ellers var vi på ei utflukt som senteret arrangerte. Var først å såg «Bat Cave», før vi var på eit nattmarked der det var solgt alt fra mat, kle, kjæledyr, elektronikk, popcorn, mobildeksel, det meste egentlig.

For å sjå «Bat Cave» satt vi på eit lite slags tak terrasse til det mørkna. Då kom det, 10 millonar flaggermus ut av ei hule og flaug forbi, og det varte og varte og varte. Veldig mange flaggermus med andre ord. Vart litt skuffa over dette, for hadde litt større forhåpninger enn det som vart innfridd. Hadde hørt at dei skulle komme over oss, og hadde innbildt meg at dei var nærmare. Det var likevel veldig spesielt å sjå formasjonen dei flaug i, som ei røyksky fra ei pipe som varar og varar.

20151104_181755_red
Ikkje så godt å sjå, men den svarte linja som strekk seg slyngande over himmelen ut fra fjellet, er nokre tusen flaggermus på veg ut i nattemørket.

Dei tre heile fridagane brukte eg altså i Hua Hin. Vi oppdaga ein favoritt i Thailand, nemlig «The Coffee Club», så her åt vi veldig mange måltid, både i Hua Hin og seinare i Phuket – som vi var i siste veka før vi reiste heim til Norge. God mat og drikke til ein rimelig penge. Utanom å besøke «TCC» og andre resteurantar så brukte eg tida i Hua Hin på strande, i gatene berre for å sjå, og på nattmarked for litt handlng. Taxiane vi tok var åpen, noko som eigentlig var litt skummelt, spesielt dersom du satt ytterst – full fart og ingen setebelte eller sikring av noko slag. Sånn er Thailand. Hua Hin er ikkje ein plass eg hadde reist på feire til seinare, litt for «kjedelig» til det etter min smak, men ettersom Hua Hin ikkje låg så langt fra senteret, var ein perfekt plass å tilbringe fridagane.

Har selvfølgelig dei obligatoriske elefantshortsa, ein glir rett inn i det Thailandske miljøet, haha. Neida. Men dei er no fine uansett om det for noken kanskje er litt harry. «Alle» har dei, så då er det vel greit.

Tok turen på toppen av Hilton Hotell i Hua Hin for å sjå utsikta over byen. Etterpå smuglånte vi WC for å skifte til bikine og sette kursen mot stranda. Frukosten tok eg alltid på «TCC», og middag på ein plass som solgte pizza. Ettersom eg ikkje var så alt for glad i maten på sentret, så var det godt å ete noko vestlig når ein hadde sjansen til det.

Snapchat-9147144813942116159_red

Åh, nam nam. Får vann i munnen av bildene. Det var så godt. Masse sukker og digg – bra å starte dagen med dette. «Pancake Stack» på øverste bildet var favoritten. Anbefalast dersom du besøker «The Coffee Club» i Thailand.

20151118_091500_red

20151114_125413_red
Hilton Hotell, Hua Hin. Ikkje vore på så stilig bad på lange tider, til og med handduk å tørke hendene med. Så det må man dokumentere.
20151114_125146_red
Utsikt fra toppen av Hilton Hua Hin, 17. etasje.

20151114_125143_red

Vatnet var varmt, og det var ingen forkjell i temperatur frå over og under vatn. Herlig! Ser ut som en veldig stor pizza. God var den vertfall uansett! Eg får aldri nok pizza.

20151107_143605_red
Ei av jentene hadde bursdag, og hadde ordna så alle sju kunne ha fridag samtidig. Under middagen så kom det plutselig ei parade forbi. Musikk, dans, fargar og pynt.

20151107_143426_red

20151107_112211_red
Var nedom småbåthavna og såg på dei sjarmerande fiskebåtane.

Hua Hin var ein fin plass å slappe av på, og koble ut. Likte veldig godt nattmarkedet, men der hadde eg sjølvsagt heilt glømt å ta bilder. Der var vartfall mange fine ting å kjøpe, klede, sko, ting og tang av alle slag. Også litt matboder rundt om. Også kjekt å berre oppleve atmosfæren og alle menneska.

Eg hadde også ein veldig morsom frisørtime i Thailand. Håret trenge litt omsorg, så medan alle tok ulike massasje behandlingar så fant eg ut at eg like gjerne kunne gjere noko eg og – så då tok eg sjansne på å klippe meg litt. Det gjekk heldigvis heilt fint. Einaste at dei klipper litt annerledes i Thailand, der dei i Norge klipper innover i håret når dei stussar, så klippar de i Thailand rett av. Så etter ho hadde gjort det over heile håret, så samla ho håret mitt i ein hestehale, og med saksa i andre hande var ho klar for å klippe. Eg spurte ei av jentene, som satt bak meg, om ho trudde at frisøren no kom til å klippe av meg alt håret – så lo vi, og frisørdama forstod nok kva eg var bekymra for. «No, no» sa ho, og viste meg saksa – som var ei slik uttynning saks. Etter klippen måtte ho forsikre seg om at eg hadde forstått, og viste med begge saksene for å vise. Eg fekk og retta ut håret mitt med rettetang, noko eg aldri brukar for eg hatar når håret heng rett ned. Heile frisørtimen starta med at ho, etter å ha vaska håret, veldig grundig, gav meg hårbørsten så eg skulle børste det sjølv – den forstår eg eigentlig, for eg hadde ikkje børsta håret på over ei veke og det var fult i floker. Ho braut ut i latter då ho kom for å begynne å klippe, og såg den store hårdotten som låg igjen på bordet etter min iherdige innsats på å få kontroll over håret. Anbefalar virkelig å klippe seg i utlandet, det gir gode og morsomme minner!

20151114_120348_red

– Marthe

Advertisements

11 thoughts on “Hua Hin

  1. Camilla

    Så koselig! Takk for at du igjen tok meg med ut i verda et par minutt 💚 Litt nysgjerrig på koffor det var for kjedelig det, ej vart vertfall reisesjuk (og pizzasjuk) 😂 Jepp, å klippe seg i andre verdsdelar er alltid risikofylt og morsomt! 😘

    1. Ikkje sånn kjedelig at ej kjeda mej, hehe. Hadde det helt fantastisk! men hadde ikkje valgt den byen å ta ei-to veke ferie. Berre fordi at all anna ferie frista meir, :p. Kjekt at du vart litt reisesjuk, ej og blir det. Kunne sikkert utforska byen meir, for vi fann alltid berre fram til dei samme plassane.

      1. Camilla

        Hihi ja klart, man kunne alltid utforska meir, men ej syns det såg ut som du fekk masse ut av dei få dagane, og at du naut livet – ikkje berre farta rundt for å krysse av på lista «alt man he sett og gjort».. 😋 Og det E så digg å kome på flotte hotell/toalett når man bur litt enkelt! 😍😂👌🏻 Måtte le av bildet, utrulig bra 🙊🙌🏻

    1. Ja, det var veldig herlig! Gode minner å sitte med. Savnar å kunne gå barbeint i sanden, eller berre sitte på en benk, kjenne sola og speide utover havet. Ingen ting som skal gjerast, og ingen som ventar på deg.

  2. Dette så jo ut som et trivelig sted å tilbringe tid i! Haha, jeg digger slike elefantshorts/bukser. De er jo så behagelige! Dessuten så den maten skikkelig yummy ut! Pancake stack ❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s