Dyr på WFFT – del 2

My favorite animals at the Wildlife Friends Foundation of Thailand is in this part 2. Where some are animals I’ve never heard of, they are fascinating these creatures that are unknown. This is the last post from WFFT. It was really a great center, I miss it. Met so many great animals, and many great volunteers.

Mine favoritt dyr på Wildlife Friends Foundation of Thailand er samla i del 2. Der noen er dyr eg aldri har hørt om, så fascinerande med desse skapningane som er ukjente. Dette er det siste innlegget fra WFFT. Det var virkelig eit flott senter, som eg savnar. Møtte så mange flotte dyr, og mange flotte frivillige.

BAMBI
Ikkje ein ukjent skapning det her altså. Ikkje lett å dele ut mat når Bambi også vil ha den. Der var ein flokk med hjort i skogen, og nokre få andre antilopedyr var observert. Hjortedyra var ikkje veldig redde, men litt så klart. Bambi her, var derimot for nysgjerrig til å vere skeptisk – så når vi skulle dele ut mat i skogen til andre dyr, så vart det ei lita utfordring.

20151103_152028_red20151110_171646_red

Bambi lyktes i forsøka sine av og til. Lot han/ho utforske når vi kosta og rydda innhegningar – altså ete restematen, så er kanskje ikkje så rart at han/ho prøve seg under matingane også.

Elskar dei nederste bilda her. Måtte undersøke om kanskje telefonen min også kunne etast. Må teste det ut, for tenk om det går!

IGUAN
Har fått ein heilt ny fascinasjon for slike dyr, veit ikkje kva som gjer det. Mi favoritt oppgåve då eg var på WFFT var å gå ned med mat til dei, og så å få dusje dei med vannslangen. Kunne stått å studert den orange her i lang tid. Helt nydelig i mine auge.

20151108_132345_red
I gang med dusjinga, han likte det så godt. Ser så vidt hans lille grå Fru bak han.

20151120_144539_red

Absolutt min nye favoritt skapning. Dei gav, det eg tolka som, faresignal dersom ein kom for nær ved å kaste hovudet litt bakover, så den store hudfolden under viste seg godt. Halen har stor styrke og er den dei brukar i kamp.

20151120_144527_red20151120_144517_red20151116_135131_red20151120_144554_red20151106_135254_redVar 4 iguanar vi hadde. Den eine var det litt «trøbbel» med. Han dreiv med litt flukt- og sjølvmordsforsøk. Vi var to som tilfeldigvis var tilstades då han plutselig gjekk på kanten av innhegninga, så då var det berre å legge beina på nakke og få gitt beskjed. Då eg kom tilbake hadde han kome seg på bakken og tatt ein liten spasertur. Han vart då flytta til ei anna innhegning. Såg ein dag at der var så mange som stod rundt der han var, då hadde han greid å klatre opp i treet (over eit metallstykke som var rundt stammen) og gjekk lenger og lenger ut på kanten. Så datt han jo ned da, og med flaks datt han der som det ikkje var noko han kunne skade seg på. Dei trudde kanskje at grunnen for at han er urolig, var fordi han er aleine – så håpar han får litt selskap.

Trur det var han til høgre her som dreiv med fluktforsøk.

BINTURONG
Det stod på arbeidsplanen vår «Don’t enter, he will eat you». Rart å tenke på viss det stemmer, for han var så søt der han låg. Store svarte auger, og ein buskete pels. Minna meg litt om en jerv, kanskje? Ganske stor var han og, større enn han ser ut som på bilder. Han er nattdyr, men han fekk mat om ettermiddagen. Vi lukka igjen innehuset hans så vi kunne gå inn og koste, skrifte vatn og gi mat. Så opna vi opp så han kunne gå ut og vi kunne lukke igjen og koste innehuset. Ikkje alltid så lett, for det hendte seg at han låg i åpningen og berre såg dumt på deg når du bad han flytte seg.

20151111_170754_red
«Her er det fint å ligge, så får ikkje du gjort noke som helst». Tilgitt da, ettersom han er så fin.

20151110_172155_red

CEVIT
Der var fem Cevits ute i New Lands, og i skogen på senteret var der tre. Det vil sei der var tre då eg kom, men berre to då eg for. Det budde eit par Cevist sammen bak Binturongen over, og ein tredje i den bakom der igjen. Ein dag då vi var nede for å koste hos dei, så gjekk den eine av paret fram og tilbake og såg veldig stressa ut. Vi prøvde å lokalisere den andre for å stenge av så vi kunne gå inn, men såg ho ikkje med det første. Så oppdaga ho eine som var der nede med meg at noko låg ved enden av gjerdet. Så sa ho at den såg litt død ut. Så var vi borte å såg på den, og ja, den var veldig død. Heilt våt og klissete, med all pelsen dratt tibake i samme retning, auga var heilt kvite og det var nokre fluer rundt hovudet. Ikkje eit kjekt syn. Såg eigentleg ikkje ut som ein Cevit. Tenkte først at den måtte ha drukna, for den var heilt våt, men den låg ikkje i vatnet. Så då var det igjen å springe og få gitt beskjed. Dei kom ned og hadde med veterinæren. Dei konkluderte med at det mest sannsynelig hadde vore ein pytonslange som hadde kome seg inn i innhegninga, svelga Ceviten heil, men då blitt sjå tjukk at han ikkje kom seg ut igjen. Dermed å ha kasta ho opp igjen, og reist. Så då låg altså Ceviten igjen i enden av innhegninga.

20151119_113039_red

Det var så vondt å sjå den etterlatte Ceviten kvar dag etter. Han låg berre på samme stad heile tida, og såg virkelig deprimert ut (bildet over). Før låg han omtrent alltid inne i buret, og kom ut når vi hadde satt ut maten. No låg han berre ute kvar gang eg såg han, og brydde seg ikkje om at vi kom inn og kosta og satt fram mat til han. Rart korleis dyr plutselig ikkje berre er eit dyr lenger, men at dei har tankar og følelsar, man ein merkar korleis dei reagerar på det som skjer. Plutselig aleine.

20151110_170522_red
Han her var fortsatt den samme, sjølv om naboen hadde hatt uvedkommande gjestar.

CASSOWARY
Den kulaste skapingen eg nokon gang har møtt, Bernie! Dinosaurfuglen. Det merkeligste dyret eg har sett så langt i livet. Legg merke til piggane som stikk ut fra sida. Tok tid før eg la merke til dei. Veit ikkje kva ein skal sei om han er. Flott og fascinerande er berre overskrifta.

Han hadde vore på senteret i tre år. Når han fekk mat gjekk han alltid for papaya først – viss eg ikkje huskar feil. Var litt skummelt å gi han mat. Måtte stikke handa inn med den nye skåla, vente til han tok den første biten – nokre cm fra fingrane mine – og så bytte ut med den gamle skåla – men det gjekk veldig fint. Laga til mat til Bernie då eg var på «Other Wildlife» gruppa, der var eg berre ein gong – så det vart ikkje så ofte. Han fekk mat to gangar om dagen. Var og å kosta opp haugevis med blad ein time der ein dag, det vart litt av ei treningsøkt på ein over gjennomsnittet veldig varm dag. Bernie var i ei lita sideinnhegning når vi var inne hos han. Han var litt små dum visstnok, så han hadde ikkje komt til å gjort oss noko – men eg er glad for at det var slik at ein skulle flytte han. Bra størrelse på nebb, piggar og klør på han her.

Forunderlige dyr vi har på denne jorda. Gler meg til neste gang eg møtar ein ny rar skapning, sjølv om det skal litt til å slå denne dinosauren i den konkurransen.

– Marthe

8 tankar på “Dyr på WFFT – del 2

    1. Ja, Bambi va ganske søt der :p
      Ja, det virka veldig som han forstod kva som hadde skjedd. Synst veldig synd på han. Rart å sjå forskjell i oppførselen før og etter. Fascinerande og trist.

Legg att svar til Elena Avbryt svar