Cape Town – del 2

V&A Waterfront
Victoria & Alfred Waterfront, et veldig hyggelig havneområde i CT. Der er stort kjøpesenter også (V&A). Favoritten min på Waterfront er matmarkedet som ligg på Nobel Square. Der står det også statue av Albert Luthuli, Desmond Tutu, FW de Klerk og Nelson Mandela, med Table Mountain som bakgrunn og det Sør-Afrikanske flagget. Matmarkedt er ein god erstatning då eg ikkje kom meg til Old Biscuit Mill denne gangen – eit laurdags matmarked som eg anbefalar veldig dersom du skal til CT. Så der fekk eg kjøpt med meg favoritten – tørka annanas. Det er så masse godt der, at ein kan gå rundt heile dagen og berre smake, ete og kose seg. I havneområdet er der masse folk, gatemusikanter, boder som selger turar, hotell, et lite pariserhjul der du får fin oversikt over området, restauranter mm. Veldig hyggelig tidsfordriv. Det er herfra båten til Robben Island går, og her ligg også eit akvarium – der har eg ikkje vore.

Continue reading «Cape Town – del 2»

Advertisements

Cape Town – del 1

Cape Town er full av aktiviteter og opplevelser. Det er ikkje lett å plukke ut kva ein skal gjere, så ein må berre reise til CT fleire gangar. Eg har vore i CT to gangar, og har fortsatt ting igjen på lista. Ettersom eg brukte tre dagar på roadtrip, så var det ferre dagar inne i CT. Var der i ei veke. Eg hadde likevel godt tid. Dei eg reiste med hadde meldt seg opp på fleire ekstremsport aktivitetar, men ettersom eg ikkje er så glad i det hadde eg eit par dagar aleine, og gjorde litt andre ting.

Continue reading «Cape Town – del 1»

Garden Route

Vi tok med oss Hyundaien vår og kjørte langs Garden Route. Dette er ein ei veldig fin roadtrip med mange flotte naturopplevelsar og stoppestadar undervegs. Det var ein fin tur, absolutt, men vi var alle enige på slutte av turen at den kanskje ikkje var så fantasisk flott som vi trudde. Enten så skriv bøkene den vakrare enn den er, eller så reiste vi inn til feile plassar, eller så er vi så bortskjemte med vakker natur og vakre plassar at vi ikkje opplevde det så vakkert som det eigentleg er. Ikkje veit eg. Vi hadde uansett ein kjempeflott tur, og det var veldig gøy å reise vekk fra CT, ha ei overnatting ein anna plass, noko som gjorde at turen føltes lenger, og sjå meir av landet. Sør-Afrika er nok det lande, utanom Norge, eg har sett mest av. Vi tok veldig mykje buss og bil iløpet av dei 5 vekene eg tilbrakt der. Ofte minte naturen meg litt om norsk natur, mykje grønt. Langs Garden Route kjørte vi og over litt fjell, og når det dukkar opp blant anna fjellvatn så kjenner ein litt på den norske følelsen, helt til det plutselig står eit par elefantar på nedsida av vegen – reality check, du er i Afrika! Yes.

Continue reading «Garden Route»

Cape Point

Vi budde på Saltycrax backpacker, Tabel View, i Cape Town. Ein backpacker eit stykke unna sjølve sentrum av CT, men fint plassert likevel. Taxi eller buss inn til sentrum gjekk fint ann. Eigaren av Saltycrax var veldig hjelpsom med alt mulig. Vi budde på mixed dorms, noko som fungerete heilt fint. Vi var jo sju stykk, så vi tok opp mesteparten av rommet uansett. Backpackeren hadde mange ulike turar og opplevelsar ein kunne melde seg opp på, så ingen problem med å fylle tida dersom ein har lyst til å prøve mange nye ting.

Continue reading «Cape Point»

Soweto

Soweto står for South Western Townships, og er ein bydel i Johannesburg. Ein Township er enkelt forklart den delen av byen der dei svarte budde under Apartheid. I dag er det eit klart fleirtal av svarte som bur der, men også nokon kvite har flytta dit for å ta del i bydelens fellesskap. Vi budde på backpackeren «Lebo’s Soweto» i Soweto. Ein veldig fin backpacker med veldig hyggelig vertskap. Den er eigd av Lebo og kona Maria. Vi hadde overnatting og måltid inkludert i opphaldet vårt, og maten var fantastisk god. Ho som laga mat var også veldig hyggelig og snill, og vi fekk alle klem då vi reiste, sjølv om vi kun hadde vore der eit par dagar. Soweto var veldig fargerikt, eg likte meg godt der. I Soweto finn ein «Orlando Towers», to fargerike tårn som du kan hoppe strikk fra. Nokon av jentene eg reise med hadde tenkt å gjere dette, men då vi kom ned var det dessverre stengt på grunn av dårlig vær.

Continue reading «Soweto»

Kruger National Park

Eg får aldri nok av safari, så det å skulle til Kruger National Park var ganske spennande, ettersom det er kjent som ein av dei store og flotte parkane å reise til. Det var ein flott safari, og eg fekk sett alle dei fem store! Elefant, bøffel, løve, nasehorn og leopard. Var faktisk heldig og sjå to leopardar, om enn langt vekk og vanskelig å sjå – så har eg vertfall sett dei! og det var stort. Om eg har sett dei fem store kan likevel diskuterast, ettersom eg berre har sett kvite nasehorn, og det eigentlig er svart nasehorn som er ein av fem store. Eg ser likevel enkelt på det, og tek eit nasehorn for eit nasehorn. Så kan eg heller få sett dei på nytt igjen skikkelig dersom eg skulle vere heldig å sjå eit svart nasehorn ein gang.

Continue reading «Kruger National Park»

4 Day Kruger Tour

Vi hadde fire dagar med Kruger Experience framfor oss, den var booka gjennom Saltycrax. Før vi kom til sjølve Kruger National Park var vi å såg på Blyde River Canyon, der vi såg Lisbon Falls, Bourkes Luck Potholes, og God’s Window. Dette hadde nok vore ein enda finare opplevelse hadde det ikkje vore for det overskya og tåkete været; for det har eg sett på google i etterkant.

Continue reading «4 Day Kruger Tour»

Pilanesberg Nationalpark

Vi fekk og reise til Pilanesberg National Park då vi var på Felidae. Vi (eigarane) kjørte 7 timar – så snilt! – til nasjonalparken. Først var vi halve dagen på Sun City Waterpark,  som ikkje er heilt mi greie. Eg er ikkje noko glad i badeland, og vannsklier skremmer meg berre. Alle andre hadde det vertfall kjekt, så det var det viktigaste. Så satte vi kursen mot Pilanesberg og safari.

Continue reading «Pilanesberg Nationalpark»

Flytting av dyr, og «The Big Hole»

Dei var veldig flinke på Felidae å gjere det dei kunne for å få oss frivillige til å få så masse ut av Sør-Afrika opphaldet som mogleg. Vi gjekk ofte ute og spiste, og dei organiserte turar for oss. Vi fekk vere med å sjå flytting av eit nasehorn og sabel antiloper, var på safari i Pilanesberg Nationalpark, og vi var og såg «The Big Hole» i Kimberly.
Continue reading «Flytting av dyr, og «The Big Hole»»