Til Bovu Island på påsketur

(skulle leggast ut i går, men internett ville ikkje laste opp alle bildene, så då var det berre å vente)

Aaaah, Bovu!

Fem av oss reiste denne helga på påskeferie til Bovu Island. Ei øy litt utanfor Livingstone. Den er 1km lang og 250m brei. Så akkurat passe stor. Her skulle vi berre kose oss og slappe av, frå fredag til søndag. Ikkje tenke på noko som ikkje var kjekt (som for eksempel bacheloroppgåva som snart skal leverast, den for vi tenke på igjen i morgon).

Vi vart henta nede på Livingstone Backpackers av han som bur på øya. Vi satt bakpå bilen, ikkje akkurat trafikksikkert da, og sikkert ikkje så veldig lovlig heller (vertfall ikkje i Norge), men veldig kjekt! Turen tok ca. 1,5t. På vegen til øya så kjørte vi gjennom nasjonalparken. På vegen utover stod det plutselig ein giraff i grøftekanten og åt på eit tre. Det var kjekt! På vegen tilbake såg vi nokre apekattar eit stykke innover ein veg. Så da var det litt dyreliv og. Såg og ein knallgul fugl, skikkelig gul. På øya var der og apar, eg såg dei ikkje, men hørte dei. Tonje og Marianne såg dei. Marianne såg og ei kjempestor øgle, eg såg visst ein Mongoose. Den for som eit lyn forbi meg når eg gjekk langs eine stien på øya. Brett (eigaren) sa at når dei for eine vegar betydde det lykke og andre veken ulykke, men han hugsa ikkje kva veg som var kva. Så eg håpar han spreng over lykkevegen. Det var lenge sidan han hadde sett dyret, så då var det ekstra kjekt å sjå det! Elles var der blant anna masse masse masse maur, fluger, noko kvepsegreier, edderkoppar og ekle tusenbein. Tusenbeina tok eg ikkje bilde av for eg treng ikkje bilde for å hugse kor ekle dei var…

Så her er det bilder frå turen:

Vi bruke ca 1,5t til øya trur eg. Ca. 1t på denne vegen, og ca. 30 min på humpete skogs veg der vi fekk litt greiner i trynet i blant. En del av opplevelsen. Vi satt bak på bilen alle sammen. Var veldig kjekt.
Vi bruke ca 1,5t til øya trur eg. Ca. 1t på denne vegen, og ca. 30 min på humpete skogsveg der vi fekk litt greiner i trynet i blant. En del av opplevelsen. Vi satt bak på bilen alle sammen. Var veldig kjekt.
Vi blei frakta til øya i kano av tre. Veldig idyllisk og fint.
Vi blei frakta til øya i ein kano av tre. Veldig idyllisk og fint.
Så ankom vi øya, og kom rett inn til baren. Der vi fekk velkomstdrikke på
Så ankom vi øya, og kom rett inn til baren. Der vi fekk velkomstdrikke på «huset/øya».
Kjøkkenhagen bak kjøkkenet. Her dei dyrkar mat som dei brukar til måltida våre. Vi fekk frukost, lunch og middag.
Kjøkkenhagen bak kjøkkenet. Her dyrka dei litt av maten som dei brukte til måltida våre. Vi fekk frukost, lunch og middag.
Fint krokodillehaud på utstilling.
Fint krokodillehaud på utstilling. Den låg atmed vegen inn til «Fisherman’s huts», det er ei hytte som manglar ein vegg. Såg veldig fint ut å sove der.
Bålet som varma opp vatnet i springen og dusjane. Å dusje på øya var eigentleg noko av det deiligaste der. Sola som skin, og varmt deilig vatn.
Bålet som varma opp vatnet i springen og dusjane. Dusjane og do har bambusveggar, og steinar på golvet. Dusjane hadde ikkje tak, så der står du nesten i det fri. På do var der litt åpent under taket, så da kunne du sitte der å sjå på sjernene om kveldne viss du ville det.
Her er vegen inn til rommet mitt. Vart litt skeptisk når eg fann ut ag eg skulle sove i telt. Er ikkje så veldig friluftsmenneke, men det gjekk bra! Marianne snill som ho er fjerna først alle insekt i teltet, før ho gjekk over heile og teipa igjen alle hol. Så tusen takk! Var ein kløppar på å knerte maur med slippersen iløpet av turen og.
Her er vegen inn til rommet mitt. Vart litt skeptisk når eg fann ut ag eg skulle sove i telt. Er ikkje så veldig friluftsmenneke, men det gjekk bra! Marianne snill som ho er fjerna først alle insekt i teltet, før ho gjekk over heile og teipa igjen alle hol. Så tusen takk! Vart sjølv ein kløppar på å knerte maur med slippersen iløpet av turen. Fornøgd med det. Fint å sjå litt stjerner og månen gjennom lauva på treet mitt om kvelden. Var greit å bu i teltet når eg først var kome inn.
Slik var det nokon ankom hyttene dei sov i. Veldig misunnelig på at dei budde slik...
Slik var det nokon ankom hyttene dei sov i (berre motsatt veg for her tek eg bilde innover igjen) Veldig misunnelig på at dei budde slik,
... og fekk sovne og vakne til Zambezi River utanfor. Høyre lyden av flodhestar medan du sovnar.
og fekk sovne og vakne til Zambezi River utanfor. Høyrte på lyden av flodhest medan du sovna, og stjernehimmel utanfor.
Dersom eg skal tilbake vil eg sove i ei av hyttene.
Dersom eg skal tilbake vil eg sove i ei av hyttene, evt. Fisherman’s huts.
Der var eit par slik som dukka opp under middagstid for å snappe til seg ein matbit. Var litt skeptisk andre kvelden då der sett ein på kvar sida bak meg, og eg følte dei var nær ved å hoppe opp på tallerkenen min. Var like før. Hugsar ikkje kva dei heite.
Der var eit par slik som dukka opp under middagstid for å snappe til seg ein matbit. Var litt skeptisk andre kvelden då der sett ein på kvar sida bak meg, og eg følte dei var nær ved å hoppe opp på tallerkenen min. Var like før. Hugsar ikkje kva dei heite.
Var fire slike bokhyller i biblioteket. I biblioteket var det også måltida vart servert.
Var fire slike bokhyller i biblioteket. I biblioteket var det også måltida vart servert. Når dei som jobba på kjøkkenet ringte med kubjella så var maten klar.
Sitt i biblioteket og les bok. Dette var før eg sovna. Sov veldig godt der da.
Sitt i biblioteket og les bok. Dette var før eg sovna. Sov veldig godt der. Marianne sovna på den andre sofaen. Trøtt gjeng!
Vi var på
Vi var på «village walk» på laurdag (påskeafta). Vi for 20m over med kano og så var vi i landsbyen. Her vart vi vist rundt til kirka, skulen og området ellers. Ikkje så veldig stor landsby.
Ei høne som låg å verpa
Ei høne som låg å verpa
Inne i kirka. Kvinnen dreiv å la på ny gjørme på veggane og framme ved talarstolen. Skulle visst få besøk av ein eller annan viktig person om ikkje så lenge, så dei stelte den fint i stand. Det var gudstjeneste her dagen etter, ein del av gjestane på øya var med på den.
Inne i kirka. Kvinnen dreiv å la på ny gjørme på veggane. Skulle visst få besøk av ein eller annan viktig person om ikkje så lenge, så dei stelte den fint i stand. Det var gudstjeneste her dagen etter, ein del av gjestane på øya var med på den.
Geiter, kyr og (påske)kyllingar gjekk rundt.
Geiter, kyr, høner, haner og (påske)kyllingar gjekk rundt.
Tonje kuttar opp gresskarblad.
Så skulle vi lære å lage Zambisk mat. Her er Tonje som kuttar opp gresskarblad.
Inne i huset til høgre laga vi i stand til maten, som vi  kokte og stekte på bål. Ser at vi kan bli meir kreative enn pølse med brød når vi reiser på grilling heime vertfall. Kvinnen i landsbyen rullerte på å
Inne i huset til høgre laga vi i stand til maten, som vi kokte og stekte på bål. Ser at vi kan bli meir kreative enn pølse med brød når vi grillar heime vertfall. Kvinnen i landsbyen rullerte på å «lære» oss å lage mat. 20 stykk kvar før det var neste sin tur.
Var veldig kjekt å vere med å lage til.
Var veldig kjekt å vere med å lage til.
Resultatet: Det øverste var det eg  likte best. Hugsar ikkje kva det heiter, men er veldig valig her. Ser ut som ein lite agru på utsida, og som eit pastahjul på innsida. Ved sidan av var det gresskarblad saman med jordnøtter, lauk og tomat. Nederst noko som liknar på Eggplant, hugsar ikkje kva dei kalla det heller. Til høgre er nshima, som dei i Zambia et kvar dag. Har ete det tre gangar no. Etter dei første to var eg egentlig forsynt, men ved måltidet her var det veldig godt igjen. Så kanskje ho var ekstra flink.
Resultatet: Det øverste var det eg likte best. Hugsar ikkje kva det heiter, men er veldig vanlig her. Ser ut som ein lite agurk på utsida og som eit pastahjul på innsida. Ved sidan av var det gresskarblad saman med jordnøtter, lauk og tomat. Nederst noko som liknar på eggplant, hugsar ikkje kva dei kalla det. Til høgre er nshima, som dei i Zambia et kvar dag. Har ete det tre gangar no. Etter dei første to var eg egentlig forsynt, men ved måltidet her var det veldig godt igjen. Så kanskje ho var ekstra flink, eller så smakte det berre mykje betre fordi vi var med å lage til sjølve. Har faktisk lyst å lage nshima til middag sjølv no. Får sjå kva dei har på butikken av grønnsaker, om dei har det agurk-pastahjulet og diverse. I den grønne bollen vaska vi hender.
Veldig fornøgd med måltidet. Var kjempegodt!
Veldig fornøgd med måltidet. Var kjempegodt!
Når du et brukar du hendene. Du tek ein bil nshima og rullar lett i handa, så lagar du ei grop som du brukar for å ause oppi maten. Første gang eg åt det var det litt rart å ete med hendene, men du blir fort vandt til det. Så er eigentleg berre kjekt.
Når du et nshima brukar du hendene. Du tek ein bit nshima og rullar lett i handa, så lagar du ei grop med fingeren som du brukar for å ause oppi maten. Første gang eg åt det var det litt rart å ete med hendene, men du blir fort vandt til det. Så det er eigentleg berre kjekt.
Så var det tid på
Så var det  «sunset cruise» og denne gangen fekk vi faktisk sett solnedgangen! Til forskjell fra forrige gang da vi vart ståande midt på Zambezi River i storm og lyn, og kom ingen veg. Veldig glad for at det ikkje var på denne turen, ettersom vi reiste i kano.
Tre som vaks opp av vatneg.
Tre som vaks opp av vatnet.
Var veldig nydelig å sitte i ein kano å sjå på.
Var veldig nydelig å sitte i kano å sjå på solnedgangen.
...
Så gjekk den ned.
Så gjekk den ned.
På kvelden satt vi framfor bålet.
På kvelden satt vi framfor bålet.
Eg satt her store delar av dagen før vi reiste. Veldig fint å sitte. Høre og sjå på Zambezi River som fly forbi, sivet i vatnet som laga
Eg satt her store delar av dagen før vi reiste. Veldig fint å sitte. Høre og sjå på Zambezi River som flyt forbi, sivet i vatnet som laga «siv lydar», ein frosk som kvekka, ulike fuglar som syng sine sangar, ein fisk som hoppa.
Skikkelig nedtur å reise tilbake når du har det så deilig!

Sanden på øya var så herlig å gå på. Tok av med slipperane då eg kom, og brukte dei så lite som mogleg (mest brukt som maurkverkar i telet om kvelden). Den var heilt lys, silkemjuk og deilig. Kjente nesten ikkje at du gjekk på den.

Hatt ei fantastisk påskehelg. Deilig å slappe av før siste innspurt med bachelor og praksis igjen i morgon. To veker igjen i Livingstone no før vi reiser til Mwandi. Tida går alt for fort!

– Marthe