Frivillig arbeid med dyr i Afrika og Asia

Om tre mnd  så reiser eg til Sør-Afrika for å jobbe som frivillig på eit dyrereservat, der er det hovudsakelig kattedyr. Ein mnd etter så reiser eg til Thailand, til eit Wildlife Rescue Centre, der er fuglar, bjørnar, mindre kattedyr – litt forskjellig. Som eg gler meg! Har bestilit reise gjennom kilroy, og vi er tilsammen 8 jenter som skal på denne fellesreisa. Blir utrulig kjekt. Var eigentlig litt spontat at eg bestilte tur. Er litt i villråde på kva eg skal bruke kvardagane mine på, kvar og kva eg vil jobbe med. Så eg skal slutte der eg jobbar no, og så reiser eg på tur for så å finne ut av kvar eg skal gjere av meg når eg kjem tilbake. Det er også no eg har sjansen til å finne på slikt, når eg har funne ein jobbe eg trivast i så er det ikkje så lett å berre slutte og reise sin veg for eit par mnd, så det blir litt no eller aldri. Så da blir det no! Derfor blir det jobbing i heile sommar, så susar eg til det store utland igjen i slutten av september.

fellesreise

Eg skal vere tre veker på kvar av reservata. I tillegg har vi ei veke i Cape Town (så kjekt å reise tilbake dit og få gjere det eg ikkje fekk gjort sist), og ei veke i Thailand på slutten der vi kan gjere det vi vil. Det er også innlagt safari i Kruger national park, tur til Soweto i Johannesburg og eit par dagar i Bangkok. Skal bli spennande å oppleve Thailand, nytt land og ny kultur. Så kjem eg heim til desember og julestemning. Så da blir ikkje 2015 så verst likevel!

Heldigvis hadde eg tatt dei fleste vaksinen da eg reise til Afrika i fjor, så det stod berre igjen rabies og japansk encefalitt. Trur eg har alle reise vaskinene som finst sprøyta inn i meg no, så da bør eg vere godt beskytta. Er enda ei stund igjen til avreise, men eg håpar det går fort! Alle her gler eg til sommarferien, eg gler meg berre til den er ferdig! haha.

– Marthe 

Scratch Map

Skrapeklar!
Skrapeklar!

Har eit fantastisk verdenskart, så når eg har vore i eit land får eg skrape det fram! Passar supert for meg som elskar flaxlodd! Får garantert skrape fram tre land når eg kjem heim (men håpar at det blir fem da).

Veldig klar for å reise, 5 dagar, 17 timar og 22 minutt til første flyet går!

(Superkartet er kjøpt på www.coolstuff.no)

– Marthe

Refleksjon…

Hadde møte med internasjonal koordinator og instituttleiiar i dag, då las vi gjennom nokre refleksjonsnotat av studentar som har vore nedover tidlegare. Kjennar eg grur meg til at eg sjølv skal oppleve det dei skriv om. Pasientar i store smerter gjennomførar smertefulle prosedyrar utan smertestillande, men dei klagar ikkje sjølv om ein ser at dei har vondt. Kor annleis alt er frå slik det er her heime, både når det kjem til skader/sjukdommar (skuddskader, krokodillebitt, brannskader, malaria, tuberkulose…) og mangel på ressursar og hjelpemiddel. At pasientar blir sjuke og døyr fordi ein ikkje har det som trengs for å forebygge og behandle dei, men hadde det vore i Norge hadde dei kunna overlevd og blitt friske…

… det sett tankeprosessen i gang, og sjølv om eg trur eg er forberedt på det eg kjem til å møte, så veit eg at når eg står oppi det sjølv så er eg ikkje forberedt i det heile tatt.

– Marthe