Mwandi

Då var vi tilbake frå eit kjempefint opphald i Mwandi, trist å reise derfrå. Ei veke var for lite.

Vi vart henta av skulebussen her som tok oss til Mwandi, vegen dit var veldig humpete så vart slalomkjøring mellom, men vi kom trygt fram. Det var litt trøbbel med bolig, så det var usikkert om vi fekk reise til Mwandi, men det ordna seg og vi kom dit og dei viste visst ikkje at vi var tolv. Då da var det litt telefonar, men det ordna deg. Vi vart del opp i to og halvparten (der i blant meg) hoppa av i huset som vart ringt til då vi kom. Det var eit kjepefint hus, og vi var veldig fornøgde meg boligen. Dama som eigde det var kjempe hyggelig og ordna for oss. Vi sov der i tre netter. Mwandi ligg ved elva, og huset hadde ein vinterhage med netting, så vi kunne sitte ute der på kveldane og spele kort og sleppe mygg. Kjempe kjekt. Vi var ein gjeng som laga Nshima middag ein dag, handla inn til middagen på markedet, og spurte etter grønnsaker på Lozi/Losi. Vi lærte kva vi skulle sei av ein som jobba på MCH klinikken som eg var på første dagen. Var stille på klinikken etter lunch, så då vart det språkkurs. Vi hadde også fellesmiddag her ein dag, med tomatsuppe. Koselig.

Så torsdagen skulle vi då flytte til det eit anna hus. Som viste seg å vere eit palass! Her skulle vi bu med noken andre folk, var litt skeptiske til det først, men det var nokre kjempe hyggelege amerikanarar. Så vi savar dei allerede. Kjempe koselig å bu med dei. Var først to, så kom to til og så to til. Dei to siste vart vi ikkje så godt kjendt med, men dei fire første vart vi det. Vi måtte ned i det huset som dei andre i gruppa budde i for å lage mat, ettersom vi ikkje hadde samme leiga som dei som budde i storehuset så var ikkje kjøkken inkludet. Vi fekk låne mikro, vannkokar og fekk koke egg der da, så det gjekk fint. I går kveld var det fleire av oss som eigentleg berre hadde ete brød eller kjeks til middag, og når dei var ferdig å ete så kom to av dei og spurte om vi ville ha restane. Det var kjempegodt! og så snilt! Så då vart vi veldig glade. Dei passa godt på oss, hehe. I dag ville til og med eine dama ta frukostfata våre, sidan vi skulle reise og dei kom til å savne oss.

Praksis i Mwandi skulle egentlig vare i to veke, men av ein eller anna grunn så hadde det blitt kutta til ei veke og ein dag. Så vi fekk fem praksisdagar. Dei fleste i gruppa var med på outreach, der ein reiser ut i landsbyen og tek med seg klinikkane dit til dei som ikkje kan reise inn til sjukehuset. Dessverre fekk ikkje eg og ei til reise på dette. Vi skulle laurdagen, vi tre som skulle fare satt klare og venta og venta. Så spurte vi ein lege som var der om han visste noko, og så tok han eit par telefonar så kom outreach mannan og sa at det ikkje vart for dei hadde ikkje bil, men vi kunne komme igjen i dagen etter. Så søndag satt vi klare igjen, så kom bilen forbi, dei såg oss, pakerte ved eit hus litt bortanfor, så berre for dei. Så då reiste dei utan oss. Veldig kjipt. men men. Hadde ei veldig fin helg likevel da.

Så no kjem eit bilderas frå Mwandi:

Inne på en liten gård. Vi fekk omvisning av ei som jobbar på OVC, første dagen vi kom. Veldig kjekt. Foto, Tina.
Inne på en liten gård. Vi fekk omvisning av ei som jobbar på OVC, første dagen vi kom. Veldig kjekt.
Foto: Tina.
Høner.
Høner. Foto: Tina
Grisar.
Grisar. Foto: Tina
Eit hus i landsbyen.
Eit hus i landsbyen. Foto: Tina
Nokon har stråtak.
Nokon har stråtak. Foto: Tina
Nokon med
Nokon med «vanlig» tak. Foto: Tina
Veldig koselige tomter i Mwandi. Utrulig kjekt å gå gjennom. Møtte mange folk på vegen som vi hilste på, og mange unger.
Veldig koselige tomter i Mwandi. Utrulig kjekt å gå gjennom. Møtte mange folk på vegen som vi hilste på, og mange unger.                       Foto: Tina
Eit slags verksted/sagbruk.
Eit slags verksted/sagbruk.
MCH klinikken, her var det kontrollar for mor, barn under fem og family planning. Var her eg var første dagen. Tok målingar, og fekk vere med på kontroll på gravide. Kjenne kor babyen låg i magen, høre på hjertelyd og sjekke om hovudet hadde festa seg. Var vertfall tre stykk som fekk beskjeden
MCH klinikken, her var det kontrollar for mor, barn under fem og family planning. Var her eg var første dagen. Tok målingar, og fekk vere med på kontroll på gravide. Kjenne kor babyen låg i magen, høre på hjertelyd og sjekke om hovudet hadde festa seg. Var vertfall tre stykk som fekk beskjeden «baby can come any time». Det var jo litt kjekt da.
HIV klinikken. Her kallar dei det HIV, på sjukehuset i Livingstone var det meri tabu, og dei hadde ein
HIV klinikken. Her kallar dei det HIV, på sjukehuset i Livingstone var det meir tabu, og dei hadde ein «kodeord» for det. Var her andre dagen. Det var målingar (blodtrykk og vekt), samtale med sjukepleiar om plager dei hadde, og respet på nye medikament, så kom dei til meg som satt med booking boka og gav dei ny time.
Det nye sjukehuset dei driv og bygg. Trur det blir veldig bra.
Det nye sjukehuset dei driv å bygg. Trur det blir veldig bra.
Kapellet til sjukehuset, låg i andre enden av bygge til HIV klinikken. Var her to morgonar. Første gangen så var det ein sjukepleiar som haldt ein slags tale til oss (vi var tre som var der den dagen) og takk for at vi kom og håpa vi kom tilbake ein anna gong, så måtte vi reise oss og så klappa dei og sa noko på Lozi. Koselig. Begge gongane var det sang og preken. Dei er flinke å synge, til og med tostemt. Artig å ha vore med på. Ein dag seinare, eg var ikkje der då, så hadde dei og fått ein slags takketale. Koselig.
Kapellet til sjukehuset, låg i andre enden av bygge til HIV klinikken. Var her to morgonar. Første gangen så var det ein sjukepleiar som haldt ein slags tale til oss (vi var tre som var der den dagen) og takk for at vi kom og håpa vi kom tilbake ein anna gong, så måtte vi reise oss og så klappa dei og sa noko på Lozi/Losi. Koselig. Begge gongane var det sang og preken. Dei er flinke å synge, til og med tostemt. Artig å ha vore med på. Ein dag seinare, eg var ikkje der då, så hadde dei og fått ein slags takketale. Koselig.
OPD, out patient departmend. Her kjem alle utenfrå, for eventuell innleggelse eller berre legesjekk (sjukepleiarsjekk når legen ikkje er der). Her kom dei tidleg og venta i kø, så når det opna så kom dei md bøkene sine som vi stempla, tok vekt og temperatur av alle (ikkje blodtrykk for bateriet til apparatet var gått). Så satt dei seg i kø til lege, prøvetaking og uthenting av medisinar. Var her tredje og femte dagen. Kjekkast andre gongen, for då gjor eg litt meir. Tok måligar då dei kom, fekk ta ein malariatest (som var negativ, så det var kjekt for den pasienten, var mange positive. Etterkvart fekk vi beskjed om å ta malariprøve på alle som kom inn med over 38 i feber. Var ein del med feber). Var innom laboratoriet og fekk sett på litt prøvetakingar, CD4 (som dek tok på dei som har HIV), syfilis, malaria, graviditetstest.
OPD, out patient departmend. Her kjem alle utenfrå, for eventuell innleggelse eller berre legesjekk (sjukepleiarsjekk når legen ikkje er der). Her kom dei tidleg og venta i kø, så når det opna så kom dei med bøkene sine som vi stempla, tok vekt og temperatur av alle (ikkje blodtrykk for batteriet til apparatet var gått). Så satt dei seg i kø til lege, prøvetaking og uthenting av medisinar. Var her tredje og femte dagen. Kjekkast andre gongen, for då gjor eg litt meir. Tok måligar då dei kom, fekk ta ein malariatest (som var negativ, så det var kjekt for den pasienten, var mange positive. Etterkvart fekk vi beskjed om å ta malariprøve på alle som kom inn med over 38 i feber. Var ein del med feber). Var innom laboratoriet og fekk sett på litt prøvetakingar, CD4 (som dek tok på dei som har HIV), syfilis, malaria, graviditetstest.
Inne på OPD. Her vart det fort fult.
Inne på OPD. Her vart det fort fult.
Då vi gjekk til markedet ein dag så kom det ein flokk med ungar og tok oss i hande og kjekk sammen med oss bort til markedet. Ungane er veldig ivrige her, og veldig glad i å bli tatt bilde av! Så det er kjekt for oss.
Då vi gjekk til markedet ein dag så kom det ein flokk med ungar og tok oss i hande og kjekk sammen med oss bort til markedet. Ungane er veldig ivrige her, og veldig glad i å bli tatt bilde av! Så det er kjekt for oss.
Mykje kyr området.
Mykje kyr i området (desse stod rett ved der det var slakting).
Inne på markedet, butikkar i boder og butikkar i hus.
Inne på markedet, butikkar i boder og butikkar i hus.
Synst det er så dekorativt med desse nøttene dei sell. Koppane som visar dei ulike str. du kan kjøpe.
Synst det er så dekorativt med desse nøttene dei selle. Koppane som visar dei ulike str. du kan kjøpe.
Det ar tomatsesong, så det var litt dumt for meg som ville ha frukt. Fann ei banandame ein dag.
Det var tomatsesong, så det var litt dumt for meg som ville ha frukt. Fann banandama ein dag, så lite frukt på meg.
Hovudvegen i Mwandi.
Hovudvegen i Mwandi.
Kjempefin og stor grashoppe. Trudde det var ein sommarfugl når den flaug, men når den landa så hadde den visst lange bein.
Kjempefin og stor grashoppe. Trudde det var ein sommarfugl når den flaug, men når den landa så hadde den visst lange bein.
Mykje esel også. Fleire hadde sår på sidene etter trekking av kjerre. Såg ikkje godt ut...
Mykje esel også. Fleire hadde sår på sidene etter trekking av kjerre. Såg ikkje godt ut…
Slaktar rett ved der vi budde.
Slaktar rett ved der vi budde.
Området. Her var hønes, kyr, grisar og ein fiskedam.
Området. Her var hønes, kyr, grisar og ein fiskedam.
Her kan du kjøpe egg, 1 kwacha per egg (1 krone).
Her kan du kjøpe egg, 1 kwacha per egg (1 krone).
Delar opp kjøttet.
Delar opp kjøttet.
Veg og målar.
Veg og plasserar.
Alle hønene stirra på meg. Det var ikkje kyllingkjøtt å få kjøpt, for det var dårleg butikk. Det var egg det gjekk i.
Alle hønene stirra på meg. Det var ikkje kyllingkjøtt å få kjøpt, for det vart dårleg butikk. Det var egg det gjekk i.
Her var kyrne, lenger nede låg grisane og fiskedammen. Eg var ikkje der nede.
Her var kya, lenger nede låg grisane og fiskedammen. Eg var ikkje der nede.
Slakting på gang. Denne slaktaren var visst litt konkurranse for den som låg rett ved der vi budde. Det stinka å gå forbi her! Når vi gjekk forbi her med noken Mwandi unga som kom bort til oss, så gjekk alle å kneip for nasa.
Slakting på gang. Denne slaktaren var visst litt konkurranse for den som låg rett ved der vi budde. Det stinka å gå forbi her! Når vi gjekk forbi her med noken unga som kom bort til oss, så gjekk alle å kneip for nasa.
Var på føden fjerde dagen. Ingen fødslar dessverre.
Var på føden fjerde dagen. Ingen fødslar dessverre. Foto: Tina
Vi fekk gitt vekk litt babyklede då. Det var kjekt.
Vi fekk gitt vekk litt babyklede då. Det var kjekt. Foto: Tina
Vi fekk halde noken småttisar òg.
Vi fekk halde noken småttisar òg. Foto: Tina
Inngangen til føden var bakvegen, ettersom framsida var sperra på grunn av bygging av det nye sjukehuset.
Inngangen til føden var bakvegen, ettersom framsida var sperra på grunn av bygging av det nye sjukehuset. Foto: Tina
Inne på fødestua. Litt finare her enn i Livingstone synst eg.
Inne på fødestua. Finare her enn i Livingstone synst eg. Foto: Tina
Midt i sjukehusområdet.
Midt i sjukehusområdet. Foto: Tina
Så var vi på OVC, orphan vulnerable children. Det var eit slags SFO der ungane kom, her fekk dei og mat. Vi var der ved måltidet, feeding programe. Veldig bra tiltak.
Mandag etter lunch var vi på OVC, orphan vulnerable children. Det var eit slags SFO der ungane kom, her fekk dei og mat. Vi var der ved måltidet, feeding programe. Veldig bra tiltak.
Så var det ut å leike. Alle elska dei å bli tatt bilde av. Trur dei har blitt fotografert utallige gongar.
Så var det ut å leike. Alle elska dei å bli tatt bilde av. Trur dei har blitt fotografert utallige gongar.
Etterpå var det inn å teikne.
Etterpå var det inn å teikne.
Så gjekk vi til gamleheimen i Mwandi. Fire andre hadde fått omvisning der med ein vi budde med i storehuset. Hørtes så fint ut, så måtte dit sjølv. Fekk danse med cha cha dama. Ei gammal dame som likte å danse. Veldig kjekt å vere der.
Så gjekk vi til gamleheimen i Mwandi. Fire andre hadde fått omvisning der med ein vi budde med i storehuset. Hørtes så fint ut, så måtte dit sjølv. Fekk danse med chaka chaka dama. Ei gammal dame som likte å danse. Veldig kjekt å vere der.
Kjøkkenet. Var ei som var caregiver, ho laga mat til dei.
Kjøkkenet. Var ei som var caregiver, ho laga mat til dei.
Utsida.
Utsida.
Var og innom hos nokre damer som sydde vesker og laga smykker. Var fleire som kjøpte seg vekser her.
Var og innom hos nokre damer som sydde vesker og laga smykker. Var fleire som kjøpte seg vekser her.
Og som alltid, nyydelige solnedgangar. Mwandi var intent unntak.
Og som alltid, nyydelige solnedgangar. Mwandi var intent unntak.

Så det var det. Har mange fine bilder av ungane og dei eldre, men vil ikkje legge ut ansikt. Så det får dokke sjå når eg kjem heim. Litt må eg spare på til då. I morgon er det avslutning med læraren på skulen. Praksis er ferdig, bachelor er ferdig så no har vi ferie! Hurra!

Har nettopp komt tilbake frå middag ute, og der fekk eg sett Zebra! Det var kjempe kjekt, det har eg ikkje fått sett enda. I tillegg synst eg sjølv eg fekk ein bra prutepris på nokre skåler/salatbollar, har eg plass i kofferten spør du? eeeeh… nei.

Utrulig fine dyr altså.
Utrulig fine dyr altså.
Det var fire stykk som var der.
Det var fire stykk som var der.
Fornøgd!
Fornøgd!

– Marhe

Advertisements

Oppdatering frå praksis

Sidan sist har eg vore på kirurgisk, pediatrisk og medisinsk kvinnelig avdeling. Etter veka på føden var hovudet mitt veldig overfylt og sjølv om eg møtte mange triste skjebnar på kirurgisk avdeling veka etter så var det eigentleg ingenting som gjekk veldig inn på meg. Det var rett og slett fult, og det er begrensa kor mykje ein kan ta inn over seg.

Sjølv om eg ikkje klara å ta alt inn over meg så var det likevel ting eg hugsar. Spesielt mangel på at pasientane får smertestilland før smertefulle sårstell blant anna. Ei jente hadde fått eit slangebitt i foten, og familien hadde knytt eit band nede på foten for å unngå at gifta skulle spreie seg. Etter først ei veke kom dei til sjukehuset, og jenta måtte amputere foten. Ikkje på grunn av slangebittet, men fordi bandet var så hardt knytt at foten ikkje fekk oksygenforsyning lenger og vevet døde. Jenta fekk ikkje smertestillande når legen tok av bandasjen og skulle reinse. Eg skulle helle over vatnet på såret, og det var ikkje noke kjekt. Stakkar jenta grein og hylte. Virkelig ikkje noke kjekt å vere med på… Slik var det med dei fleste såra, ingen smertestillande og store smerter for pasientane. På avdeling er der og ein pasienten som ha vore der medan vi alle har vore på sjukehuset, han hadde blitt dytta framfor eit tog og amputert begge beina frå hofta og ned. Her var det heler ikkje smertestillande før sårstell. Det som gjor mest inntrykk på med på denne avdelinga var då eg og Olianne stod attmed ein pasient, så skulle vi gå og vart vinka inn av pårørande til ein eldre mann som var innlagt. Då var han dø. Så han døde kanskje medan vi stod ved nabopasienten. Det var veldig rart og litt ekkelt. Har ikkje opplevd dødsfall på jobb så nært før. Har liksom alltid vore at eg har kome dagen etter og fått vite at pasienten er død, men eg har aldri vore der når det har skjedd. Det var så rart sånn dei gjor det med pasienten etterpå. Dei bandt tau rundt henda og føtene, bretta rundt teppet og bandt nye tau. Under halsen, skuldre, mage, hofte, kne og føter. Så hang dei på tre lappar der det var skrive opp diverse opplysningar. Eg var glad for at dei faktisk skjerma pasienten ved å ta ned forheng, men elles synst eg dette var ein rar måte å gjere ting på.

Veka etter var eg på pediatrisk avdeling, og her var det lite vi fekk gjere. Tok storsett berre målingar heile veka og stod rett opp og ned og såg på. Mange sjuke barn, og fleire dødsfall i løpet av veka. Fekk på ein måte ikkje noko forhold til pasientane her heller, slik var det på kirurgisk og. Foreldra var veldig hyggelige da, og det var ei ok veke. Hugsar eigentleg ikkje så mykje frå denne veka. Hugsar at der var ei lite jente (trur det var ei jente vertfall, var ikkje så lett å sjå), som var så underernært at ho ikkje såg ut som eit barn eller menneske lenger. Det var skjelett med hud. Ho var så redd når ho såg oss og, så ho skreik og det var nesten skummelt å sjå på når ho var så tynn. Vi lurte på kor gammal ho var, og skulle sjekke det dagen etter, men då hadde ho dødd i løpet av natta. Det er så rart når dei er i live dagen før og er vakne, og skrik og alt, så dagen etter så er dei ikkje meir. Ein anna ting som var ubehagelig denne veka av ein gut, som heller ikkje klarte seg, han fekk oksygen som gjekk på straum, men så gjekk straumen i avdelinga… Det var veldig ekkelt. Oksygenkolbanen var tomme slik eg forstod det, så da hadde han ikkje oksygen før straumen kom tilbake ei stund seinare.

Denne siste veka har eg vore på medisinsk, kvinneleg avdeling, og det har vore ei veldig fin avslutning på praksis på sjukehuset. Det har vore sjukepleiestudentar på avdeling denne veka, som går på Livingstone school of nursing. Så det er dei som styrar og gjer alt i avdelinga. Så systemet var då annleis enn dei andre avdelingene vi har vore på. Der vi har følgt etter sjukepleiarar og legar alle vekene og sett og hørt på kva dei gjer. Denne vake var det då slik av alle var satt opp på ein eller to pasientar saman med ein anna student. Så då hadde ein alt ansvar for den pasienten. Så denne veka har eg fått gjor noko for nokon, og det har vore veldig godt. Sett at dei har satt pris på hjelpa, og faktisk fått vore litt sjukepleiar. I går som då var siste dag stod det bra til med alle dei damene eg hadde vore med denne veka. To av dei vart utskrive, og ho siste såg så mykje betre ut etter eg fekk hjelpt ho å få vaska seg. Ho hadde vore sjuk i ein månads tid før ho kom til sjukehuset. Når ho låg i senga var det masse fluger rundt, og ho var klam i kleda og skitten. Ein såg sånn forskjell etter vi hjalp på opp og ut på badet der vi hjalp ho å få vakse seg, ho fekk pussa tenner og fått på seg ein rein genser. Ho takka for hjelpa og smilte. Hjalp ho så ho satt godt i senga, ho fekk i seg mat og fekk kvilt seg utan så mykje fluger overalt. Det var så godt å sjå kor lite som faktisk skal til for at pasienten har det betre. Så ein veldig fin avslutting på sjukehuspraksisen. Eigentleg berre denne siste veka eg har fått gjort noko ordentlig, følt meg nyttig. Sjukepleiestudentane her er og veldig flinke, og alle lærar dei det grunnleggande. På dei andre avdelingane har eg ikkje sett stell og ivaretaking av pasientane på same måten som på medisinsk, men eg trur det må vere fordi der er så mange pasientar i forhold til pleiarar at dei ikkje har tid til å gjere alt som trengs. For studentane gjer det, så det er sikkert slik som det er i Norge, at der er så mange andre ting sjukepleiar og må gjere at ein ikkje alltid har tid til alt. Ikkje i same grad som her nede, men får litt meir forståing for det når ein ser at studentane gjer det og har tid. Viss det vart forståelig formulert.

No er det vertfall siste innspurt før innlevering av bachelor i dag, så er det over og ein sleppe å tenke meir på den. Så blir det ny utflukt i helga, gler meg veldig til den! Før to nye veker i praksis etterpå, men veit ikkje kva vi skal gjere eller kor vi skal vere, for dette er Afrika, og da er ikkje alt klart sjølv om ein trudde det.

– Marthe

«Livet er ikke for amatørar» & «Som dagen er skal styrken vere»

På med uniformen og klar for første dag i praksis på mandagen.
På med uniformen og klar for første dag i praksis på mandagen.
Heile gjengen samla første dag. Bortsett fra ho som tok bildet.
Heile gjengen samla første dag. Bortsett fra ho som tok bildet. Vi går i «vanlige» sko, alle andre her nede går i små svarte ballerinasko.

Første veke i praksis er over, og det har vore utmattande, mest mentalt sett. Veka byrja på medisinsk, mannlig avdeling. Så vart det endringar i Time Table, så eigentleg skulle eg har vore på føden heile denne veka. Så vi fekk berre to dagar der, men valde å gå i dag også og (sjølv om vi eigentleg har fri på fredagar) slik av vi fekk tre dagar der vertfall.

Heilt ærlig så hugsar eg minimalt frå dei to dagane på medisin, for dei tre dagane på føden har gjort sånn inntrykk, på god og vondt. Så eg kan ikkje tenkje meg at dei andre avdelingane eg skal på kan gjere like stort inntrykk.

Eg har opplevd å få ta imot ein liten baby. Helt utrulig givande og eg var smilande og glad heile dagen. Tenk det da, å få moglegheita til å vere jordmor for en dag. Trengte litt hjelp for å få ut skuldrane til babyen, for eg ville ikkje akkurat dra babyen i hovudet, men så tok eg over igjen og var den første til å ønske jenta velkomme til verda. Helt utrulig opplevelse. Helt sjukt faktisk!

Så har eg dessverre opplevd at to babyar vi (vi tre som er på gruppe ilag i praksis) har blitt kjent med ikkje har overlevd. Den første babyen pusta dårleg, mykje skittent forstervatn i lungen som helsepersonell ikkje hadde fjerna ordentlig etter han kom etter keisersnitt. Så han låg lenge med det. Vi talte alt frå 15 sekund til 3 minutt mellom kvar gong han pusta, og når han først pusta var det berre eit gisp. Utrulig vondt. Følar mange ikkje bryr seg om pasientane. Både mor og barn. Heldigvis er der noko som er veldig flinke og faktisk gjer noko, baggar, gir kompresjonar, heng opp væske og prøver å gjere noko. Dessverre overlevde ikkje babyen natta… stakkars mora, vi var inne hos ho i dag. Ansiktet hennar glømmar eg aldri. Sit der i eit rom med mange mødre som har sine babyar rundt seg, og så har ho ingen. Var på alder med meg. Ho kunne nesten ikkje skrive. Hadde barnet overlevd er sjansen stor for at babyen hadde hatt hjerneskadar.

Vi vart og kjent med ei anna mor som skulle til keisersnitt, då der var komplikasjonar i graviditeten som gjort at ungen måtte tas ut. Denne babyen fekk aldri puste. Det var så vondt. Dei hadde prøvd å få liv i babyen, det gått over ti minutt og så tok han av seg handskane, og gjekk. Ein som var der (veit ikkje kva yrke alle her) sjukepleiar eller jordfar, skrudde av oksygentilførselen, skrudde av lyset på «senga» som babyen låg i, og skrudde av resten av «senga». Så låg babyen der i mørket og stillhet. Liten og bleik. Han pakka teppet rundt ungen, men en liten bleik fot hang fortsatt ut. Klarar ikkje få det bilete ut av hovudet. Så liten. Så fekk mora sjå barnet sitt og fekk beskjeden medan ho framleis ligg å blir sydd igjen. I tillegg etter dette så seier operasjonssjukpleiaren «I wish every day could be like this», ikkje veit eg kva ho sikta til (sikkert sjølve operasjonen, eller kirurgen eller eg veit ikkje kva), men eg skulle ikkje ønskje at alle dagar var som denne… Seinare ligg mora og skjelv av at ho frys aleine i gangen mellom operasjonssalen og sjukehusgange. Fattar det ikkje. Eg bad om å få eit teppe til ho, men fekk beskjed om å gå til avdelinga å hente sjukepleiar som kunne kome og ta ho med tilbake til avdelinga. Fekk gitt beskjed og dei to eg er på avdeling med gav eg beskjed om at måtte passe på at han kom etter, så gjekk eg tilbake til mora å prøvde å varme ho medan vi venta. Likte ikkje at ho låg der helt aleine og fraus.

I mitt rett element på veg inn til operasjonssalen. Iført jordmor
I mitt rette element på veg inn til operasjonssalen. Iført jordmor»omslagskjole» og flotte gummistøvla. Veldig kledelig. I går når vi var der tok eg «kjolen» på feil veg, så fekk beskjed om å gå å ta den på andre vegen. Ikkje lett å vite altså! I dag vart det rett på første forsøk.

Pasientmedfølelse er det mange som manglar synst eg. Blir så irritert av og til! Går det virkelig ann. Står og ler og skøyar og pratar over hovdet på pasientar som nettopp har mista barnet sitt, let dei ligge aleine, gir ikkje informasjon, kjeftar på kvinner som ligg med rier og gir beskjed om at viss dei ikkje samarbeidar (som var å flytte på føtene under ein undersøkelse fordi ho har smerter) får dei greie seg sjølv! … der er heldigvis mange flinke og flotte der og, men det er alltid det negavite som gir størst inntrykk, for det er så annleis enn vi er vand med. Dei kan umulig har etikkundervisnig her. I såfall veit dei ikkje kva det dreiar seg om.

Uff og uff..

Frå gledens dag på onsdag, så går det berre nedover.. men det er vel realiteten her. Dessverre.

Er glad for at eg har mange i huset, for då er der alltid nokon å snakke med. Letter litt på det, så får det berre bli eit par tårar. Så er eg så glad for at vi er tre ilag på avdelingane, da er der alltid noko som har opplev det same som du.

I helga skal vi vertfall finne på kjekke ting, for det er så få helger igjen i Livingstone! Så følg med, så blir det et litt kjekkare innlegg om litt. Opp tidlig, tidlig i morga for å vere klar til avreise 06.15. Satsar på å få sove lenger enn 0600 på søndag, for det har vore tidleg morgon kvar dag no. Men det går fint. Praksis er spennande og kjekt. Skal resten av vekene gå like fort, så vips er eg i Norge igjen. Ikkje klar for det enda.

Er kaldt her for tida.. frys faktisk! Sånn skal det ikkje vere i Afrika… savnar sola! Blir ikkje mykje brun av det her! Jaja. Eg har det veldig bra, så skal ikkje klage på litt regn, vind og overskya vær (men det bør bli betre snart synst eg).

– Marthe