Kanel, ingefær, stjernefrukt, nellik…

No sitt eg på hotellet i Dar es Salaam, og i natt så reiser vi ut til flyplassen, så går turen til siste stopp før heimreisa. Skriv tirsdagskveld, men har ikkje nett så får ikkje lagt det ut før seinare.

Altså no.

Før overskrifta gir meining, nokre glimt frå siste dagane i Zanzibar, frå Stone Town.

Er ein del slitte og gamle hus i byen, men eg likar dei. Det har sin sjarm.
Er ein del slitte og gamle hus i byen, men eg likar dei. Det har sin sjarm.
Skulle gjerne tatt litt meir bilder inne i byen, men fann liksom ikkje fram så godt. Plutselig stoppe vegen, eller så er det berre masse lange gater rundt og rundt.
Skulle gjerne tatt litt meir bilder inne i byen, men fann liksom ikkje fram så godt. Plutselig stoppe vegen, eller så er det berre masse lange gater rundt og rundt.
Eit par fine syklar som stod parkert utanfor hotellet vi budde på i Stone Town. Vi budde på same hotell begge gongane vi var i Stone Town, Tanzanite Inn. Fin plass. Ligg eit steinkast frå Murcarry huset. Freddy Murcary var født på Zanzibar.
Eit par fine syklar som stod parkert utanfor hotellet vi budde på i Stone Town. Vi budde på same hotell begge gongane vi var i Stone Town, Tanzanite Inn. Fin plass. Ligg eit steinkast frå Mercury huset. Freddie Mercury var født på Zanzibar.
Einvegskjøring gjennom her. Vi gjekk den vegen då vi skulle kome oss til ferja.
Einvegskjøring gjennom her. Vi gjekk den vegen då vi skulle kome oss til ferja.

Før vi reiste frå Stone Town i dag, så var vi ein gjeng som reiste på Spice Tour. Det var kjempekjekt! Zanzibar er krydderøy, så det var veldig kjekt å få med seg. Vi fekk sjå og lukte på ulike blader, stilkar og frukter, for gjette kva det var slags krydder eller frukt det var. Veldig gøy, og lært mykje om krydder som eg ikkje visste. Har alt glømt halvparten, så det er kjipt, men har no hørt det vertfall. Etterpå kunne vi kjøpe med oss krydder, var veldig billig i forhold til kva du må betale for i bodene inne i byen.

Utrulig nydelig når alle blomstrane hadde falt ned. Skulle gjere sett det når treet var i blomst og, sikkert heit nydeleg.
Utrulig nydelig når alle blomstrane hadde falt ned. Skulle gjere sett det når treet var i blomst, sikkert heit nydeleg.
Jack fruit. Smakte som ein blanding av mange og ananas. Litt tjukk, seig, sprø konsistens. Helt ok, men var nok med ein smakebit.
Jackfruit. Smakte som ein blanding av mango og ananas. Litt tjukk, seig, sprø konsistens. Helt ok, men var nok med ein smakebit.
Kakaobønner. Store med mange bønner inni. Utrulig kult å ha sett. På zanzibar brukte dei det ikkje for å lage sjokolade, men kva dei brukte det til hugsar eg ikkje.
Kakaobønner. Utrulig kult å ha sett. På zanzibar brukte dei det ikkje for å lage sjokolade, men kva dei brukte det til hugsar eg ikkje.
Kaffibønner, to bønner i kvar, ser bønnene dei helt oppe på handa. Ikkje klare til bruk enda da.
Kaffibønner, to bønner i kvar,  dei oppe på handa. Ikkje klare til bruk enda da.
Kaffibønner.
Kaffibønner.
Muskatnøtt, ante ikkje at dei var så flotte! Inni er den kvit. Det raude utanpå brukar dei og, trur kanskje han sa at det vart brukt i Pilau ris.
Muskatnøtt, ante ikkje at dei var så flotte! Inni er den kvit. Det raude utanpå brukar dei og, trur kanskje han sa at det vart brukt i blant anna Pilau ris.
Så har eg drukke frå fersk kokkosnøtt, likte det eigentleg ikkje. Var for søtt, men utulig kult å ha smakt. Vi åt og kokkosen, den eg hadde her var lite og kokosmassa ver veldig blaut, det var ikkje så godt, de større var tørrare og smaka mykje betre.
Så har eg drukke frå fersk kokkosnøtt, likte det eigentleg ikkje. Var for søtt, men utulig kult å ha smakt. Vi åt og kokkosen, den eg fekk var liten og kokosmassa ver veldig blaut, det var ikkje så godt, dei større var tørrare og smaka mykje betre.
Her var det ein som klatra oppi treet og rista det, og ein anna som gjekk å samla inn frukta så vi skulle få smake. Det var mandarin. Kjempegod.
Her var det ein som klatra oppi treet og rista det, og ein anna som gjekk å samla inn frukta så vi skulle få smake. Det var mandarin. Kjempegod.
Gurkemeie, farga godt av kan ein sei. Den blir tatt i frå rota på dei plantane bak. På fingeren min ser dokke ein ring laga av blad, der gjekk folk undt heile tida å laga ting som dei feste på oss. Hadde armeband, ring, veske og smykke forma som ein frosk rundt halden før turen av over.
Gurkemeie, farga godt av kan ein sei. Den blir tatt i frå rota på dei plantane bak. På fingeren min ser dokke ein ring laga av blad, der gjekk folk undt heile tida å laga ting som dei feste på oss. Hadde armeband, ring, veske og smykke forma som ein frosk før turen av over.
Stjernefrukt til oss.
Stjernefrukt til oss.
Stjernefrukt, alle fekk vi med oss ein. Åt den før eg for frå hotellet. Utrulig god frukt, minnar om stikkelsbær.
Stjernefrukt, alle fekk vi med oss ei heil frukt. Åt den før eg for frå hotellet. Utrulig god frukt, minnar om stikkelsbær.
Stjernefrukttre.
Stjernefrukttre.
Nellik.
Nellik.
Denne heite Breadfruite. Guiden stod og song Jambo-sangen til frukta. Anar ikkje kvifor, men greitt nok.
Denne heite Breadfruit. Guiden stod og song Jambo-sangen til frukta. Anar ikkje kvifor, men greitt nok.
Denne heite Lipstickfruite. Veldig fin.
Denne heite Lipstickfruite. Veldig fin.
Når du knuste kulene så vart det raudmaling.
Når du knuste frøa så vart det raudmaling.
Kan brukast som neglelakk, leppestift, ansiktsmaling eller som Masaiane gjer å ha det i håret.
Kan brukast som neglelakk, leppestift, ansiktsmaling eller som Masaiane gjer – ha det i håret.
Guiden kakka i stammen på treet og det pippla ut væske som han smørte på huda. Det var jod!
Guiden kakka i stammen på eit tre, og det pippla ut væske som han smørte på huda. Det var jod!
Chilli.
Chili.
Krememrhust mitt fylte seg opp. Vi fekk med prøvar på det meste av der vi lukta på. Her er Lipstickfrout, Starfrout, kanelrot, kanelbark, ylangylang, sitrongras, kaffebønne, ingefær, pepperblad, muskatnøtt, og veldig mykje anna oppi. Det lukte fantastisk!
Krememrhust mitt fylte seg opp. Vi fekk med prøvar på det meste av det vi lukta på. Her er Lipstickfrout, Starfrout, kanelrot, kanelbark, Ylangylang, sitrongras, kaffibønner, ingefær, pepperblad, muskatnøtt, og veldig mykje anna oppi. Det lukta fantastisk!
Etter turen var over så kunne vi få kjøpe krydder.
Etter turen var over så kunne vi få kjøpe krydder.
Har gledd med til å handle krydder, kjekt å ha sjølv og kjekt å gi i gåve.
Har gledd med til å handle krydder, kjekt å ha sjølv og kjekt å gi i gåve.

Var virkelig ein kjempekjekk dag, og så glad for av vi reiste. Var mykje eg ville gjere når eg var på Zanzibar, men hadde liksom ikkje gjort noke av det for det har vore så deilig å ikkje gjer noko. Så er glad fort at eg fekk med meg noko anne er sol og bading før eg reiste.

No er det då onsdag, og vi har kome til Cape Town, og her er kaldt!!! Masse vind og ingen sol. Skal bli sol seinare da. Gler meg veldig til denne veka. Store planar, og håpar eg får gjort det meste av det eg har lyst til.

– Marthe

Advertisements

Karafuu

Zanzibar er litt annleis enn ein tenker, for det høyrast ut som en paradis plass. Det er kjempefint på hotellområda, men utanfor hotellets fire vegger så er det «vanlig» Afrika. Altså meir fattigdom, små hus. Slik Afrika som eg har vore vand med. Litt betre er det kanskje, men det er ikkje paradis på heile øya. Då vi kom til Zanzibar og nærma oss der vi først tenkte vi skulle bu, så var det ikkje som vi hadde forventa, nettopp fordi det er Afrika i byane. Så alle vart vi skuffa og lurte på kvar vi hadde reist. Vi trudde vi kom til kvite strender og palmar over alt vi såg, men det bor jo folk her og. Det var regn og overskya første dagen og, så det gjor det ikkje så mykje finare heller. I tillegg så er det utanfor sesong, så vi såg ingen turistar. Vi har funne fine plassar å bu, så vi har det fantastisk no. Kjipt å reise herifrå, utrulig deilig å sole seg og bade kvar dag. Har flytta oss litt lenger sør no, og har vore nokre dagar no på Karafuu hotell. Vi er seks stykk som blir her til mandag.

På Zanzibar er det muslimar, og alle som bur har går tildekka. Sjølv jenter ned i tre er kledd som jentene på bilde. Dei små babyane sminkar dei rundt augene.
På Zanzibar er det muslimar, og alle som bur har går tildekka. Sjølv jenter ned i tre er kledd som jentene på bilde. Dei små babyane sminkar dei rundt augene og teiknar på bryn på dei. Merkelig.
Eit vegkryss.
Eit vegkryss på vegen sør over. Prøve å ta bilete av mannen på sykkel, men bilen svinga feil veg.
Hus.
Hus.
Postkort frå Zanzibar!
Postkort frå Zanzibar!
Fine skjell og konkylier på stranda.
Fine skjell og konkylier på stranda.
Apen ser vi kvar dag. Her til frukost, han la seg ned på ein av stolpane, og der låg han. Rett bak bordet vårt. Koselig.
Apen ser vi omtrent kvar dag. Her til frukost, han la seg ned på ein av stolpane, og der låg han. Rett bak bordet vårt. Koselig.
Det tek lang tid før vatnet nær stranda på dagen. Der er laga veg utover, og i enden er det helt nydelig å bade. Berre sand.
Det tek lang tid før vatnet når stranda på dagen. Der er laga veg utover, og i enden er det helt nydelig å bade. Berre sand.
...
Kan ikkje klage.
Huset eg bur i. Veldig fint på hotellområdet her.
Huset eg bur i. Er veldig fint på hotellområdet her.
Her er alt for god mat. Buffè til frukost og middag har eg ikkje godt av, men skal ikkje klage. Kjempegod mat.
Her er alt for god mat. Buffè til frukost og middag har eg ikkje godt av, men deilig er det.

På tirsdag reiser vi frå Zanzibar og tilbake til Dar es Salaam, og tidleg på onsdag så sett vi oss på flyet til Cape Town, som er siste stopp før vi reiser heim til Norge. Det har gått veldig fort desse tre månadane eigentleg, sjølv om det følast som eg har vore vekke veldig lenge. Opplevd veldig mykje forskjellig, og det er veldig store kontrastar i det eg har sett og vore med på. Slik det skal vere.

– Marthe

Leaving Africa…?

Sidan sist har eg reist frå Livingstone, reist med buss til Lusaka, hovudstaden i Zambia. Det var visst når eg satt med på bussen og reiste frå Livingstone at eg reiste frå Afrika. Lusaka var veldig annleis, der var kjøpesenter, caféar, masse bilar og folk på litt for liten plass. Veldig annleis. Budde på Lusaka backbackers, og det var heilt greitt. Likte meg faktisk godt, så er visst ikkje så kresen på standard som eg trudde. Så det er eg glad for.

Dagen etter var 17.mai, og den feira vi hos den norske Ambassaden i Lusaka. Det var kjempekjekt. Der var til og med importerte knekkpølser frå Norge, dei beste pølsene eg har smakt trur eg. Eggerøre, røykelaks og fiskekaker var også importert. Så var det eplekake og anna til dessert. Det var eit par talar, barneleikar med potetløp, sekkeløp, bokskasting og diverse. Både for store og små. Ambassadøren var og med på leikane, det var litt artig. Før maten så var det tog, eg har alltid synst det er så teit med desse innslaga dei sender heime frå 17.mai andre plassar i verden der nordmenn går i tog i utlandet, og eg synst det er teit enda, men no har eg faktisk gjort det sjølv! Det var politikorpset som spelte, til og meg «Norge i rødt, hvitt og blått». Hurrarop i toget og alt som høyre med. På ettermiddag og kvelden var vi hos ei som jobba i ambassaden, og fekk med oss restematen dit. Vellykka 17.mai, sjølv om eg ikkje hadde bunad eller var heime.

Bunad bytta ut med kjole i år.
Bunad bytta ut med kjole i år.
Masse norske flagg som vi kunne låne når vi skulle gå i tog.
Masse norske flagg som vi kunne låne når vi skulle gå i tog.
Hipp Hurra!
Hipp Hurra!

Dagen etter var vi på kino på kvelden. Det var veldig gøy, og det var nesten ingen i salen, så ein kunne sitte der ein ville. Kjekt å vere på kino, koste meg veldig. Fekk kjøpt take away kaffe utanfor, så ikkje akkurat Afrika lenger. Eigentelg greitt, godt å vere litt turist og.

Før på dagen satt eg slik nokre timar. Bra start på ferien.
Før på dagen satt eg slik nokre timar. Bra start på ferien.

Dagen etter tok vi fly frå Lusaka til Dar es Salaam, Tanzania. Vart henta av taxien frå hotellet vi skulle sove på. Det var veldig greitt å sleppe å ordne med transport og alt der. Tryggast og enklast å gjere det slik. Så det gjekk veldig fint, han ordna og fergebilettar for oss til dagen etter. Dar er ein stor by, og den følast ikkje afrikansk. Veit ikkje heilt korleis dei følast. Hotellet var ok, hørte litt dårleg om det så hadde litt dårleg inntrykk då eg kom, men var ikkje så ille som eg hadde frykta. I gatene var det litt skummelt og, var advart om å ta opp telefon eller liknande for då kunne du bli tatt frå. Så gjekk med litt heva skuldrer og haldt godt om veska, men gjekk bra det og. Åt mat og tidleg tilbake til hotellet.

Fly over Dar, ein veldig stor by.
Fly over Dar, ein veldig stor by. Ser ikkje sånn ut på dette bilete, men i andre retningen så strakk det seg langt.
Utsikt frå taket utanfor rommet. Einaste bielta eg tok i Dar var frå her, ettersom vi var advart om å ta opp ting ute i gatene så turde eg ikkje ta bileter der. Får litt intrykk av korleis byen er frå bilete likevel. Trange gater, masse folk, lyd og rusk.
Utsikt frå taket utanfor rommet. Einaste bielta eg tok i Dar var frå her, ettersom vi var advart om å ta opp ting ute i gatene så turde eg ikkje ta bileter der. Får litt intrykk av korleis byen er frå bilete likevel. Trange gater, masse folk, lyd og rusk. Vertfall der vi var.

Så reiste vi med båt frå Dar til Zanzibar, Stone Town. Likte meg godt i Stone Town, fint. Masse bodar men alt for mange som masa. Lei av å bli prata til støtt, mozungos får ikkje fred!! så har blitt litt mindre hyggelig den siste tida. Like greitt. I Stone Town møtte vi igjen resten av jentene. Dagen etter så reiste eg og åtte andre nordover, og har no kome til Kendwa Rocks. Pruta oss ned i pris. Såg innom mange plassar å bu oppover og enda her. Det er ikkje turistsesong no, så det er veldig lite folk og stille. Så blir spennande å sjå kor det blir. Blir berre her nokre dagar før vi reiser nedover til aust. Denne dagen var det vertfall masse regn (er enno regnsesong på Zanzibar, ut mai), så håpar veldig på finevær framover. Har lyst å slappe av, sole meg og bade.

Bilete frå området vi bur i no. Har berre tatt bilete får når det har vore overskya eller regn her (som det har vore mykje av tida), men i morgon er det meldt bra. Så får prøve på eit solbilete då.
Bilete frå området vi bur i no. Har berre tatt bilete får når det har vore overskya eller regn her (som det har vore mykje av tida), men i morgon er det meldt bra. Så får prøve på eit solbilete då.

Pengane her er innvikla, så her kostar det fleire tusen for ting. Berre minibank i Stone Town, så det var litt rart å ta ut fleire hundre tusen i minibanken for å ha til ein del av turen vertfall. Ei lita flaske vatn kostar 1000 TZS. Så er veldig forvirrande, men blir vel vand med det. Har vore vekkskjemd med kwacha som er omtrent det same som ei norsk krone. Her er 1 NOK det samme som 279 TZS.

No i dag har det innimellom to – tre kraftige regnbyger og nokre dråpar utanom desse vore fantastisk. Dagen starta med herlig hotellfrukost og så soling på stranda, fått litt farge og fått bada. Endelig! Fekk den feriefølelsen eg har venta på, så det var deilig. Vi blir her til søndag er planen. I morgon er det meldt mykje betre vær, så det blir herlig viss det stemmer! Etterlengta ferie, og deilig å ha ein dag der eg ikkje flyttar på meg. Her er der den femte plassen eg søv på ei veke (Livingstone, Lusaka, Dar es Salaam, Stone Town og Kendwa Rocks). Så blir godt med nokon dagar på same plassen.

Lite nett den siste tida, og blir sikkert det framover og, men dette var vertfall eit lite livsteikn.

– Marthe