Soweto

Soweto står for South Western Townships, og er ein bydel i Johannesburg. Ein Township er enkelt forklart den delen av byen der dei svarte budde under Apartheid. I dag er det eit klart fleirtal av svarte som bur der, men også nokon kvite har flytta dit for å ta del i bydelens fellesskap. Vi budde på backpackeren «Lebo’s Soweto» i Soweto. Ein veldig fin backpacker med veldig hyggelig vertskap. Den er eigd av Lebo og kona Maria. Vi hadde overnatting og måltid inkludert i opphaldet vårt, og maten var fantastisk god. Ho som laga mat var også veldig hyggelig og snill, og vi fekk alle klem då vi reiste, sjølv om vi kun hadde vore der eit par dagar. Soweto var veldig fargerikt, eg likte meg godt der. I Soweto finn ein «Orlando Towers», to fargerike tårn som du kan hoppe strikk fra. Nokon av jentene eg reise med hadde tenkt å gjere dette, men då vi kom ned var det dessverre stengt på grunn av dårlig vær.

Continue reading «Soweto»

Kruger National Park

Eg får aldri nok av safari, så det å skulle til Kruger National Park var ganske spennande, ettersom det er kjent som ein av dei store og flotte parkane å reise til. Det var ein flott safari, og eg fekk sett alle dei fem store! Elefant, bøffel, løve, nasehorn og leopard. Var faktisk heldig og sjå to leopardar, om enn langt vekk og vanskelig å sjå – så har eg vertfall sett dei! og det var stort. Om eg har sett dei fem store kan likevel diskuterast, ettersom eg berre har sett kvite nasehorn, og det eigentlig er svart nasehorn som er ein av fem store. Eg ser likevel enkelt på det, og tek eit nasehorn for eit nasehorn. Så kan eg heller få sett dei på nytt igjen skikkelig dersom eg skulle vere heldig å sjå eit svart nasehorn ein gang.

Continue reading «Kruger National Park»

4 Day Kruger Tour

Vi hadde fire dagar med Kruger Experience framfor oss, den var booka gjennom Saltycrax. Før vi kom til sjølve Kruger National Park var vi å såg på Blyde River Canyon, der vi såg Lisbon Falls, Bourkes Luck Potholes, og God’s Window. Dette hadde nok vore ein enda finare opplevelse hadde det ikkje vore for det overskya og tåkete været; for det har eg sett på google i etterkant.

Continue reading «4 Day Kruger Tour»

Pilanesberg Nationalpark

Vi fekk og reise til Pilanesberg National Park då vi var på Felidae. Vi (eigarane) kjørte 7 timar – så snilt! – til nasjonalparken. Først var vi halve dagen på Sun City Waterpark,  som ikkje er heilt mi greie. Eg er ikkje noko glad i badeland, og vannsklier skremmer meg berre. Alle andre hadde det vertfall kjekt, så det var det viktigaste. Så satte vi kursen mot Pilanesberg og safari.

Continue reading «Pilanesberg Nationalpark»

Flytting av dyr, og «The Big Hole»

Dei var veldig flinke på Felidae å gjere det dei kunne for å få oss frivillige til å få så masse ut av Sør-Afrika opphaldet som mogleg. Vi gjekk ofte ute og spiste, og dei organiserte turar for oss. Vi fekk vere med å sjå flytting av eit nasehorn og sabel antiloper, var på safari i Pilanesberg Nationalpark, og vi var og såg «The Big Hole» i Kimberly.
Continue reading «Flytting av dyr, og «The Big Hole»»

To store og to små

Der var ein fullvaksen gepard på senteret, Chaka. Han var 6 år. Ein gepard kan springe opp til 120km/t, og kan gå fra 0 til maks fart på 3 sekund. Dei held ikkje ut så lenge, for kroppen blir fort varm. Ein vaksen gepard har også meir enn 2000 flekkar på kroppen, og dei er flekkete på huda også, ikkje berre pelsen. Klørne kan dei ikkje trekke til seg. Før var der to vaksne gepardar, Chaka og Thato. Thato var det første dyret dei fekk på Felidae, og var med på å starte opp senteret. Thato døde for eit år sidan, dei fekk aldri vite heilt grunnen til kva som gjorde det, men det var ein sjukdom ho var blitt smitta med. Gepardar har ikkje verdens beste immunforsvar, så etter denne episoden er det blitt mykje strengare på hygiene i kontakt med dyra. Spesielt gjeld dette turistar som kjem til senteret på besøk, og kan ha med seg smitte. Der var desinfeksjon til hender og skoa. Chaka gjekk vi ikkje inn til, ein kunne det før då Thato var i live, men etter ho døde har ikkje det gått. Slik er det også med Lilo (Karakalen), han var bestevenn med Thato, men etter ho døde har ein ikkje kunne hatt så mykje kontakt med han heller. Det er rart korleis sorg og lengsel (må vel vere det?) verkar inn på både mennesker og dyr.

Continue reading «To store og to små»

Arbeidet

Arbeidet vi gjorde på Felidae har gått i å forberede mat og dele den ut. Har og hatt diverse arbeid på garden; hakka opp semetgolv i ei innheining der ein skulle legge gras i staden, gravd hol og tetta igjen under gjerder, mala ein tilhenger, rydda vekk søppel og rot, rydda inne hos løvene, hjelpt til under tours kvar helg, og også når det var tours på kvaradagen, bygd innhegning ++. Det var godt å bruke kroppen, og veldig gøy å grave hol og hakke sement. Konstant vere full av sand og skit! Arbeidsdagane var likevel ikkje så lange. Vi starta å arbeide kl. 0700/0730 alt ettersom vi hadde mating den dagen eller ikkje (ettersom vi var så mange frivillige så rullerte dette), og haldt på til 13, då var det lunsj. Etter lunsj var det ofte for varmt til å jobbe. Så om det ikkje var noko småjobbar så vart det ofte med det. Så sant du ikkje hadde mating den dagen, då var det forbereding av den, og ha den klar til utdeling kl. 1630. Ein del av jobben vår var også å vere saman med dyra, så etter lunsj brukte vi ofte tid på dette.

Continue reading «Arbeidet»

Tau og Alex

På tide å vise fram hjerteknuserane, Tau og Alex, dei to utrulig flotte og fantastisk kule løvebrødrene. Dei er begge født på Felidae, men ettersom dei ikkje var født av alfahoa kunne dei ikkje bli i flokken. I tillegg har Tau og Alex ein medfødt sjukdom som går på beina deira og gjer at dei har vanskar med å gå. Dette har blitt mykje bedre og ein ser det ikkje så godt lenger. Alex har i tillegg panikkanfall og får daglig medisin for dette. Han hadde anfall ein gang under dei tre veken eg var på senteret. Eg såg ikkje anfallet, men det hadde vore interessant å sett korleis det føregjekk. Det som brukar å skje med han er at han på ein måte stivnar til, og så låser kjeven hans seg og han får vanskar med å puste. Han har heldigvis hatt ferre og ferre annfall, så det er flott.

Continue reading «Tau og Alex»

Felidae Centre – dyr eg ikkje hadde hørt om før

Har møtt litt nye dyr på turen, både i Sør-Afrika og Thailand, som eg ikkje kjente til fra før. På Felidae var det African Wild Cat, Karakal, Serval og Bat Eared Fox (på norsk oversatt til ørehund eller flaggermusrev) som var dei nye dyrenavna i vokabularet mitt.

Continue reading «Felidae Centre – dyr eg ikkje hadde hørt om før»